26 juli 2007

Radiokongen

Då har eg sommarferie! I alle fall nesten...måtte inn på kontoret ein tur på torsdag for å lage til Ung Time til fredag. Det er altså dessverre ikkje direktesending, i tilfelle nokon skulle tru det. Men NESTEN direktesending :P

Uansett - det som er poenget med dette innlegget er at alle bør skru på Radio Sentrum fredagar mellom 15.00 og 16.00. Då er det nemleg Ung Time som herjar på frekvensen, med mykje feit musikk og litt anna snacks - som Kjetil sine linketips og slikt. Denne fredagen får du mellom anna ein sniktitt på Rudi Myntevik sitt nye album.

Om du skulle vere opptatt fredag ettermiddag, er det reprise natt til søndag mellom 03 og 04!

Og, ja - eg har det veldig gøy i studioet. Og syns i alle fall sjølv at eg ser ganske fancy ut med headset og slikt :D

18 juli 2007

Sommar på Sørlandet

Så er myta motbevist ein gong for alle - det er faktisk ikkje alltid sol og fint ver på Sørlandet om sommaren. Sjølv ikkje i Lyngdal!

Men humøret er likevel på topp på bibelcampen. Berre sjå på leirsjef Kenneth Foss, som har lært at det er viktig å kle seg etter veret :)

Tysdag fekk eg i oppdrag å gå ei runde på området og ta bilde av campen og folka. Paraplyen overlevde ikkje så veldig lenge i regn og sterk vind, men det var i alle fall gøy å vandre litt omkring og sjå på alle dei store sølepyttane og folk som rusla omkring i støvlar og shorts.

Og både eg og kameraet toler litt vatn, vi er jo sunnmøringar!

Fullt så kjekt var det ikkje då eg kom inn på rommet mitt tidlegare på dagen og oppdaga at eg hadde fått "svømmebasseng" på golvet. Takvindauget mitt stod nemleg så vidt på gløtt, men hadde opna seg gradvis meir og meir utover dagen og dermed blei det ganske så vått. Sånn cirka ti liter vatn måtte eg tørke opp, i tillegg til at halvparten av kleda mine var søkkvåte og måtte henge til tørk over natta...

10 juli 2007

Gutteleir og Lyngdal

Torsdag til søndag var eg leirsjef på gutteleir på Brusdalsheimen. Ti leiarar og 35 deltakarar var samla og fekk nokre fantastiske dagar med sjukt bra ver (opp mot 28-29 grader på det varmaste), solid forkynning frå Kjetil og mykje moro elles.

Nokre av bilda frå leiren ligg ute på Ung Misjon dått enno, men for dei som ikkje har tid til å sjå på alle bilda, kan eg ta ei kjapp oppsummering med nokre av dei viktigste punkta:

Perfekt teknikk er viktig i bogeskyting, gode fotballdommarar smiler aldri, alle tøffe karar brukar sykkelhjelm, potetball er nydeleg godt, grillpølse er ikkje så verst det heller og det er vanvittig kult med pokal og medaljar!

Og berre så alle er advarte: ikkje alle bilde frå leiren er like familievennlege...

Måndag reiste eg til Lyngdal, her skal eg jobbe i 14 dagar som ungdomsleiar for Ungdomscampen på Lyngdal Bibelcamp. Vi starta med kickoff-møte måndag kveld, utover i veka skal det bli både action, bibelundervisning, quiz og mykje meir! Med andre ord kan det bli ganske så gøy, sjølv om sommarveret på Sørlandet ikkje er fullt så bra som på Sunnmøre...

01 juli 2007

Bryllup og slikt

Laurdag var eg fotograf i bryllupet til Dag Filip og Merete - frå no av herr og fru Roaldsnes. Det heile starta med strykekvartett og mykje anna herleg song og musikk i kyrkja. Så åt vi god mat, kosa oss ute i det fantastiske sommarveret og hadde det kjekt saman, før brudeparet runda av det heile med å synge for gjestane.

Takk for den fine dagen, Dag og Merete - lykke til med livet saman! :)

Søndag blir det fjelltur for å trimme vekk litt av bryllupskakene. Torsdag til søndag skal eg på gutteleir og trimme vekk endå meir, og 9.-22. juli skal eg vere ungdomsarbeidar på Lyngdal bibelcamp og forhåpentlegvis trimme litt der også. Wehey!