27 april 2010

Den store dugnadsdagen

Laurdag 24. april var visst den store dugnadsdagen på Godøya våren 2010. Sjølv starta eg dagen med å trakke/planere idiotiske hjulspor på grasbana til Godøy IL.

Forhåpentlegvis skal bana vere sånn passeleg flat til dei første heimekampane neste veke...

På bedehuset var det vaskedugnad, eg skal ikkje skryte på meg å ha gjort så veldig mykje der. Men eg tok i alle fall av meg dei moldete skoa då eg skulle inn med litt musikkutstyr, så det vart i alle fall ikkje skitnare etter mine tre minutt innom den dugnaden!

Så var det den o store Støbakk-dugnaden, med Christian og diverse onklar i hovudrollene. Eg fekk også leika litt bygningsmann i eit par timar, med vatring og blyantstreking som min store spesialitet, i tillegg til å vere ein glimrande plankehaldar i sagavdelinga.

Pompel og Pilt - eller Nils Ottar og Christian, om du vil.

Besta skal få ny hybel i kjellaren - omtrent slik skal inngangspartiet sjå ut. Ketil og Jan tok seg av arbeidet i høgda.

Også Mats ville hjelpe til litt.

Til og med barndomsheimen min er i endring. Mamma er i ferd med å fjerne tapeten på stua, snart skal ho ha seg nytt kjøkken og greier!

"The white arch" - avskilta etter 26 års teneste...

15 april 2010

Ikkje alle kan vinne...

Må berre legge ut ein filmsnutt Kay Amund anbefalte. Nokre gonger kan det vere lurast å berre bite tennene saman og gjere det beste ut av situasjonen...hehe :)