26 februar 2007

Basar og slikt

I helga var det ungdomsmøte på Godøya, med min tidlegare Bildøy-medelev Karen Sofie Romarheim som talar. Ei veldig bra helg, med solid forkynning, god stemning og relativt mykje folk med tanke på at det var vinterferie og at halve Godøya var sengeliggjande med influensa og liknande...

Fredag var det basar, der underteikna var den o store sjefen som fekk riste på trekningsristeboksa og greier. Som bildet viser, var konsentrasjonen på topp sjølv i trettande trekningsrunde. For fleire nydelege bilde, ta ein tur innom ukveld.net! :)

Til slutt må eg nesten berre slengje med eit bilde som eg eigentleg skulle lagt ut for over ei veke sidan. Betre seint enn aldri, her er i alle fall dei tre blide "søskjena" mine på Åheim: Eirik, Kristine og Karianne. Då eg var på Åheim sist helg, overnatta eg med familien Thue for tredje gong siste halvåret. Som alltid veldig kjekt, eg kjem garantert tilbake fleire gonger - om eg får lov, då...

Programmet komande veke: Korøving måndag, bibelgruppe tysdag, onsdagsmøte onsdag, teamsamling på kontoret torsdag, filming på kontoret fredag og Bjorli-tur med koret fredag-søndag. Tjohei!

Ingen kommentarer: