11 februar 2007

Stress...

Eg har hatt ei fantastisk helg på Orreneset. Veret var perfekt, ingen verken sovna eller spydde under bibeltimane og eg tok knekken på ungane då vi runda av med snøkrig søndag ettermiddag. Starten og slutten på helga, derimot, kunne vore betre...

Det heile starta då eg fredag merka ei rar risting under bilen. Eg stoppa og fann ut at eg hadde punktert - kjempegøy! Heldigvis var det på Godøya, så lillebror Stig-Johnny kom fykande med pappa sin bil. Vi lasta over bagasjen min i den andre bilen og eg vart "berre" 30 minutt forsinka. Sjølvsagt ga eg kontornøklane mine til brudern og kom berre så vidt inn på kontoret, men det gjekk heldigvis bra til slutt.

Trur forresten eg må vere verdsmeister i punktering - dette var tredje gongen på åtte år. To gongar med pappa sine bilar - Ford Sierra ein vinter for mange år sidan og Toyota Corolla (på to dekk samtidig!) på veg til bowlingen for nokre år sidan - og no med min eigen Mitsubishi Carisma. Wehey!

Søndag måtte eg reise litt før leiren var ferdig, sidan eg skulle spele piano på storsamling på Godøya. Det vil seie, eg prøvde å reise ei god stund før leiren var ferdig, men enda opp med å reise berre ei lita stund før leiren var ferdig. Dermed rakk eg ikkje ferga og møtet vart utsett 15 minutt på grunn av meg. Og då eg endeleg kom fram, spelte eg stort sett feil og konkluderte med at det nok hadde vore betre med kun bass og trommer...

Heldigvis fins det noko som hjelper mot all slags stress og mas. For første gong i år tappa eg i boblebadet, tømte varmtvannstanken og dobla neste straumregning. Ingenting er som glovarmt vatn og ryggmassasje når du treng å slappe av...så no er eg berre litt trøtt - som vanleg :)

Program for komande veke: Møre Ungdomsskule Herøy mandag og tysdag, Remøy Junior tysdag, Møre Hatlehol og onsdagsmøte på Godøya onsdag, ein tur innom kontoret og bibelgruppe torsdag, Åheim fredag, Ulsteinvik laurdag. Gode forslag til kva eg skal finne på søndagen?

4 kommentarer:

Unknown sa...

HAHAHAHAHA HA! :D

Stine sa...

Oioi, punkterte du no igjen?? Joess..huska sist gong du punkterte,2 dekk paa en gong,med 2 hysteriske jente i baksetet!Actionfylt;)

Anonym sa...

hehe.. Nils: welcome to my life;) Men ej he aldri punta da.. ej he bere hatt flatt batteri;)-dryla-

Anonym sa...

Søndag skal du få løv å sende mej en mail da... Ekje mykje positive ord å få på havet, så nåkkre fine ord fra dej hadde vør veldig fint å fått:)

Å, ej e mega klar for proev når ej kjøme heimjenn:p