31 oktober 2009

Apekattar og andre rare dyr

I tilfelle nokon skulle lure - vi har overlevd dei første dagane i Sør-Amerika!

Onsdag kveld vart vi henta av Tais og kjærasten Renato på flyplassen i São Paulo, etter vel 90 minutt i bilen var vi framme i Sorocaba. Frå onsdag til fredag overnatta vi i huset til Otsubo-familien, veldig koslege folk med nydeleg mat, piano og Pro Evolution Soccer. Eg vann i alle fall den siste av dei fire kampane mine, tydelegvis litt for mykje FIFA i det siste...

Torsdagen åt vi frukost og stakk til dyrehagen i Sorocaba. Der fekk eg leike paparazzi med mange fantastiske dyr som modellar. Min personlege favoritt ser du til høgre, ein brasiliansk nudistapekatt av den småfilosofiske sorten.

Seinare same dagen fekk vi besøke ein isfabrikk. Familien til svogeren til Renato har nemleg sin eigen fabrikk, der vi fekk gratis smaksprøver og ein fantastisk god mjølkeis - rett frå maskina!

For fleire bilde derifrå, sjå Kay Amund sin blogg.

Brasilianarane er ekstremt stolte av grillmaten sin, derfor måtte vi sjølvsagt teste ut ein BBQ-restaurant utpå kvelden. For rundt 70 kroner per person fekk vi ete så mykje vi ville, kelneren kom kvart andre minutt med noko nytt på grillspydet sitt. Spesielt kyllinghjarta var fantastisk gode, som du ser så koste eg meg som aldri før!

Etter grillfestivalen roa vi ned med "Wanted" på DVD før vi gjekk til sengs og stod opp til ein ny dag. Fredagen starta med ein varm tirettars lunsj signert mora til Tais, før vi sette oss på bussen til Curitiba. Bussane i Brasil er mykje betre enn dei norske, men vi var dessverre litt uheldige og fekk ein sjåfør som ikkje kunne å gire...etter mykje rykk og napp kom vi likevel fram til Curitiba, der Mateus henta oss på busstasjonen.

Mateus var romkamerat med Kay Amund på Hald, søndag skal han gifte seg og vi skal få vere med på moroa. Meir om det kjem kanskje seinare - om begge to klarer å seie "ja" - eller "sim", som er eitt av dei få orda eg har lært meg på portugisisk.

No bur vi på den teologiske høgskulen i Curitiba, her skal vi vere til måndag. Sengene er gode, dusjen er varm og dopapiret mjukt - kan det verte betre?

Ciao!

3 kommentarer:

taisotsubo sa...

Det var MUITO, MUITO, MUITO koselig!!
I´m sorry about the bus! Maybe Lidvar should drive it! hehe..
Klem!

Anonym sa...

Hei!
Kjekt å sjå at de koser dokke, lykke til videre på turen! Klem frå oss heime

Per Oddvin Stornes sa...

Bra dokke kosa dokke:)