26 februar 2007

Winter Games 07

For to veker sidan var eg på Winter Games på Orreneset. Under hoppkonkurransen gjekk fotoapparatet mitt tomt for batteri, så då måtte eg filme med Ixus-en min. Ikkje verdas beste kvalitet, men eg syns det blei ganske bra - i alle fall kombinert med litt heftig UngFila-musikk! :)

Malakifestivalen 2006

Som webmaster for Malakifestivalen 2006 skulle eg eigentleg ha lagt ut både video og bilde på nettsidene for leeeenge sidan. Men gammal og treig og ineffektiv som alltid, har eg ikkje fått det unna enno. Heldigvis har Tore Oksnes lagt ut filmen frå festivalen på Youtube, så då kan eg dele festivaldokumentaren her på bloggen min.

Så skal eg prøve å få oppdatert festivalen sine nettsider om ikkje altfor lenge...masing på bloggen oppfordrast til på det aller sterkaste!

Basar og slikt

I helga var det ungdomsmøte på Godøya, med min tidlegare Bildøy-medelev Karen Sofie Romarheim som talar. Ei veldig bra helg, med solid forkynning, god stemning og relativt mykje folk med tanke på at det var vinterferie og at halve Godøya var sengeliggjande med influensa og liknande...

Fredag var det basar, der underteikna var den o store sjefen som fekk riste på trekningsristeboksa og greier. Som bildet viser, var konsentrasjonen på topp sjølv i trettande trekningsrunde. For fleire nydelege bilde, ta ein tur innom ukveld.net! :)

Til slutt må eg nesten berre slengje med eit bilde som eg eigentleg skulle lagt ut for over ei veke sidan. Betre seint enn aldri, her er i alle fall dei tre blide "søskjena" mine på Åheim: Eirik, Kristine og Karianne. Då eg var på Åheim sist helg, overnatta eg med familien Thue for tredje gong siste halvåret. Som alltid veldig kjekt, eg kjem garantert tilbake fleire gonger - om eg får lov, då...

Programmet komande veke: Korøving måndag, bibelgruppe tysdag, onsdagsmøte onsdag, teamsamling på kontoret torsdag, filming på kontoret fredag og Bjorli-tur med koret fredag-søndag. Tjohei!

15 februar 2007

Nora vs Mozart

No er eg kanskje i ferd med å slite ut dei sju-åtte faste lesarane av bloggen min, men vi tar sats og publiserer dagens andre innlegg:

I present you Nora, the Piano-Playing Cat!



Ein dag skal Olga (katten min) bli like god...ho ligg på sofaen no og planlegg kjøpesenterkonsertane på Øysenteret og Nye Naustbuda.

Ein hardhaus frå Alnes

Observante lesarar hugsar kanskje at eg fekk meg ein fetter 12. januar i år? No har Samuel Olai Godø Alnes, som han heiter, bikka fire veker og seks dagar - og har endeleg fått ta del i den store æra det er å bli holdt av meg! Han holdt til og med ut i nesten 15 minutt før tårene kom...

For dei som måtte lure: Samuel til venstre, meg til høgre.

14 februar 2007

Heia Hødd!

No har eg endeleg forstått kvifor Sture Fladmark ville til Ulsteinvik. Då eg skulle heim frå Remøya tysdag kveld, svippa eg innom Vik sentrum for å finne noko snacks. Og kva fann eg? Aladdin Refak Ghazi, ei pizza-/kebabsjappe med rullekebab og greier!

Sausen var kanskje ikkje den beste eg har smakt, men elles var babben veldig god. Og det var herleg å sjå at dei faktisk baka ferske brød/lefser mens eg stod og venta. Det er slik rullekebab skal vere, kvifor kan ingen i Giske kommune eller Ålesund forstå det? Eg vil til Ulsteinvik!

Når vi først er inne på mat...dei to siste dagane har eg besøkt fleire gamletanter og -onklar på Hareid. Måndag til tysdag fekk eg overnatte med Aslaug og Einar (bildet), tysdag var eg også innom Ivar og Myrthel ein tur og svippa innom Lilly. Har ikkje hatt så mykje med Alnesbesta sine søskjen å gjere tidlegare, men veldig koseleg å bli litt betre kjende med dei no. Og mat, ja - er det nokon som kan å diske opp, er det gamletantene mine. Ikkje umulig at eg gjekk opp fem kg per måltid...

Og berre for å gjere denne matspalta komplett - måndag kveld var det pølser som stod på menyen då eg var på MUSK-klubben på Møre Ungdomsskule Herøy. Vanlegvis brukar det visst å vere 10-15 elevar der, denne kvelden var det berre ei jente som var attmed meg og dei to lærarane. Men vi hadde det veldig kjekt :)

12 februar 2007

Stygt

Måtte berre legge ut eit bilde av det ekstremt stygge reservehjulet på bilen min. No er heldigvis styggehjulet bytta ut med eit fint og nytt piggdekk - og eg er vel 1500 kroner fattigare.

Det er dyrt å punktere. Eller som vi sa det på Godøya då vi var mindre: "Ej ponta..."

Luringen

Ladies and gentlemen: Meet John Carpenter! Ein ekte nørd. Men ein tilsynelatende hyggelig nørd. Vi får håpe at han klarer å bruke pengane sine fornuftig :)

11 februar 2007

Stress...

Eg har hatt ei fantastisk helg på Orreneset. Veret var perfekt, ingen verken sovna eller spydde under bibeltimane og eg tok knekken på ungane då vi runda av med snøkrig søndag ettermiddag. Starten og slutten på helga, derimot, kunne vore betre...

Det heile starta då eg fredag merka ei rar risting under bilen. Eg stoppa og fann ut at eg hadde punktert - kjempegøy! Heldigvis var det på Godøya, så lillebror Stig-Johnny kom fykande med pappa sin bil. Vi lasta over bagasjen min i den andre bilen og eg vart "berre" 30 minutt forsinka. Sjølvsagt ga eg kontornøklane mine til brudern og kom berre så vidt inn på kontoret, men det gjekk heldigvis bra til slutt.

Trur forresten eg må vere verdsmeister i punktering - dette var tredje gongen på åtte år. To gongar med pappa sine bilar - Ford Sierra ein vinter for mange år sidan og Toyota Corolla (på to dekk samtidig!) på veg til bowlingen for nokre år sidan - og no med min eigen Mitsubishi Carisma. Wehey!

Søndag måtte eg reise litt før leiren var ferdig, sidan eg skulle spele piano på storsamling på Godøya. Det vil seie, eg prøvde å reise ei god stund før leiren var ferdig, men enda opp med å reise berre ei lita stund før leiren var ferdig. Dermed rakk eg ikkje ferga og møtet vart utsett 15 minutt på grunn av meg. Og då eg endeleg kom fram, spelte eg stort sett feil og konkluderte med at det nok hadde vore betre med kun bass og trommer...

Heldigvis fins det noko som hjelper mot all slags stress og mas. For første gong i år tappa eg i boblebadet, tømte varmtvannstanken og dobla neste straumregning. Ingenting er som glovarmt vatn og ryggmassasje når du treng å slappe av...så no er eg berre litt trøtt - som vanleg :)

Program for komande veke: Møre Ungdomsskule Herøy mandag og tysdag, Remøy Junior tysdag, Møre Hatlehol og onsdagsmøte på Godøya onsdag, ein tur innom kontoret og bibelgruppe torsdag, Åheim fredag, Ulsteinvik laurdag. Gode forslag til kva eg skal finne på søndagen?

07 februar 2007

Kaaaldt...

Temperaturen har gått mykje opp og ned den siste månaden, men no har det endeleg blitt skikkelig kaldt. Faktisk så kaldt at eg ikkje kan hugse sist det var like kaldt på Godøya.

Rundt klokka 01.00 natt til onsdag 7. februar var det -5.6 grader på altanen min. Rykta vil ha det til at temperaturen var heilt nede i -6.4 klokka 02.30, men dette veit eg sjølvsagt ingenting om...

Håper berre det ikkje blir altfor kaldt på Fjellsetra laurdag, då skal eg på skileir igjen og vil helst ha temperaturar nærmare 0 enn -15 grader!

PS1! Då eg var i militæret på Jørstadmoen var eg utandørs i -30, men -5 i sunnmørsk sjøluft er faktisk nesten like gale.

PS2! Om nokon skulle trenge gåvetips til bursdagen min 20. mars; å rydde opp etter eit knust glas utan kost og brett var litt tungvint. Hint, hint.