27 oktober 2009

Pit-Stop, potetball og pannekaker

Den siste veka har vore hektisk for min del. Fredag-søndag var det Pit Stop på Valderøy bedehus, der eg var både filmteamkoordinator, Sambåndet-journalist og litt korpianist.

Heldigvis fekk eg ei flott opplading torsdag, då Godøy-besta inviterte meg til potetballmiddag. God gammaldags sunnmørskost som eg nok aldri blir lei av! Sjølvsagt med skumma kulturmjølk som tilbehør.

Så fekk eg nok ein koseleg middagsinvitasjon måndag, då Alnes-besta ringte og spurte om eg ville ha pannekaker til middag. Dermed vart det både fruktsuppe, pannekaker og jordbær til dessert.

Eg og Samuel slurpa i oss suppe for harde livet og gumla pannekaker til den store gullmedaljen. Tusen takk til både besta og besta for god mat og for å vere verdas beste bestemødre!

Og så var det Pit Stop mellom måltida, ja. Bilde frå helga finn du på ungmisjon.no, i tillegg har eg laga ei lita nettsak på Sambåndet si nettutgåve, så kjem det fire sider med reportasjestoff i neste papirutgåve.

Det vart ei flott helg med solid forkynning, variert og treffande lovsong, kjekke aktivitetar og mykje meir. I tillegg fekk eg spele eit par songar med Godøy Ungdomskor og vere gjestepianist for Herøy Gospelkor, eit ganske ferskt og veldig spennande kor frå Herøy.

Min "jobb" i helga var å skaffe tekst på storskjermen og organisere filming av talane. Eg hadde med meg ein flott gjeng med ungdommar som stod på frå tidleg til seint, resultatet vert etter kvart to bibeltimar og tre møte som heile verda kan få med seg på nettet. Tusen takk til alle som var med på Pit Stop 2009, både misjonstilsette, frivillige og deltakarar. Eg gler meg allereie til neste haust!

Ingen kommentarer: