28 mai 2007

Frihelg

Denne helga hadde eg fri frå jobb. Dermed blei det ganske travelt, for no skjedde tydelegvis alt på ein gong. Men viktigast av alt: Eg vaska endeleg bilen min, for første gong på lenge! Og Ruben fekk vere med i ein vaskehall for første gong, veldig stort for unge herr Austnes, som feira med krem og lang skei på Lyspunktet saman med Sven Harald.

Fredag kveld var det konsert med Rudi Myntevik i Giske kyrkje. Ein herleg akustisk konsert frå vanlegvis litt meir rocka Rudi. Det blir forresten intervju med han i neste Ung Time, fredag klokka 15!

Etter konserten stakk vi til Lyspunktet for litt mat og snacks. Marta og Edvard kosa seg med kakao eller noko slikt, Ruben og Sven var mest opptatt av lang skei og krem. Og så var der eigentleg ein konsert med nokre sære tyskarar, men vi stakk ganske kjapt etter at den konserten starta. Og vaska bilen i staden, noko alle satte stor pris på.

Laurdag var det bryllup, Linn og Stein-Arne fann ut at det var på tide å gifte seg. Heldigvis ville dei ha hundrevis av flotte bilde frå den store dagen, dermed blei det dress, slips og mykje mat på meg. Eit bryllup om dagen er fantastisk godt for magen! :)

Søndag kom Lidvar på besøk for å inspisere leiligheita mi, trur ho blei halvvegs godkjend av ein seriøs ingeniør frå Bergen/Herøy. Så fauk eg innom Trond-Vegard og snylta litt snop frå Iris, før eg stakk heim til meg sjølv og spelte Playstation utover natta. Fredag hadde eg nemleg vårreingjering i ein halvtime, dermed kunne eg ha folk på besøk både fredag, laurdag og søndag kveld/natt/morgon. Tjohei!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, midt i ditt travle ungkarsliv, he du då vore innom
og sett på e-posten din? Der ligg nemlig eit mas om flygebladet. Du veit, det e mandag i dag, og eg må ha det i kveld...seinast....

Ruben Elias Austnes sa...

Bilvasking tru ej må ver de gøyaste ej he gjort på fleire år! På andre plass he ej då ej va me på bingo me ho mormor ;)

Marthe sa...

For et bra bilde av brudeparet!!!!

Nils-Ove Støbakk sa...

Ruben: Kjekt at ej kan glede ungdommen. Dokke he godt ta å gjer nokke anna enn å berre spele data heile dagane. Spesielt du, so ikkje tør å bade uten 8mm våtdrakt og greier...

Marthe: Fint brudepar, vettu! Blei litt for mykje lysglimt i refleksen på sparken, men det fiksa oss til bilda kjøme på CD ;)