17 juni 2010

Sjuk berg- og dalbane



Tysdag kveld testa eg og Jonas ut "New York New York Roller Coaster", berg- og dalbana til hotellet New York New York i Las Vegas. Vi fekk dessverre ikkje ha med oss kamera på turen, men det var omtrent like sjukt som du ser på videoen over. Berre at med oss var det kveld, altså mørk himmel over oss og milliardar av blinkande lyspærer under oss. Og bilar i gatene. Og to hylande sunnmøringar som absolutt ikkje angra på "investeringa" til $14.

Som Jorunn Stiansen ville sagt det: SINNSSJUKT BRA!

14 juni 2010

Begravelsesstemning

Søndag kveld skulle eg og Jonas eigentleg til ei gospelkyrkje med ein pastor som heiter Michael E. Jackson. Sjølv om vi faktisk klarte å finne fram til rett adresse, var det ingenting som skjedde der - så då stakk vi heller innom ei anna kyrkje i same gata. Vi trudde at det var ein heilt vanleg søndagskveld - men så viste det seg at vi faktisk rota oss borti ei minnegudsteneste!

Mora til pastoren døydde for ikkje så lenge sidan og vart gravlagd i North Carolina. Men sidan ho var aktiv i Word of Life Christian Center, arrangerte dei ei minnegudsteneste til ære for "Miss Lannie". Og her var det ikkje snakk om sørgjesong! Denne søndagskvelden var ein festkveld til minne om den nesten 93-årige og tydelegvis veldig frimodige dama, som vi fekk møte så vidt gjennom eit vitnesbyrd på video. Lannie vart kristen som 14-åring og hadde visst gjort inntrykk på alle ho traff på gjennom sitt lange og innhaldsrike liv.

Eg og Jonas var tydeligvis på feil plass til rett tid, for dette vart litt av ein kveld. Humor, vitnesbyrd, ei solid preike og rungande salmesong vart avrunda med invitasjon til forbønn og mildt sagt god stemning. Du kan jo sjå sjølv:

13 juni 2010

Skating og Skjong

Då har vi vore i USA i over ei veke. Kanskje på tide å oppdatere bloggen litt?

Dårleg med fotografering for min del hittil, har berre blitt ein dag med kamera på Venice Boardwalk og nokre potensielle reisereportasjar her og der. Skal slenge ut meir på sikt, men har i alle fall eit par videosnuttar filma med den fantastiske mobiltelefonen min!

På Venice Skatepark kom eg over ein pjokk på seks-sju år som var minst like god på brettet som alle andre der - sjølv om dei fleste andre var rundt 20 år og dobbelt så høge som Asher Bradshaw, som guten visstnok heiter. Her kan du sjå ein YouTube-video med stortalentet. Den neste Tony Hawk? Min video er ikkje akkurat HD-kvalitet, men beviser i alle fall at eg var der og såg Asher i aksjon...



Den andre videoen min er eit journalistisk mesterverk. No er vi i Las Vegas, laurdag kveld tok vi leigebilen og råna ein tur til The Strip, hovudgata i Vegas. Der fekk eg eit eksklusivt intervju med sjølvaste Stig Kjetil Flem og Jonas Roald Nordstrand!



For fleire bilde og hyppigare oppdatering frå USA-turen, sjå Kristine sin blogg.