19 april 2007

Gal kommentator

Å vere fotballkommentator i Spania er ganske enkelt. Du berre ropar "GÅLLGÅLLGÅLL" i nokre minutt etter kvar scoring, så går resten av seg sjølv. Men Messi scora eit fint mål, det skal han ha!

17 april 2007

Grovbrød og brunost og slikt

Ut på tur er veldig bra, men ingenting er som å kome heim til sunnmørsk sol, nydeleg natur, min eigen bil med rattet på rett side og ei nystøvsuga leiligheit. For ikkje å snakke om skikkeleg grovbrød med brunost på eine skiva, leverpostei på den andre og iskald Tine-melk!

Det er godt å vere heime igjen :)

Margrethe såg også ganske glad ut då vi kom til Vigra på søndag. Christoffer vart litt skeptisk då han såg kameraet, men stilte opp til fotosession i ti sekund før han stakk på rånetur med lillesøstra mi.

Eigentleg skulle han vel hatt bank, men eg er altfor snill...

Siste kvelden i Auckland var forresten ganske kul. Eg, Stig-Johnny og Margrethe tok turen til Spookers, ein "fornøyelsespark" (fann ikkje noko betre ord) som opnar klokka 20 på kvelden og har både spøkelseshus, ein skummel skog, labyrintar og andre gåsehudframskapande ting.

Men alle saman overlevde og vi kom oss vel heim. Og måndag kom til og med bagasjen. Berre eitt døgn for seint. I Sydney måtte vi vente 1 1/2 døgn, så Qantas og British Airways sin service blir stadig betre.

13 april 2007

Geiping, geiping og Amanjeet

Dei siste dagane har vi vore i Auckland, med litt dårlegare ver enn vi har hatt hittil på turen. Shortsane er pakka ned i koffertane og skal ikkje brukast meir før vi kjem heim igjen til solfylte Sunnmøre. Om då bagasjen kjem fram, det kan bli spennande å sjå...

I bildegalleriet ligg det no ute ein del nye bilde frå den siste veka. Blant anna ei geipande kyr!

Måndag spelte vi golf, tysdag gjekk turen til den vulkanske byen Rotorua - der vi fekk sjå endå meir newzealandsk geiping.

Torsdag var det tid for å besøke Kelly Tarlton's Underwater World, eit akvarium i Auckland som vi besøkte for første gong i oktober 1990. Haiane såg mykje større ut då...

Mitt høgdepunkt denne veka var utvilsomt onsdag - då vi besøkte Amanjeet, ein gammal klassekamerat frå Te Kowhai. Han har vore far i berre fire månader og fekk mange gode tips frå meg - som tross alt har hatt katt heilt sidan juli/august!

Laurdag deler vi oss opp igjen. Stig-Johnny reiser til Melbourne for å gjere lekser, resten set kursen mot Godøya. Borte bra, men heime suverent best. Det har vore kjekt på tur, men no skal det bli godt å kome heim igjen :)

10 april 2007

New Zealand!

Då kjem endeleg ei ny oppdatering etter heile fire dagar utan internett! Kort oppsummert så har kveldane utan nettnørding vore omtrent slik:

Nils-Ove og Janne har lest ferdig kvar si bok, Stig-Johnny har veksla mellom skulearbeid og Starcraft, Margrethe har sett på Gilmore Girls på maskina si og Oddbjørn har sovna framføre tv-en. Men vi har faktisk overlevd utan nett, sjølv om vi reknar med at dei mange nysgjerrige lesarane heime i kalde Norge har hatt mang ei søvnlaus natt utan å vite kva som skjer her nede på andre sida av jorda...

No er vi på ein internettkafé i Rotorua, byen med alle dei varme kjeldene, gjørmebad og ein og annan geysir. Har dessverre ingen bilde frå dagen i dag, men det ligg ute ein god del bilde frå helga på Picasa-albumet. Mellom anna har Nils-Ove truffe på "gamle" medstudentar frå Gimlekollen, vi har vore på gamle tomter og har til og med sett ein ekte isbil!

Måndag stakk karane på ei nydeleg golfbane og gjekk på kryss og tvers i timesvis på jakt etter ballar i buskar og kratt. Margrethe og Janne ville heller sløve på motellet og kose seg under den varme haustsola på New Zealand. Tysdag har vi som sagt vore i Rotorua, kva vi skal gjere framover er litt usikkert foreløpig. Men vi satsar i alle fall på å vere i Auckland-området, så får tida vise om vi er modige nok til å teste Sky Tower...

PS! Takk til alle som har kommentert på bloggen, må berre beklage at vi ikkje alltid har hatt tid til å svare på alt. Men lykke til med snø, slaps og alt anna der heime i Norge. Søndag kveld er vi heime igjen :)

05 april 2007

Roadtrip x2

Både onsdag og torsdag lånte vi bilen til Stig-Johnny og stakk på biltur. Pappa køyrde i starten, men etter kvart tok eg over kommandoen og råna omkring på australske vegar som om eg skulle ha køyrd på venstresida heile livet.

Automatgir er kjekt å ha...

Onsdag reiste vi sørover frå Melbourne, til ei øy som heiter Phillip Island. Mest kjend for pingvinane som kvar kveld ruslar over stranda og opp til hekkeplassane sine. Vi kjøpte billettar, sat ute og fraus i to timar og fekk sjå nokre små flokkar med minipingvinar som tusla seg sakte, men sikkert oppover stranda. Det var verken lov å filme eller ta bilde "fordi pingvinane kunne verte skremde", så vi kan dessverre ikkje dokumentere at vi var der. Men det var heilt åkei. Litt skuffande ut frå kva vi forventa, men heilt åkei. Og pappa fekk litt frisk sjøluft.

Torsdag gjekk turen austover, opp i "høglandet" nær Melbourne. Vi vurderte først å reise ein tur med eit gammalt lokomotiv, men såg prislista og fann ut at det var nok å ta bilde framføre toget attmed konduktøren og stasjonsmeisteren.

Så manøvrerte vi oss opp på Mount Dandenong (ca 633 m.o.h.), der vi hadde fin utsikt over Melbourne og områda rundt, før vi reiste tilbake til byen og plukka opp Stig-Johnny.

Han bladde opp i Yellow Pages og fann ein meksikansk restaurant der vi åt den siste middagen vår i Australia. Fredag flyg vi søraustover til New Zealand og Hamilton, byen der vi budde frå juli 1990 til mai 1991 og ei stund i 1993. Mamma har hatt kontakt med nokre av venninnene frå då, forhåpentlegvis klarer vi også å treffe på nokre av kompisane våre frå "gamle dager". Og så må vi nesten prøve å finne ein plass å vere med på gudsteneste/møte søndag, som faktisk er første påskedag!

God påske alle saman, nyt høgtida og hugs at påske handlar om mykje meir enn ski, snop og påskeharar. Jul er berre oppvarming, det er i desse dagar det viktigaste skjedde for om lag 1970 år sidan! :)

03 april 2007

Christoffer 2

Sidan kjærasten til Margrethe er ute på sjøen i Norge ein plass, gjer ho som ho vil. Då vi var i Sydney, fann ho ein lekker folkemusikar som ho flørta vilt med.

Som første nettavis i heile verda kjem supernils.blogspot.com no med dei avslørande bilda frå den store hendinga. Eller i alle fall EITT bilde.

Meir om den lokale helten og musikken hans får du i den fantastiske Australia-filmen, som Margrethe skal lansere på ein TV-skjerm nær deg så fort vi kjem oss heim til gamlelandet!

Stadion, shopping og sløving

I dag delte vi oss opp for første gong på turen. Eg og pappa hadde mest lyst til å sjå oss om på Melbourne Cricket Ground, dermed gjorde vi det. Og fekk 1 1/2 time med interessant omvisning på ein gigantstadion med plass til 100.000 tilskodarar!

Vanlegvis er det cricket og AFL (australsk fotball, sjuk blanding mellom fotball og rugby, fotball og mykje anna - med 18 spelarar på kvart lag) bana vert brukt til, men innimellom er det også rugby og "skikkeleg" fotball her. Og i 1959 hadde Billy Graham møteaksjon på fantastiske Melbourne Cricket Ground.

Damene stakk på shoppingtur, noko Margrethe sjølvsagt sette stor pris på. Ho kjøpte seg nye kjolar, ein genser, ei jakke, støvlettar, smykke, armband, øredobbar og eit sjal!

Og etterpå kunne ho slappe av på ein kafé og vere ganske fornøgd med dagen.

Mamma var mest fornøgd med å ta bilde av alle dei fine bygningane i Melbourne. Og etter nokre timar med rusling i bysentrum, var det godt å setje seg ned i sola og nyte det fine haustveret.

Så kom Stig-Johnny og henta oss med den råe, blåe bilen sin. Den stakkars studenten tok seg tid til ein souvlaki saman med familien, før han køyrde oss heim og returnerte til puggebøkene sine.

På føremiddagen og kvelden tok vi det forresten heilt med ro, for dei som måtte lure. Det er jo påskeferie! :)

02 april 2007

Lillebror, dyrehagen og slikt

Laurdag vart Stig-Johnny 24 år, søndag feira vi bursdagen på ein italiensk restaurant i Melbourne. Han og mamma runda av med kvar sin kopp med kaffi mocca, noko begge såg ut til å sette stor pris på.

Elles er det greitt å ha ein kjentmann i byen med bil. Brudern sin Daewoo Landos Sport 2000-modell med automatgir funkar fint i ein by med omtrent like mange bilar som folk. Søndag kveld tok vi ein biltur til Deakin University, den vesle skulen til S-J med berre litt over 32.000 studentar.

Måndag var vi i Melbourne Zoo, ein diger dyrehage med mange artige dyr og fuglar. Og til slutt runda vi av med taco i leiligheita vår på Hawthorn Gardens.

Kva skal vi så gjere dei neste dagane i Melbourne? Tja...time will show! :)

- Hillsong (4 bilde)
- Melbourne Zoo (13 bilde)

01 april 2007

I'm alive!

Først var Margrethe sjuk. Så vart ho frisk. Så vart pappa sjuk, før også han vart frisk. Fredag var det min tur, så dei siste dagane har eg ikkje vore i form til å oppdatere bloggen. Men no er eg tilbake, og advarer alle om at det vil kome mykje meir her dei neste dagane!

Sidan sist oppdatering har vi mellom anna vore på Manly og bada. Stikkord: strålande sol og varmt vatn. Margrethe og pappa har vore på Imax i Sydney, visstnok verdas største kinoskjerm. Og laurdag var vi på møte i Hillsong. Dei største møta er visst på søndag, laurdag var det berre "småsalen" som var open, med plass til om lag 1500 folk...

Søndag kom vi til Melbourne, der Stig-Johnny tok oss med på ein italiensk restaurant med kjempegod mat og enorme porsjonar til prisar laaangt under det vi er vande med i Norge. Elles bør alle glede seg til vi kjem heim og Margrethe kan distribuere den fantastiske filmen "Stoebakk Family Freakshow Roadtrip 2007"! Ha ei fin veke :)

PS! Tusen, tusen takk til Kristoffer Godø (son av Jorunn og Vidar, for dei som måtte kjenne dei), som var kjempegrei og stilte opp som guide i Hillsong!