14 mars 2013

Ny nettside - snartgift.com

Kanskje på tide å oppdatere bloggen for første gong i 2013? Første – og muligens siste...

Det neste halvåret kan du i alle fall følgje meg og den flotte forloveden min på snartgift.com! Så får vi sjå kva som skjer på bloggefronten til hausten for herr og fru Støbakk :)


29 oktober 2012

Herleg haust!

Tida flyg når du har det kjekt - og det har eg tydelegvis denne hausten :)

Livet er bra i Bergen, sjølv om det har vorte ganske mykje mindre studering enn det som opprinneleg var planen. Plutseleg fekk eg tilbod om eit vikariat i Dagen, heldigvis er det berre eksamen som er obligatorisk - så dermed jobbar eg for fullt for tida. Greitt å opplyse lesarane med litt karikaturar,  Farmen-sladder og slikt.

Men sjølv om det er fint i vestlandshovudstaden, var det greitt å kome heim ei helg i oktober. Sjølvsagt var det strålande ver og blå himmel på Godøya, greitt at Ragnhild fekk sjå kor fantastisk fint det alltid er på Sunnmøre...

Familieselskap, sosialisering, god mat og litt sløving i tillegg. Akkurat slik ei helg "heime hjå ho mor" skal vere! Og ganske straks er det Førjulsturneringa og andre kjekke juleaktivitetar også. Eg blir i alle fall heime på Godøya i jula - så får vi sjå kor i landet nyttår 2012/2013 vert feira :)

Sist helg gjekk turen sørover til Klepp og familien Steinbru. Greitt å stikke av frå sludd i Bergen til sol og sommar på dei jærske sandstrendende. Temperaturen var ikkje mykje over null, men både selskapet, veret og stemninga var veldig bra.

Den vakre kvardagspaparazzien min har sjølvsagt dokumentert dagane på Jæren på flott vis. Klikk deg vidare og sjå kor fint vi hadde det :)

Elles spelar eg fotball på Bildøy kvar onsdag, går i Salem i helgane, ser litt på TV, fyrer i peisen - og har nesten gløymt at eg kjøpte meg sykkel tidlegare i haust. Bil er kjekt å ha...

...ja, og så har eg visst byrja å drikke kaffi! Eller i alle fall latte - sjølv om det er litt tøysekaffi. Eg skal ikkje skryte på meg at eg er ein kaffinytar så langt, men eg klarer i alle fall å helle det i meg. Effekten er nesten like bra som Cola - så eg er nesten våken litt innimellom ;)

12 september 2012

I have a blog...

...og kanskje er det på tide å oppdatere litt igjen?

Sidan 9. august har eg hatt postadresse 5034 Bergen. Etter ein månad i byen mellom dei sju fjell kan eg slå fast at det er vått her. Og litt for varmt. I alle fall når eg skal gå/sykle opp dei bratte bakkane til Breistølen. Men eg har det ganske så bra og klagar (nesten) ikkje!

Velkomsten i regnbyen (eller var det regnbygene?) er det i alle fall ikkje noko å seie på. Ingen annnan stad i verda har eg fått servert nysteikte bollar med kvitt perlesukker frå Sverige. Er det rart eg ville til Bergen? :)

Elles har eg blitt student igjen. Prøver å lære litt meir om administrasjon og organisasjonsvitskap. Politikk og slikt. Samfunnsfag, om du vil. Greitt nok og tidvis ganske interessant.

Besøk har det også blitt litt av den første månaden. Både Tante Siri, onkel John, John-Olav, Samuel, mamma, pappa og Kay Amund har overnatta her. Veldig fint med gjesterom på loftet og ein mjuk og god tøysofa på stua. Ta gjerne kontakt om du skal innom Bergen og treng litt bed'n'breakfast!

Sist, men ikkje minst - eg har blitt litt sunnare. Ikkje mykje, men LITT. Stilleståande innefotball kvar onsdag, to sykkelturar til/frå sentrum, litt forsiktig rusling hit og dit - og CURLING i Loddefjord.

Sjølv om curling er verre for lyskane enn du kanskje hadde trudd, er det fantastisk gøy! Garantert noko eg skal prøve fleire gongar det komande året. Snakkar vi Pyeongchang 2018?

23 juni 2012

God stemning :)

Sist helg var det storselskap for Godøy-besta, som fyller 80 år omtrent på denne tida! Ei sprek dame med 6 barn, 19 barnebarn og 12 oldebarn. Jubilanten vart feira på Myrtun saman med 80-90 slektningar og vennar. God mat og god stemning...

...og eg fekk til og med besøk frå Jæren/Bergen. Ragnhild tok seg ein tur etter vel overstått eksamen (60 prosent jurist, ikkje verst!) for å feire besta og henge litt med meg. Vi tok oss også ein tur til Volda, Flø og Moa. Mellom anna. Meir fyldig rapport og flotte bilde finn du på denne fantastiske bloggen.

Neste steg på programmet er flytting og vasking. Frå Annekset til Breistølen. 1. juli reiser eg og flyttelasset til Bergen saman med eit lovsangsteam, så køyrer eg og teamet videre til Lyngdal neste dag - utan flyttelasset. Eg skal visst vere på bibelcampen to veker denne sommaren, først som lovsangsleiar og så som ungdomsleiar siste veka i juli. I mellomtida skal eg feriere på Godøya og redigere litt lyd frå den fantastiske sommarkonserten til Godøy Ungdomskor!

Etter siste veka i Lyngdal skal eg innom Jæren og UL ei veke. Så reiser eg heim til Godøya i nokre få dagar, før eg og Audi-en køyrer til Bergen. Utan akvariet, det har visst flytta til Volda. I Bergen trur eg at eg får nøye meg med desse fiskane, så får eg heller starte oppdrett av litt hybelkaniner på stua :)

22 mai 2012

Party party!

Mai er høgtid, sjølv om veret har variert enormt dei siste vekene. Andre helga i mai var eg i konfirmasjon til desse kjekke karane, Daniel og Lennart.

Tida flyg og smårollingane på Alnes er plutseleg halvvaksne karar på 14 1/2 år. Stramme med dress og greier. Heldigvis klarer eg å slå dei i Fifa innimellom...
Ragnhild tok også turen til Godøya, så vi fekk vise oss fram i dei flotte bunadane våre.

Berre to veker tidlegare var vi i konfirmasjonen til Sara med same "outfiten", så det har vore mykje god mat og herleg stemning den siste tida.
17. mai og den påfølgjande helga var eg i Bergen, der eg fekk låne eit rom og ei seng i Jonas Lie-kollektivet. Tusen takk til Jan Oskar, Ruben og Tore (og Karoline, sjølv om ho ikkje var der...) for fantastisk vertskap!

Dessverre vart dette siste gongen eg overnatta på Danmarksplass for no...
...for frå 1. juni disponerer eg visst ei kjellerleilegheit i Breistølen 31A. Til hausten skal eg studere og jobbe i Bergen, og med ei utsikt som denne skal eg muligens overleve - sjølv om det vert mange lange oppoverbakkar.

Etter sju år med lite trim og mykje køyring er det kanskje på tide å kvitte seg med bilen og kome i form igjen? SuperNils på nye eventyr, party party!

03 april 2012

Ut på tur x3

Sjølv om eg ikkje har vore i Bergen på ei stund, har det blitt mykje reising likevel dei siste vekene. Eller rettare sagt helgene.

I midten av mars reiste eg til Molde saman med ein herleg gjeng. Vi overnatta på Molde bedehus, hjelpte til med litt praktiske oppgåver der, var med på gateevangelisering på dagtid og ungdomsmøte/konsert på kveldstid. Paul Grønseth hadde ein veldig bra konsert, og han hadde til og med ein godøying på bassist!

Sist eg møtte Erlend var på eit T-bane-stopp i Oslo i fjor ein gong, plutseleg var vi i Molde saman. Artig!

Helga etter var det duka for vinterens store happening for ungdomsflokken på bedehuset. Surf Camp i Hoddevika vart ein suksess, med 30 våtdraktkledde ute i vatnet samtidig og god stemning. Vi fekk omtale både i Øy-Blikk og Sambåndet, i Sambåndet-artikkelen kan du også sjå den herlege filmen Tore laga frå turen!

Eg blir nok neppe verdas største surfeentusiast, men det var i alle fall kjekt å få prøve litt. God mosjon å plaske omkring i vatnet, sjølv om det ikkje vart mange sekunda eg klarte å halde meg oppe på brettet...

Så har eg hatt litt besøk eit par gongar den siste månaden - og i påska skal eg visst ut på tur igjen. Til ein hyggeleg familie på Jæren og hytta deira i Suldal. Full fart og mykje moro, men forhåpentlegvis skal eg få tid til å lese ei bok eller to også i løpet av påska :)

20 mars 2012

Hurra for meg!

Så var det visst 20. mars igjen. Tida går berre fortare og fortare, er det virkeleg eit heilt år sidan eg feira 30-årsdagen min på Myrtun med pizza, Amiga 500 og Fifa98?

Det har i alle fall vore eit innhaldsrikt år. Sidan 20. mars 2011 har eg mellom anna vore på Skjærgårds, i Lyngdal, i Danmark, i Sverige, på UL og på harryhandel til Sverige igjen. Eg har både starta og slutta på Høgskulen i Volda, heldigvis fekk eg med meg ein kjekk klassetur til Voss og mange andre gode minne før eg fann ut at det vart for hektisk med både pendling, jobbing og litt for lange dagar generelt.

I løpet av det siste året har eg også fjerna blindtarmen, flytta til Valderøya, hengt opp den flotte postkassa som eg kjøpte på Clas Ohlson hausten 2005, jobba for elleve ulike oppdragsgivarar, vore i Molde eit par gongar - og til og med fått meg ein fantastisk kjærast! I Bergen. Upraktisk, men veldig kjekt. Gratulerer til både meg, SAS og Norwegian!

Norge har visst endeleg fått over fem millionar innbyggjarar no. Kanskje. Ingen har visst hundre prosent kontroll. Eg er i alle fall berre meg. Men det er i grunn veldig greitt. Eg har det bra - sjølv om eg er 31 år :)

27 februar 2012

Byen er Bergen :)

Eg fann plutseleg ut at det var på tide med ein helgetur til vestlandshovudstaden Bjørgvin. Sjølv om regnet (merkeleg nok) hølja ned både då eg kom og reiste, var både vêret og stemninga supert resten av tida!

På programmet var mellom anna knallhard actionfilm med Pierce Brosnan, søndagsmøte i Salem, cruising med lokale rånarar og politisk drama på KP 1.

Tusen takk til fantastiske Ragnhild for guiding og godt selskap :)

Og til alle wannabe-bergensarar som følte seg snytt i helga - I'll be back!

02 februar 2012

Supertorsdag

Mamma reiser straks på pensjonisttur til Syden, men før turen ville ho og pappa gjerne invitere dei kjekke sønene sine på middag. Dermed vart det potetball på kafé!

Fire bilar i parkerkingskjellaren rett frå kvar sin jobb, nydeleg mat og god stemning. Kan det verte stort betre ein heilt vanleg torsdag i februar? :)

03 januar 2012

Godt nyttår!

Så var det visst plutseleg 2012, tida går berre raskare og raskare...

2011 var eit aktivt og variert år for min del. Mykje jobb (Sunnmørsposten, Øy-Blikk, ANB, Giske kommune og diverse frilansing), i alle fall. Så var eg på roadtrip til Skjærgårds, Lyngdal, Danmark og Sverige og var ei veke på UL.

Spesielt hausten var ganske heftig med flytting til Valderøya, blindtarmoperasjon og ei heilt ny oppleving som musikkstudent i Volda. Eg hoppa av studentlivet i november, men rakk i alle fall å verte kjend med mange hyggelige folk før eg slutta :)

Og kva skjer så i 2012? Eg har ikkje nokon fast jobb og satsar i første omgang på ei karriere som frilansar/lausarbeidar. Så skal eg kanskje stå pittelitt på ski, spele mest muleg fotball i Godøyhallen, få 600 poeng i Wordfeud, spele inn CD med Godøy Ungdomskor og jobbe ei veke i Lyngdal i sommar. Og muligens teste ut den nye boka eg fekk i julegåve...

GØTT ÅR!