26 januar 2010

Godt nyttår!

Betre seint enn aldri, eller...?

Eg har eigentleg hatt veldig god til å blogge no i januar, men eg har rett og slett gjort såpass lite at eg ikkje har hatt noko å blogge om. Roleg nyttårsferie, med nokre få arbeidsdagar innimellom og mykje sløving. Pluss fotballtrening ein gong eller to i veka, denne sesongen vert det sjuarfotball på B-gjengen.

Men LITT har jo skjedd sidan sist. 2009 vart avslutta med ein heidundrandes IUF-fest og nyttårslovsangsfest, før Godøy og Alnes IUF sparka i gong det nye året med ungdomskveld 9. januar. Slengjer med nokre bildegallerilenkjer, så alle kan sjå kor kjekt vi har det!

Laurdag 16. januar hadde eg ein fantastisk arbeidsdag for Sunnmørsposten. Då var eg på Ørskogfjellet, der eg testa både airboard og stemninga i langrennsløypene. Kvit vinter på Sunnmøre må vere noko av det beste i heile verda!

Og snart skal eg få endå meir vintermoro. Til helga (29.-31. januar) er det Treff Et TreOrreneset og Strandafjellet. Vi blir ein heil bøling frå Godøya som skal innover, forhåpentlegvis kjem det nokre frå andre plassar også :)

Elles har eg vore pianist på fengselsgudsteneste, vitne- og lovsangsmøte, andakt på aldersheimen, korøving kvar mandag, barnemøte og Vestborg-møte. Og laga litt filmmusikk. Så omtrent sånn der har du januar 2010 for min del. Ein roleg start på det nye året, med mykje moro og lite arbeid. Så blir det kanskje litt annleis i februar? Eller ikkje...eg skal i alle fall på Bjorli på koret sin årlege skiweekend, i tillegg til nokre dagar i Oslo og ein snartur til Kongsberg.

Snakkes plutselig!