30 mai 2007

It is done!

Då har endeleg gjort det som store delar av befolkninga på Godøya har gjort kvar dag sidan 14. desember 2006 - eg har jogga/gått gjennom den fantastiske Alnestunnelen!

Tusen takk til alle som har vore med og støtta meg gjennom den lange og farlege ekspedisjonen, som vart krona med å gå skogen frå tunnelopninga og tilbake til Leitebakk. Utan å signere på dei to postane i skogen, ifølgje sikre kjelder er det nemleg kun postane på Godøyfjellet som gir ære og berømmelse...

28 mai 2007

Frihelg

Denne helga hadde eg fri frå jobb. Dermed blei det ganske travelt, for no skjedde tydelegvis alt på ein gong. Men viktigast av alt: Eg vaska endeleg bilen min, for første gong på lenge! Og Ruben fekk vere med i ein vaskehall for første gong, veldig stort for unge herr Austnes, som feira med krem og lang skei på Lyspunktet saman med Sven Harald.

Fredag kveld var det konsert med Rudi Myntevik i Giske kyrkje. Ein herleg akustisk konsert frå vanlegvis litt meir rocka Rudi. Det blir forresten intervju med han i neste Ung Time, fredag klokka 15!

Etter konserten stakk vi til Lyspunktet for litt mat og snacks. Marta og Edvard kosa seg med kakao eller noko slikt, Ruben og Sven var mest opptatt av lang skei og krem. Og så var der eigentleg ein konsert med nokre sære tyskarar, men vi stakk ganske kjapt etter at den konserten starta. Og vaska bilen i staden, noko alle satte stor pris på.

Laurdag var det bryllup, Linn og Stein-Arne fann ut at det var på tide å gifte seg. Heldigvis ville dei ha hundrevis av flotte bilde frå den store dagen, dermed blei det dress, slips og mykje mat på meg. Eit bryllup om dagen er fantastisk godt for magen! :)

Søndag kom Lidvar på besøk for å inspisere leiligheita mi, trur ho blei halvvegs godkjend av ein seriøs ingeniør frå Bergen/Herøy. Så fauk eg innom Trond-Vegard og snylta litt snop frå Iris, før eg stakk heim til meg sjølv og spelte Playstation utover natta. Fredag hadde eg nemleg vårreingjering i ein halvtime, dermed kunne eg ha folk på besøk både fredag, laurdag og søndag kveld/natt/morgon. Tjohei!

24 mai 2007

Lys og salt

Kvardagskristen vil eg vera,
Syn for segn det krev Guds ord.
Samklang mellom liv og læra
Det er himmelsong på jord.
Som den djupe fjord kan greia
Spegla himlen høg og blå,
Skal ein kvardagskristen spreia
Festglans kring det kvardagsgrå.


Finalen i Champions League var rimeleg kvardagsgrå, men Kaka klarte i alle fall å spreie litt festglans etter kampslutt. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko... :)

20 mai 2007

Smoothie og slikt

Laurdag kveld var eg på Ulstein bedehus, der Adventura/IUF held til og har ungdomssamling kvar laurdag. Nyoppussa hus, veldig stilig!

Kveldens høgdepunkt var utan tvil den nydelege jordbær-smoothien eg kjøpte i kiosken der. Fantastisk! Gløymde forresten å ta bilde, men den du ser til høgre er ganske lik - berre at på Ulstein bedehus får du to sugerør!

Fredag var eg på Emblem, der eg åt pizza, chips og bananasplit. Og så hadde eg sjølvsagt andakt både der og i Ulsteinvik, det var ikkje kun maten som lokka - sjølv om god mat og drikke sjølvsagt er ein viktig del av jobben i misjonen :)

Forresten - for dei som måtte lure på kvifor eg har eit Idol-bilde av meg sjølv som profilbilde på bloggen: http://www.stoebakk.com/nos/cv/idol.pdf

18 mai 2007

Bunad for alle penga!

17. mai er så vi så gla' i. I alle fall 17. mai på herlige Godøya med sol og mange kjekke folk. Og ikkje minst ein veldig kjekk Nils-Ove i sin sunnmørsbunad anno 2006. I toget slo eg meg saman med Anders, som 17. mai-debuterte med sin bunad. Ekte øyakarar med bjørketre i bakgrunnen, kan det bli betre?

Daniel hadde også pynta seg på nasjonaldagen. Og kva passar vel betre til norske flagg og dressjakke enn drakta til Tottenham for sesongen 2006-2007? Danny har stilen inne, ingen tvil om det!

16. mai var det forresten bilrebus med heile 28 lag. Og alle overlevde i år også, sjølv om nokre (valderøyingar) klaga på at rebusane mine var for vanskelege. På ukveld.net kan du lese litt meir om kven som vann og ikkje. Det var i alle fall kjekt, og også veldig bra at mange kom på ungdomskvelden før rebusen også! :)

Men tilbake til 17. mai. Av ein eller annan grunn var eg visst festtalar på folkefesten i Godøyhallen, og då måtte eg sjølvsagt ta bilde av meg sjølv på talerstolen med alle folka i bakgrunnen. Det var litt mørkt i hallen, så folka i bakgrunnen viser ikkje så veldig godt - men dei er der. Og dei oppførte seg fint, eg overlevde utan altfor mange varige men.

Mykje kan seiast om 17. mai, men eg oppsummerer dagen med følgjande visdomsord: Bunad er flott. Spesielt på jenter. Men også på oss karane. Gler meg allereie til neste år :)

14 mai 2007

Party party

Fredag var eg i sjuårselskap til John Olav, tøffaste førsteklassingen i heile verda! Astrid Sofie blei to år dagen før, dermed spurte eg fint om ho kunne stille opp til eit bilde saman Johnny-boy. Noko ho gjorde utan å nøle. Har eg ikkje lydige søskenbarn, vel?

Fredag kveld var det Risk og Pro heime med meg, alltid kjekt å fylle opp stua med søsne ungdommar! Laurdag kveld hadde eg andakt på ungdomskveld på Vigra. Lenge sidan sist, kjekt å besøke bedehuset der ute også ein gong innimellom. Og søndag såg eg "Spiderman 3" på kino. Lenge sidan eg har sett ein film som set presseetikken i fokus, slikt liker vi!

Dei neste dagane blir det mykje å førebu. Onsdag er det nok ein gong tid for den fantastiske bilrebusen på Godøya - med meg som rebusforfattar. Torsdag skal eg visst vere talar på 17. mai-festen i Godøyhallen, så då må eg vel prøve å seie noko lurt. Fredag blir det ungdomskveld på Emblem, laurdag står Ulstein bedehus på timeplanen. Med andre ord: Party party! :)

10 mai 2007

Dansekongen

Laurdag hadde vi "Dansefeber" på ungdomskveld, der eg knekte all motstand med min fantastiske karate-/headbanging-/Carlton-/apekatt-"dans" til ein heimelaga mix av Kung Fu Fighting, What is love, Not Unusual og We're the Monkees!

Men sjølv eg må gi tapt mot han som kjem på scena etter 40 sekund i denne videoen her...

05 mai 2007

Bordtennis, fotball og andre skumle ting

Fredag kveld var eg på fredagskafé på Årset bedehus på Ellingsøya. Ellingsøyerane er ikkje så skumle som vi ville ha det til før i tida, dei har til og med taco på bedehuset! Slikt liker vi :)

Etter at resten tok kvelden, spelte eg og Elling bordtennis i eit par timar før vi råna omkring på Ellingsøya (Elling si øy) og såg på alle sjøbudene og den nye kunstgrasbana som er under bygging. Og så vart kvelden runda av heime hos meg, der eg og Ruben knuste Sven Harald og Jonas i Pro Evolution Soccer!

I dag hadde eg tenkt å rydde, men det er dessverre ikkje så lett. Canal+ er nemleg så onde at dei sender engelsk fotball heile dagen, noko som er veldig populært blant hybelkaninane i leiligheita mi. Heldigvis er sesongen på balløya nesten ferdig...

Laurdag kveld blir det bursdagsselskap på Alnes (onkel Øyvind) og ungdomskveld på Godøya. Med lovsong, brownies og show! Tjohei!

03 mai 2007

Dagens ord: prokrastinering

Det er alltid gøy å oppdage nye ord. I ein VG-artikkel om studentar som surfar på nettet i staden for å lese til eksamen fekk i alle fall eg lære eit nytt ord med heile 15 bokstavar!

Prokrastinering = "fagordet for å utsette viktige gjøremål gjennom andre og mindre viktige aktiviteter".

Så kjem det store spørsmålet: Kva er viktig og ikkje?

Full fart

Og kva har så Nils-Ove gjort dei siste vekene, når han tydelegvis har gjort alt anna enn å oppdatere bloggen sin?

Vi prøver å oppsummere i full fart: Andakt på vårfest på Brusdalsheimen, finale i Salomokonkurransen (med mellom anna klokketårnklatring og havrafting!), andakt på MUSK-klubben, Møre Herøy og Remøy Junior, andakt på Møre Hatlehol, ten-treff på Brusdalsheimen og natt til første mai-gospel på Blindheim.

Og så har eg starta radiosending (Ung Time) kvar fredag mellom 15 og 16 på Radio Sentrum. Og lansert imf-ung.no, som eg må oppdatere litt meir snart. Og sett nokre fotballkampar (Heia Godøy!) og vore på jazzkonsert. Og litt til. Men eg skal prøve å skjerpe meg.