22 desember 2007

Femteplass!

Då er Førjulsturneringa 2007 over. Og Couzins enda på ein finfin delt femteplass!

Fredag var vi faktisk det første laget i heile turneringa som var vidare til sluttspelet, etter to strake sigrar. Kay Amund kom sterkt tilbake etter Afrika-pause i 2006 og scora allereie i første minutt i den første kampen vår. Den tredje gruppekampen enda med tap, likevel vann vi pulje F og var klare for åttandedelsfinale.

Til den kampen henta vi inn ei forsterking på topp, sidan ingen stolte på at eg skulle klare å finne nettmaskane. Mitt kjære søskenbarn Silje gjorde sjølvsagt som ho brukar å gjere når ho får spele med oss gutane - putta 1-0 og sendte oss vidare til kvartfinalen! Etter heroisk innsats tapte vi 1-0 mot laget som til slutt vart nummer to. Dermed blir det jul i Støbakk-slekta også i år, og vi gler oss allereie til Førjulsturneringa 2008 i Godøyhallen! :)

19 desember 2007

GOD JUL!

Jesus, du er verdens lys
og lyset det er sterkere enn mørket
Jesus, du er virkelig og sannheten er sterkere enn løgnen

Jesus det er bare du som redder
oss i fra fortvilelse og angst
Midt i motgang og i trengsel
Kommer du med liv
Kommer du med liv

Jesus, du er kjærlighet
og kjærligheten overvinner hatet
Jesus, du er verdens håp
og håpet, det er sterkere enn døden

(Tekst/melodi: Rudi Myntevik)

07 desember 2007

London, Marit&Irene og Rockeulven

Sist helg var eg på fotballtur/guttetur til London saman med Stig-Johnny, Kay Amund og Daniel.

Gutta boys samla frå heile verda (Godøya, Oslo, Melbourne) for å sjå Tottenham-Birmingham (møkkadommer!), Lord of the Rings-musikal (vanvittig bra!) og handle skijakker.

Bilde frå turen ligg ute på Facebook:
- link for deg som har Facebook
- link for deg som ikkje har Facebook

Onsdag starta desembermøteaksjonen på Godøy bedehus med Marit og Irene. Eg har allereie fått spele piano saman med "M2M" to gongar, rett og slett stort! Møta har vore veldig bra på alle måtar, ta deg ein tur eller ti til bedehuset framover!

Elles skal eg til Åheim og Follestaddalen i helga. Og underteikna drikk meir julebrus enn vatn for tida - endeleg er det desember :D

Heilt til slutt: Kjære NRK. Kan eg snart få sjå "Rock'n Roll Wolf" på TV igjen snart? Legendarisk bra film...

19 november 2007

Leir og fotball

I helga var eg på leir på Orreneset. Slitsamt, men gøy. For fleire detaljar, sjå bloggen til Cecilie, som debuterte som profesjonell leirleiar!

Den komande helga skal eg både halde andakt og spele sjølv under KRIK Fotballcup i Ålesund. Kondisen er like elendig som alltid, heldigvis fekk eg opp sjølvtilliten med storspel på Orreneset i helga - og så har eg fleire folk på laget som kan springe for meg...

Uansett - fotball er gøy, og til minne om Trond Kirkvaag oppfordrar eg alle til å sjå ein av mange herlege KLM-sketsjar - "Fotball for mygglag":

12 november 2007

Dansende papegøyer og talefeil

Kom over ei dansande papegøye her ein dag. Sjå og nyt!

Helga mi endte opp med mykje fotball (fotball i hallen, Premier League på TV, cupfinale på TV), film på storskjerm både her og der (lenge leve Mannsverk-kinoen og Gjøen-kinoen!) og litt farsdagfeiring før det heile vart runda av med brettspel og bibelgruppe. Ei maskulin og variert helg med andre ord, slettes ikkje verst!

Og så har eg funne ut at eg har hatt ein talefeil heile livet - som ingen har sagt frå om før no...der alle andre godøyingar seier "va" og "vakje", seier eg "vå" og "våkje". Som i "det våkje min feil", "det vå et sjukt bra mål" osv. Og det er til og med folk som har lagt merke til det, men aldri sagt noko til meg - før eg vart konfrontert med det og begynte å spørre folk kva dei seier. Sånn er livet...men eg har i alle fall rett, alle andre har feil :P

09 november 2007

Frihelg!

For første gong på lenge har eg fri i helga. Ikkje jobb, ikkje ungdomskveld på Godøya, ingen møte å spele piano på. I utgangspunktet veldig bra - men kva gjer folk vanlegvis i helgane? Kva gjer folk på fredagar og laurdagar?

For min del starta helga med fotball på hallen. Dum som eg er. Utrent, med dårlegare kondis enn nokon gong, møtte eg opp på Godøy A-lag si første innetrening for vinteren. Starta som keeper, vart sliten allereie før eg hadde bevegd meg ein meter og vart etter kvart dum nok til å spele ute også. Scora heldigvis eit par mål i starten, etter kvart enda eg opp som stilleståande og ekstremt ineffektiv spiss. Til alle som var på lag med meg: Unnskyld!

I skrivande stund ser eg på Idol. Har ikkje sett ei einaste episode i haust, så veit fint lite. Seinare på kvelden vurderer eg å stikke på fredagstreff på bedehuset - om eg får tak i bil. Min Mitsubishi med sommardekk er neppe lurt i kveld, med kvite vegar og minus i lufta...

Men kva skal eg finne på laurdagskvelden? Eg er veldig open for gode forslag, ta gjerne kontakt om du veit om noko eg burde få med meg. Eller går det an å berre sløve? På ein laurdag? Det blir spennande å sjå kva som skjer :)

05 november 2007

Oops...

Eg skal ikkje nemne namn, men partneren min under Pro-turneringa på Godøy-bedehuset var ikkje heilt glad etter at vi tapte finalen 3-2 laurdag.

"Ørjan" lurte heile forsvaret til "vigringane", runda keeper og skulle berre rette seg opp før han plasserte ballen i mål. Plutseleg var ballen på tribunetaket og kampen var over...omtrent som med Pondus (klikk på bildet for større versjon).

Med andre ord vart det andreplass på oss i turneringa, men eg kan likevel seie at eg er best på Godøya i Pro Evolution Soccer 6. Så får vi heller ta vigringane neste gong.

Elles i helga har eg vore på fredagskafé på Ellingsøya, basar på Gamlem, ungdomskveld på Godøya og storsamling på Godøya. Full fart, mykje moro, mykje kjekke folk. No blir det litt rolegare den komande veka - til helga skal eg til og med ha fri! (Kva er det for noko???)

16.-18. november er det forresten Ten-Treff på Orreneset. For deg som går i 8.-10. klasse. Stikk innom Ung Misjon sine leir-sider for meir informasjon og meld deg gjerne på! :)

01 november 2007

Sjuke japanarar...

Eg har sagt det før, eg seier det igjen - heia Japan!

29 oktober 2007

The Fast & the Flåklypa

Coming soon - to a theatre near you!

28 oktober 2007

Tøffare enn toget

Er det ein fugl?

Er det ein fisk?

Er det ein hund som kavar omkring ute på vatnet?

Nei, det er SuperNils, ute på årets siste (?) svømmetur utandørs.

For kva gjer du som leiar på leir når du klarer å skyte fotballen på vatnet, og alternativa er å enten låse ut ein kano eller hoppe uti?

Sjølvsagt valde eg det siste alternativet, tøff som eg er! Sjølv om det eigentleg er forbudt å bade i Brusdalsvatnet.

Men eg bada ikkje, eg svømte...uansett, eg fekk henta ballen, kom meg tilbake igjen og overlevde. Og det var faktisk ikkje så kaldt som eg frykta, kanskje 8-9 grader eller noko slikt? Anbefalinga er i alle fall soleklar - hiv deg på sjøen! :)

27 oktober 2007

Fotball og slikt

Torsdag fann eg ut nok ein grunn til at eg aldri vart ein god fotballspelar. Eg gir nemleg blaffen i laget mitt, berre eg gjer det bra sjølv...

Eg var på Student-KRIK på Høgskulen i Ålesund for første gong - men definitivt ikkje siste. Og eg scora mål. Faktisk opptil fleire. I fotball. Og då fann eg faktisk ut at eg vart meir glad om laget mitt tapte 5-1 og eg scora eit perlemål (eventuelt flaksemål for nøytrale observatørar) enn om vi vann 3-0 og eg ikkje scora. Sjukt og egoistisk, men slik er eg altså. Fotball er gøy, spesielt når eg scorar mål!

Eg trur ikkje eg jubla like vilt som Pondus på bildet eg har lagt ut (klikk på bildet for større versjon), men det gjorde eg definitivt under Førjulsturneringa i fjor. Gutteklassa i turneringa er allereie full no, det tok berre litt over ei veke å få 32 påmeldte lag. Så gøy er det å spele innefotball! Og no er det under to månader til Førjulsturneringa! Eg gler meg :D

Denne helga er eg forresten leiar på Haustleir på Brusdalsheimen. 26 deltakarar og ni leiarar er samla for å kose oss, herje og høyre om Jesus. Herleg, eller kva? Helga starta bra for min del, med knusande siger i "pappkasseleiken". Autografskriving på ungdomskveld på Godøya neste laurdag...

Og sist helg var det Pit Stop, ja. 70 bilde frå den store helga ligg ute på ungmisjon.no, klikk deg vidare for lekre bilde av for eksempel lovsongsteamet frå Godøya.

Pianisten ser ganske merkeleg og ekstremt konsentrert ut på bildet til høgre, men rykta vil ha det til at også han hadde det kjekt.

22 oktober 2007

Stressa?

Dei fleste får stadig dårlegare og dårlegare tid. Talet på timar i døgnet minkar stadig vekk, fleire ting skal gjerast og vips - du er stressa. Welcome to Planet Earth 2007!

Er vi flinke nok til å klare å sette oss ned innimellom, tenkje gjennom saker og ting og prøve å sette oss inn i andre sin situasjon? Svaret blir altfor ofte nei, men kanskje kan vi alle bli flinkare? Og kanskje kan eg prøve å ikkje vere så sint på alle treige bilistar som forsinkar meg i trafikken når eg allereie er seint ute...

18 oktober 2007

Ich bin ordförer!

Eg fekk meg ei aldri så lita overrasking då eg las Sunnmørsposten onsdag. Dei fleste hadde nok rekna med at Knut Støbakk vart gjenvald som ordførar, men plutseleg var det Nils Støbakk som fekk makta i Giske kommune.

Dei einaste som heiter Nils Støbakk er meg og onkelen min, Nils Ottar Støbakk. Så nå får vi krangle om makta i kommuna, men sidan eg faktisk vart oppringd av Sunnmørsposten for eit halvt år sidan då dei skulle ha tak i ordføraren...så reknar eg nesten med at det er meg det er snakk om?

Elles er det i Langevåg det skjer denne veka. Pit Stop startar fredag klokka 20, men for min del har det vore Pit Stop-arbeid heile veka. Som både lovsangsleder, teknisk ansvarleg og pressekontakt er det nok å henge fingrane i, men det meste ser ut til å vere under kontroll no.

Har du andre planar for helga? Gløym det! Kom til Langevåg bedehus og bli med på solide møter, spennande undervisning, interessante verkstad/seminar og konsert med Rudi Myntevik. Vi snakkast! :)

10 oktober 2007

Mr. Preacherman

Denne veka skal eg debutere som talar. Skikkeleg talar, altså - med fleire møte på rad og greier. Det er nemleg ungdomsveke på Valderøya, og utruleg nok så lurte dei på om eg ville ta meg ein tur. Noko eg tydelegvis sa ja til.

Torsdag og søndag klokka 20, fredag og laurdag klokka 21, det er dei magiske tidspunkta. Ta deg gjerne ein tur og kom med konstruktiv kritikk i etterkant. Og/eller ver med og be for meg, trur eg treng ganske mykje støtte frå "heimefronten" og han der oppe for å kome meg heilskinna gjennom dette her...

Neste veke er det også full fart. Då er det Pit Stop i Langevågen. Eg er både lovsongsleiar og har ansvaret for storskjermstyring/filming, så det er meir enn nok å halde styr på. Men det skal bli kjekt. Meld deg på og kom! Eller eventuelt berre kom, dette blir garantert ei helg som ingen bør gå glipp av!

Det blir med andre ord meir enn nok å henge fingrane i framover. Heldigvis har eg tatt det ganske med ro sidan Orrenesleikane, så forhåpentlegvis skal alt gå etter planen. Eller betre - som det ofte blir når du er på lag med den sterkaste :)

02 oktober 2007

Orrenesleikane 2007

28.-30. september var eg leirsjef på Orrenesleikane 2007 på Orreneset. 29 gutar og 27 jenter frå 10-12 år var samla for å ha det gøy og konkurrere i pilkast, bogeskyting, kubbekast, bryting og terrengløp. I tillegg var det fotballturnering og kanostafett.

Veret var strålande, med blå himmel og bortimot vindstille heile helga. Einaste gongen det kom litt vind, var då vi heiste flagget - men det passa berre utruleg bra!

Takk til alle som var med, vi hadde ei flott helg saman. Takk til leiarar, deltakarar, dei på kjøkkenet, Åsmund (bildet) som tok alle dei flotta bilda frå leiren, talar Ingrid som kom køyrande heilt frå Hordaland - og ikkje minst takk til Jesus. Når vi er på lag med han, då er vi på lag med den aller sterkaste!

Neste leir for denne aldersgruppa er haustleiren på Brusdalsheimen i oktober. Så er det Winter Games på Orreneset i februar. Vi snakkast, folkens! :)

Bilda frå leiren finn du her

27 september 2007

Jingle Boys

Onsdag fekk eg besøk av Sven Harald og Ruben i radiostudioet til Radio Sentrum. Eg måtte ha litt hjelp til å lese inn nokre reklamejinglar til Pit Stop, som skal vere i Langevåg 19.-21. oktober.

Gutta boys var småskeptiske til å høyre si eiga stemme på radio først, men etter kvart tok det av. Veldig. Og korleis vart resultatet? Kanskje ikkje ekstremt seriøst og alvorleg, men vi hadde det i alle fall sjukt gøy. Du kan høyre sjølv!

- Pit Stop 1: Tostemt plystring og koseprat


- Pit Stop 2: Rudi Myntevik vs Ruben Austnes


- Pit Stop 3: Vaksenversjonen med Marit og Irene i bakgrunnen

26 september 2007

Den Himmelske Mann

Tysdag var eg på møte i Pinsekirka Filadelfia i Ålesund, der det var stappfull sal og meir til. Folk sat på golvet i midtgangen og til og med ute i gangen var det smekkfullt!

På møtet, som var i regi av Asialink, var mellom anna Evie og Pelle Karlsson, to av dei mest populære kristne artistane her i landet på 70- og 80-talet. Og så Broder Yun, då. Eller "Den Himmelske Mann", som han vert kalla - sidan han har klart å kome seg unna dei kinesiske myndigheitene gong på gong. Yun er ein særdeles engasjert og modig mann frå Kina, som har både blitt fengsla og torturert fleire gonger på grunn av trua si. Men han har blitt helbreda. Og er frimodig som aldri før.

No bur Broder Yun i Tyskland, men reiser omkring i Europa og fortel om korleis dei kristne forsamlingane berre veks og veks i Kina. Og kinesarane har ikkje berre som mål å frelse sitt eige folk - dei har store visjonar om å sende misjonærar vestover, til alle dei unådde folkeslaga i Asia. Eller "tilbake til Jerusalem", som dei seier.

Eg skal ikkje skryte på meg at eg les så veldig mange bøker for tida, men for nokre år sidan las eg "Den Himmelske Mann", som er noko av det sterkaste eg har vore borti. Stikk innom Prokla Media eller ein bokhandel i dag og bestill deg eit eksemplar!

Christoffer såg også ut til å storkose seg på Fila, han skal få låne mi bok :)

Dagens bønneemne: Tenk om vi hadde klart å vere like brennande som dei kristne i Kina! Dei risikerer livet for å vitne om Jesus, kva har vi å tape?

21 september 2007

God helg!

Har du planer for helga? Her er i alle fall kva eg har tenkt å gjere 21.-23. september 2007:

- andakt og Playstation på ungdomskveld i Søvika fredag klokka 20 og utover
- spele piano på jubileumsmøte for Finnmarksforeninga på godøya laurdag klokka 17
- piano, synth og bordtennis på ungdomskveld på Godøya laurdag klokka 21 og så roe ned med Svisj-UNO utover natta
- øvingsdag til Pit Stop i Langevågen med lovsongsteamet søndag ettermiddag

Og så blir det vel litt anna også, tenkjer eg. God helg, bruk tida godt og kos deg! Som ein fin start på helga kan vi alle nyte denne herlege scena frå Tottenham sin siste UEFA-cupkamp. Ein ung ballgutt som kanskje ikkje heilt klarer å halde seg nøytral...

18 september 2007

Tør vi å stole på Gud?

"Men Anden openberrar gåvene sine hjå kvar og ein til det som er gagnleg. For éin får visdoms tale ved Anden, ein annan kunnskaps tale ved den same Ande, ein annan får tru ved den same Ande, ein annan nådegåver til å lækja ved den same Ande."
(1. Korinterbrev 12:7-9)

Gud har gitt oss menneske forskjellige gåver. Dessverre er dei aller fleste av oss ikkje klar over kva han vil med liva våre og/eller vi er for redde til å prøve oss fram og sjå kva gåver han har gitt oss. Onsdag til søndag var det møteveke på Alnes, med ein talar som har fått ei konkret gåve til å be for folk som har ein fot som er lenger enn den andre. Han legg hendene på foten det gjeld, ber i Jesus namn og så vert føtene like lange. Kvar gong!

På kveldsmøta onsdag, torsdag og søndag var det fleire som fekk strekt ut ein fot. Nokre hadde vore plaga med ryggsmerte på grunn av skeivheita, andre igjen hadde ingen problem - men ville berre undersøke likevel. Dette fekk vi spesielt demonstrert på ungdomskvelden laurdag, der ungdommar i hopetal kom fram for å bli bedd for - og gong på gong fekk vi sjå ein fot vekse. Alt frå nokre få millimeter til 2-3 cm. Og føtene kom ut - i Jesu namn.

Ifølgje denne undersøkjinga så har faktisk dei aller fleste menneske ulik lengd på føtene. Ikkje alle blir plaga av det, men det har vist seg at mange nakke- og ryggsmerter forsvinn når ein får "jamna ut" lengda på føtene. Skeivheiter i føtene forplantar seg ofte oppover når du står/går skeivt dag etter dag, år etter år. Det høyrast vanvittig ut, det ser heilt sjukt - men det skjer. Og det er ikkje noko ein mann presterer i seg sjølv, han lar seg bruke av Jesus og bruker gåva si til å hjelpe andre.

Det er garantert fleire som har gåver til å lækje (helbrede) enn vi er klar over. Men korleis kan vi finne ut? Jo, vi kan prøve. Vi kan be. Til Jesus. Vi er ikkje garantert noko svar, det er umuleg å forstå kvifor Gud gjer det eine og ikkje det andre - men kva anna kan vi gjere?

Skeptisk? Denne videoen blei filma i sommar, der mannen som var på Alnes ba for ein gut som hadde veldig ulik lengd på føtene og var plaga på grunn av det. Det er ikkje skummelt, det er ikkje farleg. Det er berre eit Guds under som vi kan glede oss over. Tør du stole på Gud?

15 september 2007

Trommeflytting 2007

Ei aldri så lita bildeforteljing til alle dei som måtte tru at det ikkje går an å ha det gøy mens du flyttar trommer. I dette tilfellet frå Godøy bedehus til Alnes bedehus, med ein ung mann ved namn Ruben Austnes i hovudrolla.

For deg som ikkje har Facebook: klikk her.
For deg som har Facebook: klikk her.

13 september 2007

Herleg musikkvideo

Sitat min gode venn Christian Bjørke i Vårt Land: "Denne videoen fra ungdomsgruppa i United Pentacostal Church på Grefsen i Oslo er nå sett over en halv million ganger."

Sett deg godt tilbake, skru opp lyden på pcen og nyt! Gud er god! :)

28 august 2007

Tilbake for fullt

20 dagar utan blogging? Slapt, Nils-Ove...slapt!

Eg kunne godt sagt veldig mykje om kva eg har gjort dei siste tre vekene, men vi får heller ta ei kjapp oppsummering og prøve å kome sterkare tilbake etter kvart:

10.-12. august var eg på elevstevne på Bildøy. Eg og dei andre i 01/02-kullet feira femårsjubileum og mimra blant anna med burgertur til Esso Loddefjord fredag kveld. Laurdagskvelden var eg sunn og åt pølse i staden.

14. august var eg tilbake på jobb etter nokre veker med nesten heilt fri. Søndag 18. august var eg talar på Orrenesstemnet saman med Kjell Furnes.

Fire unge damer frå Sykkylven tok også turen til Orreneset og sang nokre songar for oss. Og så fekk vi lapskaus! Mmm...

23.-24. august var eg med Borgund Folkehøgskule på bli-kjent-tur. Torsdagen var vi innom ishavsmuseet på Brandal, der rektor Willy fekk god kontakt med ein utstoppa sel. Så gjekk turen vidare til Kjeldsund og overnatting der, før vi reiste til Runde fredag for fjelltur, båttur og grilling av fisk.

Laurdag 25. august var det ungdomskveld igjen på Godøya, bilde frå den store dagen ligg sjølvsagt ute på ukveld.net. Tusen takk til Kathrine som laga nydeleg gryterett!

Måndag 27. august var eg og Trond-Vegard på MUSK-klubben og fekk inspisere dei nye lokala til Møre Ungdomsskule Herøy. Sidan eg har nemnt litt om mat i alle andre avsnitta, kan eg godt ta med at vi fekk frisk frukt på skulen og åt svele på ferga.

That's it, folks!

08 august 2007

I love Kristiansund

Tysdag var eg endeleg i Kristiansund for første gong i mitt liv. Stine og Kay Amund vart med som støttekontaktane mine, ein jobb dei klarte med glans!

På førehand advarte ganske mange meg om at Kristiansund var ein kjedeleg by som det var meiningslaust å besøke, men eg er glad for at eg trossa advarslane og tok turen. Kristiansund i 22 grader og sol er heilt fantastisk. Rett og slett ein veldig bra by, mykje finare enn Ålesund spør du meg. Mange plassar du kan ete utandørs, Burger King, ei gågate som faktisk både har butikkar og kundar +++

Årets reisetips er herved kåra: Kom deg til Kristiansund!

For bilde frå turen, som også inkluderte Atlanterhavsvegen, Trollstigen og Valldal - sjå albumet eg har laga på Facebook.

For deg som ikkje har Facebook: klikk her.
For deg som har Facebook: klikk her.

01 august 2007

Vanvittig bra!

Om nokon skulle vere i tvil - japansk TV må vere noko av det sjukaste som fins i heile verda! Eg har sjeldan flira så høgt og lenge som då eg såg dette klippet frå det populære programmet "Human Tetris" :)

26 juli 2007

Radiokongen

Då har eg sommarferie! I alle fall nesten...måtte inn på kontoret ein tur på torsdag for å lage til Ung Time til fredag. Det er altså dessverre ikkje direktesending, i tilfelle nokon skulle tru det. Men NESTEN direktesending :P

Uansett - det som er poenget med dette innlegget er at alle bør skru på Radio Sentrum fredagar mellom 15.00 og 16.00. Då er det nemleg Ung Time som herjar på frekvensen, med mykje feit musikk og litt anna snacks - som Kjetil sine linketips og slikt. Denne fredagen får du mellom anna ein sniktitt på Rudi Myntevik sitt nye album.

Om du skulle vere opptatt fredag ettermiddag, er det reprise natt til søndag mellom 03 og 04!

Og, ja - eg har det veldig gøy i studioet. Og syns i alle fall sjølv at eg ser ganske fancy ut med headset og slikt :D

18 juli 2007

Sommar på Sørlandet

Så er myta motbevist ein gong for alle - det er faktisk ikkje alltid sol og fint ver på Sørlandet om sommaren. Sjølv ikkje i Lyngdal!

Men humøret er likevel på topp på bibelcampen. Berre sjå på leirsjef Kenneth Foss, som har lært at det er viktig å kle seg etter veret :)

Tysdag fekk eg i oppdrag å gå ei runde på området og ta bilde av campen og folka. Paraplyen overlevde ikkje så veldig lenge i regn og sterk vind, men det var i alle fall gøy å vandre litt omkring og sjå på alle dei store sølepyttane og folk som rusla omkring i støvlar og shorts.

Og både eg og kameraet toler litt vatn, vi er jo sunnmøringar!

Fullt så kjekt var det ikkje då eg kom inn på rommet mitt tidlegare på dagen og oppdaga at eg hadde fått "svømmebasseng" på golvet. Takvindauget mitt stod nemleg så vidt på gløtt, men hadde opna seg gradvis meir og meir utover dagen og dermed blei det ganske så vått. Sånn cirka ti liter vatn måtte eg tørke opp, i tillegg til at halvparten av kleda mine var søkkvåte og måtte henge til tørk over natta...

10 juli 2007

Gutteleir og Lyngdal

Torsdag til søndag var eg leirsjef på gutteleir på Brusdalsheimen. Ti leiarar og 35 deltakarar var samla og fekk nokre fantastiske dagar med sjukt bra ver (opp mot 28-29 grader på det varmaste), solid forkynning frå Kjetil og mykje moro elles.

Nokre av bilda frå leiren ligg ute på Ung Misjon dått enno, men for dei som ikkje har tid til å sjå på alle bilda, kan eg ta ei kjapp oppsummering med nokre av dei viktigste punkta:

Perfekt teknikk er viktig i bogeskyting, gode fotballdommarar smiler aldri, alle tøffe karar brukar sykkelhjelm, potetball er nydeleg godt, grillpølse er ikkje så verst det heller og det er vanvittig kult med pokal og medaljar!

Og berre så alle er advarte: ikkje alle bilde frå leiren er like familievennlege...

Måndag reiste eg til Lyngdal, her skal eg jobbe i 14 dagar som ungdomsleiar for Ungdomscampen på Lyngdal Bibelcamp. Vi starta med kickoff-møte måndag kveld, utover i veka skal det bli både action, bibelundervisning, quiz og mykje meir! Med andre ord kan det bli ganske så gøy, sjølv om sommarveret på Sørlandet ikkje er fullt så bra som på Sunnmøre...

01 juli 2007

Bryllup og slikt

Laurdag var eg fotograf i bryllupet til Dag Filip og Merete - frå no av herr og fru Roaldsnes. Det heile starta med strykekvartett og mykje anna herleg song og musikk i kyrkja. Så åt vi god mat, kosa oss ute i det fantastiske sommarveret og hadde det kjekt saman, før brudeparet runda av det heile med å synge for gjestane.

Takk for den fine dagen, Dag og Merete - lykke til med livet saman! :)

Søndag blir det fjelltur for å trimme vekk litt av bryllupskakene. Torsdag til søndag skal eg på gutteleir og trimme vekk endå meir, og 9.-22. juli skal eg vere ungdomsarbeidar på Lyngdal bibelcamp og forhåpentlegvis trimme litt der også. Wehey!

28 juni 2007

Oppturar og nedturar

Den siste veka har vore ei veldig variert veke. Stort sett har det vore veldig bra, som for eksempel då vi feira Godøy-besta sin 75-årsdag på fredag. Full bedehuskjellar med familie og slekt er alltid veldig kjekt, spesielt når det er koldtbord med mykje god mat. Og forsyne meg klarte eg å snike til meg eit bilde med sjølvaste jubilanten og greier!

I tillegg har det vore mange andre oppturar - som jonsokfeiring, grilling, Svisj-UNO, Pride & Prejudice, smoothie og ostekake. Og så er eg endeleg knallgod i Pro Evolution Soccer igjen!

Likevel var alt anna ganske så uviktig då beskjeden kom sist torsdag om at Jetmund var død, berre 31 år gammal. Og i gravferda onsdag var det grusomt å sjå "tante" Erna og "onkel" Lallen ta farvel med yngstesonen sin. Men forhåpentlegvis får dei møte han att ein dag. Det er det vi kan trøyste oss med når nokon som er nær og kjær går vekk, at livet her på jorda er berre oppvarminga. Om vi tar imot Jesus - enten vi føler at vi klarer å tru eller ikkje - så har han opna opp vegen til eit evig liv heime hjå Gud.

Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.
(Joh 11:25-26)

Så kan vi likevel glede oss over alle dei gode tinga her i livet, sjølv om vi skulle få oss ein trøkk i trynet innimellom. Og så kan du hugse på kor viktig det er å planlegge som om du skulle leve her på jorda for alltid - samtidig som du lever kvar dag som om det skulle vere din siste. Berre Gud veit korleis morgondagen blir...men forhåpentligvis blir det ein fin dag :)

12 juni 2007

Livet er herleg!

Å vere leirsjef på minileir med 45 ungar frå 6-10 år var slitsomt, men utruleg gøy. Og så fekk eg både ta på meg ein parykk med mange fargar og ete pølse med brød!

For ikkje å nemne at eg endeleg fekk svele på ferga! Ti poeng til MRF!

Tysdag åt eg og mamma middag på Lyspunktet, beste kafeen i Ålesund. Tacoen der er berre heilt fantastisk, tusen takk til mudern som spanderte på meg - sjølv om eg jobbar på samme kontoret og plagar henne opptil fleire dagar i veka...

For å trimme vekk all den gode maten, tok eg meg ein tretimars spasertur på Godøya. I pøsregn. Så no verkar det det i heile skrotten, men på ein herleg måte :)

08 juni 2007

Heia Sykkylven!

Om nokon skulle vere i tvil: Det er i Sykkylven det skjer for tida!

Torsdag var eg, Anne, Kjetil og AG på Orreneset, der vi hadde teamsamling med mellom anna brannøving. Eg fekk endeleg prøve meg med ein ekte brannslange, noko eg sjølvsagt klarte til 20 i stil!

Tysdag var det avslutning for barne- og ungdomsnemnda til Sunnmøre Indremisjon. Vi såg litt på Sykkylven bedehus, der det skal vere krinsårsmøte 15.-17. juni.


Og så grilla vi utanfor. Elling og Lakris viste seg som ekte mannfolk og tok seg av grillinga på ein ekte eingongsgrill - sponsored by underteikna. Eg stilte med grill, dei grilla. Grei deal!


Jeanette og Gunhild dekka på bordet og såg ut til å kose seg ute i den varme og herlege sunnmørssola. Det løner seg å involvere seg i misjonsarbeid :)


Kjetil var - som vanleg - referent på BUN-møtet. Og ein ekte referent i 2007 har med seg datamaskina, enten han er inne eller ute!

Laurdag og søndag skal eg forresten på minileir. På Orreneset, sjølvsagt. Og forhåpentlegvis klarer eg snart å kome meg med "Rauma" i opningstida til kafeen ombord, møkkaferja "Ivar Aasen" er berre rett og slett meiningslaus. Gje meg ei svele!

04 juni 2007

Dagens tips: bibelskule

Usikker på kva du skal gjere til neste år? Kva med bibelskule? Mange flotte skular der ute som kan lære deg utrulig mykje nyttig, både om det å vere ein kristen og å bli betre kjend med Bibelen. Og så får du venner frå heile landet - ja, kanskje til og med frå andre land.

Mange gode skular som sagt, men ein som sjølvsagt er mykje betre enn alle andre - Bibelskolen Bildøy Bergen!

Anbefalast av ein ekte slask, som forresten er femårsjubilant til hausten. Tjohei! :)

30 mai 2007

It is done!

Då har endeleg gjort det som store delar av befolkninga på Godøya har gjort kvar dag sidan 14. desember 2006 - eg har jogga/gått gjennom den fantastiske Alnestunnelen!

Tusen takk til alle som har vore med og støtta meg gjennom den lange og farlege ekspedisjonen, som vart krona med å gå skogen frå tunnelopninga og tilbake til Leitebakk. Utan å signere på dei to postane i skogen, ifølgje sikre kjelder er det nemleg kun postane på Godøyfjellet som gir ære og berømmelse...

28 mai 2007

Frihelg

Denne helga hadde eg fri frå jobb. Dermed blei det ganske travelt, for no skjedde tydelegvis alt på ein gong. Men viktigast av alt: Eg vaska endeleg bilen min, for første gong på lenge! Og Ruben fekk vere med i ein vaskehall for første gong, veldig stort for unge herr Austnes, som feira med krem og lang skei på Lyspunktet saman med Sven Harald.

Fredag kveld var det konsert med Rudi Myntevik i Giske kyrkje. Ein herleg akustisk konsert frå vanlegvis litt meir rocka Rudi. Det blir forresten intervju med han i neste Ung Time, fredag klokka 15!

Etter konserten stakk vi til Lyspunktet for litt mat og snacks. Marta og Edvard kosa seg med kakao eller noko slikt, Ruben og Sven var mest opptatt av lang skei og krem. Og så var der eigentleg ein konsert med nokre sære tyskarar, men vi stakk ganske kjapt etter at den konserten starta. Og vaska bilen i staden, noko alle satte stor pris på.

Laurdag var det bryllup, Linn og Stein-Arne fann ut at det var på tide å gifte seg. Heldigvis ville dei ha hundrevis av flotte bilde frå den store dagen, dermed blei det dress, slips og mykje mat på meg. Eit bryllup om dagen er fantastisk godt for magen! :)

Søndag kom Lidvar på besøk for å inspisere leiligheita mi, trur ho blei halvvegs godkjend av ein seriøs ingeniør frå Bergen/Herøy. Så fauk eg innom Trond-Vegard og snylta litt snop frå Iris, før eg stakk heim til meg sjølv og spelte Playstation utover natta. Fredag hadde eg nemleg vårreingjering i ein halvtime, dermed kunne eg ha folk på besøk både fredag, laurdag og søndag kveld/natt/morgon. Tjohei!

24 mai 2007

Lys og salt

Kvardagskristen vil eg vera,
Syn for segn det krev Guds ord.
Samklang mellom liv og læra
Det er himmelsong på jord.
Som den djupe fjord kan greia
Spegla himlen høg og blå,
Skal ein kvardagskristen spreia
Festglans kring det kvardagsgrå.


Finalen i Champions League var rimeleg kvardagsgrå, men Kaka klarte i alle fall å spreie litt festglans etter kampslutt. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko... :)

20 mai 2007

Smoothie og slikt

Laurdag kveld var eg på Ulstein bedehus, der Adventura/IUF held til og har ungdomssamling kvar laurdag. Nyoppussa hus, veldig stilig!

Kveldens høgdepunkt var utan tvil den nydelege jordbær-smoothien eg kjøpte i kiosken der. Fantastisk! Gløymde forresten å ta bilde, men den du ser til høgre er ganske lik - berre at på Ulstein bedehus får du to sugerør!

Fredag var eg på Emblem, der eg åt pizza, chips og bananasplit. Og så hadde eg sjølvsagt andakt både der og i Ulsteinvik, det var ikkje kun maten som lokka - sjølv om god mat og drikke sjølvsagt er ein viktig del av jobben i misjonen :)

Forresten - for dei som måtte lure på kvifor eg har eit Idol-bilde av meg sjølv som profilbilde på bloggen: http://www.stoebakk.com/nos/cv/idol.pdf

18 mai 2007

Bunad for alle penga!

17. mai er så vi så gla' i. I alle fall 17. mai på herlige Godøya med sol og mange kjekke folk. Og ikkje minst ein veldig kjekk Nils-Ove i sin sunnmørsbunad anno 2006. I toget slo eg meg saman med Anders, som 17. mai-debuterte med sin bunad. Ekte øyakarar med bjørketre i bakgrunnen, kan det bli betre?

Daniel hadde også pynta seg på nasjonaldagen. Og kva passar vel betre til norske flagg og dressjakke enn drakta til Tottenham for sesongen 2006-2007? Danny har stilen inne, ingen tvil om det!

16. mai var det forresten bilrebus med heile 28 lag. Og alle overlevde i år også, sjølv om nokre (valderøyingar) klaga på at rebusane mine var for vanskelege. På ukveld.net kan du lese litt meir om kven som vann og ikkje. Det var i alle fall kjekt, og også veldig bra at mange kom på ungdomskvelden før rebusen også! :)

Men tilbake til 17. mai. Av ein eller annan grunn var eg visst festtalar på folkefesten i Godøyhallen, og då måtte eg sjølvsagt ta bilde av meg sjølv på talerstolen med alle folka i bakgrunnen. Det var litt mørkt i hallen, så folka i bakgrunnen viser ikkje så veldig godt - men dei er der. Og dei oppførte seg fint, eg overlevde utan altfor mange varige men.

Mykje kan seiast om 17. mai, men eg oppsummerer dagen med følgjande visdomsord: Bunad er flott. Spesielt på jenter. Men også på oss karane. Gler meg allereie til neste år :)