01 desember 2009

Turbilde, spelekveld og julebrus

Ja, då er eg altså heime igjen. Har hatt så mykje å gjere dei to siste vekene at blogginga har blitt nedprioritert. Men eg, Kay Amund og Lidvar overlevde altså Sør-Amerika 2009, og no har eg til og med lagt ut ein del bilde frå turen på Facebook. Klikk her for å sjå oppsummeringa frå turen vår.

Som du ser til høgre, varta Per Oddvin opp med skikkeleg norsk kveldsmat då eg og Kay kom til Oslo. Det skal berre tre veker i utlandet til før norsk grovbrød og leverpostei kjem aller øvst på matlista. Grovbrød to the people!

Før eg reiste vidare frå Oslo, fekk eg med meg ein spelekveld saman med Bjørnar og Terje. Vi mimra tilbake til då vi budde i Trymsvei 12C i Kristiansand skuleåret 2004/2005, laga trønderpita til middag og rakk å spele både Settlers og Carcassone.

Som på ein ekte spelekveld for gutta boys, vart det brukbar stemning etter kvart. Det vart dessverre ikkje slåsskamp, men det er alltid gøy å spele attmed folk som hatar å tape. Sjølv vart eg nummer to i begge spela, nesten brukbart med tanke på jetlag og tynn luft i Terje sin kåk i 19. etasje i ei vaskekte Oslo-blokk.

Så har det plutseleg blitt desember og årets julebrussesong har endeleg starta! Presis 00.00 tysdag 1. desember spretta eg den første glasflaska med raudglinsande sukkervatn frå Hansa, fleire skal det bli i løpet av dei neste 31 dagane...god advent!

14 november 2009

Machu Picchu og marsvin

Dei ponchokledde sunnmøringane helsar frå høglandet i Peru! Onsdag var vi på Machu Picchu, den fantastiske fjellbyen som inkafolket bygde for lenge sidan - og som spanjolane aldri fann.

Dessverre var det ganske sunnmørsaktig ver akkurat den dagen, med skodde og regn, men vi overlevde. Og med ganske godt humør, til og med. Vi fekk ikkje fantastisk flotte bilde denne gongen - men forhåpentlegvis vert det betre neste gong eg skal opp på Machu Picchu!

Elles er vi tilbake i Lima no. Her skal vi vere til søndag, då går reisa nordaustover til Norge. For min del vert det Oslo eit par dagar først, før eg satsar på å reise heim onsdagen slik at eg får eit par netter i eiga seng før IUF-weekend på Orreneset.

No skal vi på kino og sjå 2012, så eg kan dessverre ikkje skrive så veldig mykje. Men fortvil ikkje, rett nedanfor denne teksten finn du eit knippe lekre bilde frå dei siste dagane.

Machu Picchu

Populært boyband ute på turné (eg kjøpte CD!)

To snakkande papegøyer, Polly til venstre.

Dalai Lama?

Machu Picchu igjen


 
Peruansk delikatesse - heilgrilla marsvin!

09 november 2009

Aerlighet varer lengst...eller?

Maa berre gjengi ein ganske spesiell samtale, henta fraa Cusco sentrum. Vi vart oppsoekt av ein solbrilleseljar med eksepsjonelt lave prisar...

Solbrillemannen: Very cheap sunglasses, real brands for one sol (to kroner)!

Kay Amund: They have to cost more than that.

S: No, no, only one sol, very good!

K: You should take ten soles, then maybe someone would buy them. That cheap sunglasses can't be real?

S: Yes, they're stolen!

Yellow Kid på jungeltur

Då er vi tilbake i Lima ein snartur for å kjøle oss ned etter nokre varme og klamme dagar i jungelen. Det vart ikkje alligatorar, men vi fekk i alle fall sjå både rosa delfinar, artige fuglar, indianarar, blåserør, apekattar og digre slangar!

Sjølv fekk eg tilnamnet "The Yellow Guy" i Iquitos, forklaringa ser du på det lekre bildet til høgre. Støvlane fekk eg låne, t-skjorta var medbrakt frå Norge. Litt reklame for Lyngdal Bibelcamp høyrer med, til og med langt inne i Amazonas-jungelen :)

No går reisa vidare til Cusco og Machu Picchu. Mellom jungelen og fjellturen har vi berre nokre få timar og ei kort natt i Lima, så det vert ikkje så mykje tekst denne gongen. Du får heller sjå sjølv litt av det vi har opplevd i Peru dei siste dagane:















05 november 2009

Hola!

Då er vi på plass i Peru, landet der inkaane og Francisco Pizarro har herja før oss. No er det señorita Stine som er sjefen her i landet. Vi var til og med så heldige at ho kom og henta oss på flyplassen, før vi fekk vere med henne på jobb. Stine har praksis på eit senter der fattige barn får leksehjelp, litt mat og kan vere med på ulike aktivitetar. Dei to siste dagane har vi vore med som assistentar/klovnar og tøysa med ungane så godt vi kan.

Sidan vi kan fint lite spansk, er kommunikasjonen innimellom eit hinder. Men som Kay Amund viser her, kan du klare ganske så mykje ved hjelp av eit aktivt kroppsspråk. I tillegg utvidar ordforrådet seg litt og litt (poco y poco) dag for dag, så kanskje kan eg ein vakker dag klare å lære meg dette herlege språket? Akkurat no føler eg i alle fall at tysk B-språk på vidaregåande var ein fullstendig skivebom!

Lidvar prøvar i alle fall så godt han kan. Som du ser på bildet klarte han å hyre inn heile tre privatlærarar til å gå gjennom ei mattebok på spansk. Tala er i alle fall dei same i både Norge og Peru, sjølv om prisane på mat og drikke er ganske så ulike. Knappe tre kroner for ei flaske Cola er ikkje spesielt bra for tennene, men då vert det i alle fall meir å bruke på tannlegen når eg kjem heim...

Bryllupet i Brasil gjekk forresten veldig bra. Både Mateus og Anamaria sa klart og tydeleg "Ja, med Guds hjelp" - og dermed er dei ikkje lenger to, men eitt. Bryllupet var veldig ulikt frå både tradisjonelle norske og brasilianske bryllup, visstnok. Men lovsong, solid forbøn for ekteparet og sjølvaste Velsignelsen (Oslo Gospel Choir-varianten) på portugisisk var absolutt med på å gjere dagen til eit flott minne!

Etter bryllupsfesten var vi på kveldsgudsteneste i ei kyrkje i Curitiba (takk til Leandro for glimrande tolking), før vi fekk besøke ein vaskekte norsk misjonær. Mona Dysjeland jobbar for NMS i Brasil og inviterte ein liten gjeng til kveldsmat. Etter eit par meir normale variantar av brasiliansk pizza, var det sjokoladepizza til dessert. Underteikna var veldig skeptisk først, men det var faktisk knallgodt. Så skal du til Brasil MÅ du prøve sjokoladepizza. Og grillmat. Og guaranabrus. Og kanskje også ei badestrand, sjølv om vi aldri kom så langt...

Om nokre dagar reiser vi inn i jungelen. Iquitos er neste reisemål for gutta boys, der skal vi kanskje sjå alligatorar, indianarar med blåserør og rosa delfinar!

Meir frå Peru kjem forhåpentlegvis etter kvart - om vi overlever trafikken og delfinane..

31 oktober 2009

Apekattar og andre rare dyr

I tilfelle nokon skulle lure - vi har overlevd dei første dagane i Sør-Amerika!

Onsdag kveld vart vi henta av Tais og kjærasten Renato på flyplassen i São Paulo, etter vel 90 minutt i bilen var vi framme i Sorocaba. Frå onsdag til fredag overnatta vi i huset til Otsubo-familien, veldig koslege folk med nydeleg mat, piano og Pro Evolution Soccer. Eg vann i alle fall den siste av dei fire kampane mine, tydelegvis litt for mykje FIFA i det siste...

Torsdagen åt vi frukost og stakk til dyrehagen i Sorocaba. Der fekk eg leike paparazzi med mange fantastiske dyr som modellar. Min personlege favoritt ser du til høgre, ein brasiliansk nudistapekatt av den småfilosofiske sorten.

Seinare same dagen fekk vi besøke ein isfabrikk. Familien til svogeren til Renato har nemleg sin eigen fabrikk, der vi fekk gratis smaksprøver og ein fantastisk god mjølkeis - rett frå maskina!

For fleire bilde derifrå, sjå Kay Amund sin blogg.

Brasilianarane er ekstremt stolte av grillmaten sin, derfor måtte vi sjølvsagt teste ut ein BBQ-restaurant utpå kvelden. For rundt 70 kroner per person fekk vi ete så mykje vi ville, kelneren kom kvart andre minutt med noko nytt på grillspydet sitt. Spesielt kyllinghjarta var fantastisk gode, som du ser så koste eg meg som aldri før!

Etter grillfestivalen roa vi ned med "Wanted" på DVD før vi gjekk til sengs og stod opp til ein ny dag. Fredagen starta med ein varm tirettars lunsj signert mora til Tais, før vi sette oss på bussen til Curitiba. Bussane i Brasil er mykje betre enn dei norske, men vi var dessverre litt uheldige og fekk ein sjåfør som ikkje kunne å gire...etter mykje rykk og napp kom vi likevel fram til Curitiba, der Mateus henta oss på busstasjonen.

Mateus var romkamerat med Kay Amund på Hald, søndag skal han gifte seg og vi skal få vere med på moroa. Meir om det kjem kanskje seinare - om begge to klarer å seie "ja" - eller "sim", som er eitt av dei få orda eg har lært meg på portugisisk.

No bur vi på den teologiske høgskulen i Curitiba, her skal vi vere til måndag. Sengene er gode, dusjen er varm og dopapiret mjukt - kan det verte betre?

Ciao!

27 oktober 2009

Sør-Amerika 2009

Då er eg på Gardermoen, første stoppestaden på den fantastiske "Gutta boys på nye eventyr"-ekspedisjonen! Eg, Kay Amund og Lidvar skal dei neste tre vekene vimse omkring i Brasil og Peru, forhåpentligvis skal eg få oppdatert bloggen litt undervegs så mamma og alle andre nysgjerrige veit kvar vi er og kva vi gjer på.

Eg kan i alle fall starte med å legge ut ei grovskisse av turplanen vår.

SOROCABA: Onsdag 28. oktober - avreise Gardermoen, via Paris til São Paulo. Der blir vi henta av Tais, som Kay Amund gjekk på Hald attmed. Så reiser vi til Sorocaba, der vi skal vere eit par dagar.

CURITIBA: Fredag 30. oktober set vi oss på bussen frå Sorocaba til Curitiba. Der skal vi vere til måndag, på programmet står mellom anna bryllaup!

SÃO PAULO: Måndag 2. november flyg vi frå Curitiba til São Paulo, dermed får vi ein ettermiddag til å sjå oss litt om i millionbyen ute ved kysten.

LIMA: Tysdag 3. november flyg vi over grensa til Peru, der vi skal plage Stine i nokre dagar. Ho jobbar i hovudstaden Lima, ein ganske liten by med sju-åtte millionar innbyggjarar.

IQUITOS: Fredag 6. november flyg vi nordaust til Iquitos, midt inne i Amazonas-jungelen. Der skal vi mellom anna på overnattingstur i jungelen! Dette blir nok dei varmaste dagane på turen vår, med tropevarme og malariatablettar på menyen.

CUSCO: Måndag 9. november skiftar vi ut shorts og t-skjorte med langbukse og jakke. Då skal vi opp i høgda, til den tidlegare inkahovudstaden Cusco. Forhåpentlegvis skal vi unngå høgdesjuke, sjølv om byen ligg rundt 3.300 meter over havet...

MACHU PICCHU: Onsdag 11. november skal vi etter planen besøke turistmål numero uno i Peru. Den gamle inkabyen Machu Picchu er verdskjend og gler seg til å få besøk av tre sunnmøringar!

LIMA: Torsdag 12. november reiser vi tilbake til Lima, der vi nok ein gong skal plage Stine i nokre dagar før vi reiser heim til Norge.

NORWAY: Måndag 16. november er vi kanskje tilbake på Gardermoen. Om ikkje vi skulle få malaria, høgdesjuke, svineinfluensa eller finne på å gifte oss ute i jungelen.

Følg med for fleire oppdateringar - SUPERNILS er ute på tur!

Pit-Stop, potetball og pannekaker

Den siste veka har vore hektisk for min del. Fredag-søndag var det Pit Stop på Valderøy bedehus, der eg var både filmteamkoordinator, Sambåndet-journalist og litt korpianist.

Heldigvis fekk eg ei flott opplading torsdag, då Godøy-besta inviterte meg til potetballmiddag. God gammaldags sunnmørskost som eg nok aldri blir lei av! Sjølvsagt med skumma kulturmjølk som tilbehør.

Så fekk eg nok ein koseleg middagsinvitasjon måndag, då Alnes-besta ringte og spurte om eg ville ha pannekaker til middag. Dermed vart det både fruktsuppe, pannekaker og jordbær til dessert.

Eg og Samuel slurpa i oss suppe for harde livet og gumla pannekaker til den store gullmedaljen. Tusen takk til både besta og besta for god mat og for å vere verdas beste bestemødre!

Og så var det Pit Stop mellom måltida, ja. Bilde frå helga finn du på ungmisjon.no, i tillegg har eg laga ei lita nettsak på Sambåndet si nettutgåve, så kjem det fire sider med reportasjestoff i neste papirutgåve.

Det vart ei flott helg med solid forkynning, variert og treffande lovsong, kjekke aktivitetar og mykje meir. I tillegg fekk eg spele eit par songar med Godøy Ungdomskor og vere gjestepianist for Herøy Gospelkor, eit ganske ferskt og veldig spennande kor frå Herøy.

Min "jobb" i helga var å skaffe tekst på storskjermen og organisere filming av talane. Eg hadde med meg ein flott gjeng med ungdommar som stod på frå tidleg til seint, resultatet vert etter kvart to bibeltimar og tre møte som heile verda kan få med seg på nettet. Tusen takk til alle som var med på Pit Stop 2009, både misjonstilsette, frivillige og deltakarar. Eg gler meg allereie til neste haust!

05 oktober 2009

Heile øya i aktivitet

Søndag avslutta Godøy 2/Vigra 2 sesongen med å vinne andre omgang av bortekampen mot Brattvåg 2. Dermed kunne eg oppsummere statistikken for sesongen, det kan faktisk vere ganske artig med Excel!

Severin kom heim frå sjøen og debuterte mot Brattvåg 2, dermed var totalt 52 mann i aksjon for B-laget i 2009! 12 frå Vigra og 40 frå Godøy. Nokon betre på Sunnmøre? Eller Norge, for den del?

Totalt har 49 mann frå 16 til 43 år deltatt i ein eller fleire seniorkampar for Godøy IL denne sesongen. Av A-spelarane var det berre åtte som ikkje var med i ein eller fleire B-kampar. Skadde spelarar, kortsamlarar med karantene og "benkeslitarar" fekk matchtrening på andrelaget, i tillegg var vi ganske så mange som fekk vere med og spele fotball "på skikkelig" igjen etter ein god del år med pause. Og eg fekk sjefe litt på sidelinja også.

Så blir det spennande å sjå kva som skjer til neste år. Utover hausten minka talet på spelarar frå veke til veke, sjølv om vi rekrutterte stadig nye B-debutantar. I dei to siste kampane hadde vi berre tolv mann disponibelt, det vart for tungt når kondisen ikkje akkurat er på toppnivå. Kai Henrik er tilfeldig utvald til å illustrere akkurat det poenget.

Får vi med nok folk til å ha eige Godøy 2-lag neste år? Blir det samarbeid med Vigra også i 2010? Kan det bli eit samarbeid med Giske, som har hatt store problem med å stille lag i år? Det får du kanskje vite etter kvart, foreløpig kan du i alle fall lese litt statistikk-oppsummering på Godøy-forumet. Om du vil :)

PS! Berre tre-fire av måla eg slapp inn mot Ellingsøy var min feil. Dei åtte-ni andre var eg sjanselaus på...

01 oktober 2009

Opposite Way



Fantastisk song frå Leeland! Tør du å gå den motsette vegen, å gjere noko heilt anna enn det alle forventar frå deg? Eller gjer du dei same tinga som du har gjort i alle år, utan å heilt vite kvifor?

"When everyone is setting the pace
It’s okay to run the opposite way"
For min egen del så prøvar eg å ta ned tempoet nokre hakk denne hausten. Om eg klarer det, er ei anna sak, men eg vil i alle fall prøve. Jobbe litt mindre, stresse litt mindre, ha meir tid til både meg sjølv, andre folk og Gud.

Mange lurer på om eg er gal, som har kvitta meg med ei flott leilegheit og sagt nei til fleire jobbar. Men eg trur at det er det rette for meg akkurat no. Og det følast godt å gå mot straumen og ikkje berre gjere det som alle forventar at eg skal gjere.

Og så er det godt å vite at Jesus gjekk den motsette vegen, men på ein heilt annan måte. Han kunne gått vekk, han kunne unngått det han hadde i vente. Men han ofra seg for meg og deg og han overvann døden. For oss.
"Yeah, through the cross He conquered the grave
So you could run the opposite way"
Kva veg går du på?

25 september 2009

Eg heiter Nils-Ove, dette er bloggen min

Dette har hendt sidan sist oppdatering:

Nils-Ove har slutta som altmulegmann på Godøy skule, no er han berre innom som lærarvikar no og då. Elles kjem inntekene frå diverse frilansarbeid, mellom anna Sambåndet, ANB, Sunnmørsposten og Kriminalomsorgen.

Leilegheita i firemannsboligen har skifta eigar, Nils-Ove har flytta inn i kjellaren til Leif Arne og Solveig Hausken - om lag 40 meter frå den tidlegare bustaden med det lekre badet. No er ikkje badet fullt like eksklusivt, men leilegheita er meir enn bra nok og rommar faktisk alt av møbler og anna tjafs som tidlegare var 40 meter nærare fjellsida.

I løpet av sommaren var Nils-Ove innom Ungdomscampen i Lyngdal, der han jobba ei veke. I tillegg reiste heile familien Støbakk på ferie til Paris for å feire 50-årsdagen til mamma Janne.

Katten Olga har forresten også skifta eigar. Etter at Nils-Ove i tre veker budde i kjellaren til foreldra sine i påvente av innflytting i kjellaren til Leif og Solveig, vart Olga verande igjen i det store huset til Janne og Oddbjørn Støbakk. Dette sidan ho trivst veldig godt der, men også fordi Nils-Ove skal ut på tur i nærmare tre veker i månadsskiftet oktober/november.

28. oktober klokka 06:45 lettar flyet frå Gardermoen, først 16. november 19:15 er Nils-Ove tilbake i Norge igjen. I mellomtida skal han mest sannsynleg innom São Paulo, Sorocaba, Curitiba, Lima, Cusco og kanskje Iquitos. Brasil og Peru, med andre ord!

For meir oppdatering på kva som skjer i livet til Nils-Ove Støbakk, følg med på supernils.blogspot.com. Det blir garantert fleire oppdateringer utover hausten.

Eg heiter Nils-Ove, dette er bloggen min.

29 juni 2009

På tide å komme seg ut av komfortsona?



Save me, save me
From the kingdom of comfort where I am king
From my unhealthy lust of material things

Save me, save me
From the kingdom of comfort where I am king
To this kingdom of heaven where you are king


Eg har akkurat lest ei vanvittig bra bok. 315 sider på ein dag, faktisk. "Farlig tro" var så spennande at eg måtte lese frå perm til perm. Absolutt anbefalt sommarlesestoff! I tillegg går det an å lære meir om personane i boka og om andre forfølgde kristne på denne heimesida.

Å komme seg ut av sitt eige "kingdom of comfort" kan vere ubehagelig og skummelt, for mange til og med livsfarlig. Men har vi eigentleg noko anna alternativ?

Matt 16:24
Då sa Jesus til læresveinane sine: Om nokon vil koma etter meg, då må han gløyma seg sjølv, og ta krossen sin opp og fylgja meg.


For folk i muslimske land kan dette bety å å bryte med religion og familie. For oss i Norge kan det kanskje bety å omprioritere tida vår og pengane våre. Vil DU ta opp krossen din og følgje Jesus? Koste kva det koste vil?

PS! Søstern har fått blogg. Sjekk ut margrethestobakk.blogspot.com for ferierapport og veldig bra andakt!

07 mai 2009

Fotballfjas

Aller først: Fantastisk video som eg akkurat såg for første gong på Golden Goal:



Elles har eg gjort comeback på fotballbana i år. Etter totalt åtte minutt som innbyttar på Godøy sitt A-lag i 5. divisjon i 1998, har eg no ELLEVE minutt på Godøy sitt B-lag i 5. divisjon i 2009. Søndag kom eg nemleg inn på slutten av oppgjeret mellom Lepsøy og Godøy 2 / Vigra 2. Og eg klarte til å med å sleive ballen i rett mål, mi første scoring sidan eg ordna begge måla i guttekampen mot Stranda i 1997...

Referat frå heimelaget finn du på lepsøy.com, for meir fokus på bortelaget sjå mitt referat på Godøy-forumet.

Laurdag er det ny B-kamp, heimekamp på Rota (Vigra) mot Harøy. Tabell og terminliste finn du på speaker.no, kampen startar klokka 15.00 og vi garanterer stor underhaldning! :)

07 april 2009

God påske!

Ein stor fordel med å jobbe på skule, er lang påskeferie. Så denne påska har eg god tid til å gjere fornuftige ting. Høyr berre her:

Palmehelga feira eg med møte på Giske og KRIK i Godøyhallen fredag kveld. Laurdag var det nok ein gong møte på Giske, så ungdomskveld på Valderøya før kvelden vart avslutta med Candy King-party. Palmesøndag var eg på jobb for ANB og dekte AaFK-Lillestrøm.

Mandag var det pizzaparty på Vigra. Per Oddvin var vert og fekk besøk av meg, Kay Amund, Daniel, Jan Harald, Ørjan og Stine. Absolutt ein veldig fornuftig mandagskveld!

Tysdag skal eg spele fotball. KRIK i Godøyhallen 1300, B-trening på grusbana 1900. Og så får vi sjå kva som skjer seinare på kvelden. Onsdag er det cupkamp, Godøy skal møte Langevåg på bortebane i 1. kvalikrunde - Godøy sin aller første cupkamp nokon gong!

Torsdag er det nattverdsmøte på Godøy-bedehuset 1930, det bør alle få med seg! Ein flott måte å innleie påskefeiringa på, så blir det påskemøte med Kjell Furnes på Alnes/Godøy bedehus resten av helga også. Pluss KRIK 1300 på fredag og ungdomskveld laurdagskvelden. Søndag skal eg i fengselet for å spele piano og ete sjokoladekake.

Kort oppsummert: Påska 2009 blir mykje fotball, ein god del møte og pianospeling, litt pizza innimellom og forhåpentlegvis mykje moro. Tjohei! :)

06 april 2009

Årets film!

Hoho! Fantastisk trailer! :)

23 februar 2009

supernils is back!

Etter nesten eit halvt år utan oppdatert blogg, har eg endelig tatt meg tid til å taste inn nokre ord på datamaskina mi. Eller, det er faktisk ikkje mi datamaskin, men Godøy skule si. For om du trudde at eg vart igjen på Kreta og slutta å jobbe, då tok du veldig feil...

Eg kan ikkje love at eg kjem til å blogge så veldig mykje framover, men kanskje det er nokon der ute i den store internettverda som faktisk lurer på kva eg har gjort det siste halvåret? Vi tar ei lita oppdatering, så får tida vise når neste innlegg på denne supre bloggen kjem:

- september (og så vidt starten av oktober) 2008, vikariat som nettjournalist for smp.no.

- frå midten av oktober, lærarvikar +++ på Godøy skule og Alnes skule. Fram til 26. juni er eg tilsett som "potet" på skulen. Litt vikar, litt IT-ansvarleg og litt vaktmesterassistent. Ganske så mykje forskjellig, ganske så spennande :)

- før jul prøvde eg å selje leilegheita mi, men finanskrisa hindra tydelegvis potensielle kjøparar i å sikre seg den heftigste kåken i øvre Leitebakk. Men om eg får den prisen eg vil ha, seier eg ikkje nei til eit sal...

- elles så er det mykje å gjere som formann og lovsangsleiar for Godøy og Alnes IUF. KRIK på fredagane, ukveld ca annankvar laurdag og mykje moro elles.

- og når eliteserien startar opp 15. mars, skal eg dekke AaFK sine heimekampar live for ANB. Denne veka skal eg forresten jobbe nokre kveldsvakter for Sunnmørsposten-sporten, også, så journalistkarriera er ikkje heilt lagt på hylla enno.

Heilt til sist: Eg har endeleg oppdatert lenkelista på bloggen også. Nedlagde bloggar er borte vekk, men det er nokre "halvdaude" som eg enno ikkje har gitt opp: Jeanette, Jostein og Olav Magne. Når eg klarer å blogge igjen, kan alle klare det!

Og så ønskjer vi Lisa og Sven Harald velkomen med Australia-bloggen sin. Fleire bloggar eg bør ha med? Ta gjerne kontakt!

Dett var dett, ha ein flott dag :)