10 juli 2007

Gutteleir og Lyngdal

Torsdag til søndag var eg leirsjef på gutteleir på Brusdalsheimen. Ti leiarar og 35 deltakarar var samla og fekk nokre fantastiske dagar med sjukt bra ver (opp mot 28-29 grader på det varmaste), solid forkynning frå Kjetil og mykje moro elles.

Nokre av bilda frå leiren ligg ute på Ung Misjon dått enno, men for dei som ikkje har tid til å sjå på alle bilda, kan eg ta ei kjapp oppsummering med nokre av dei viktigste punkta:

Perfekt teknikk er viktig i bogeskyting, gode fotballdommarar smiler aldri, alle tøffe karar brukar sykkelhjelm, potetball er nydeleg godt, grillpølse er ikkje så verst det heller og det er vanvittig kult med pokal og medaljar!

Og berre så alle er advarte: ikkje alle bilde frå leiren er like familievennlege...

Måndag reiste eg til Lyngdal, her skal eg jobbe i 14 dagar som ungdomsleiar for Ungdomscampen på Lyngdal Bibelcamp. Vi starta med kickoff-møte måndag kveld, utover i veka skal det bli både action, bibelundervisning, quiz og mykje meir! Med andre ord kan det bli ganske så gøy, sjølv om sommarveret på Sørlandet ikkje er fullt så bra som på Sunnmøre...

Ingen kommentarer: