20 mai 2007

Smoothie og slikt

Laurdag kveld var eg på Ulstein bedehus, der Adventura/IUF held til og har ungdomssamling kvar laurdag. Nyoppussa hus, veldig stilig!

Kveldens høgdepunkt var utan tvil den nydelege jordbær-smoothien eg kjøpte i kiosken der. Fantastisk! Gløymde forresten å ta bilde, men den du ser til høgre er ganske lik - berre at på Ulstein bedehus får du to sugerør!

Fredag var eg på Emblem, der eg åt pizza, chips og bananasplit. Og så hadde eg sjølvsagt andakt både der og i Ulsteinvik, det var ikkje kun maten som lokka - sjølv om god mat og drikke sjølvsagt er ein viktig del av jobben i misjonen :)

Forresten - for dei som måtte lure på kvifor eg har eit Idol-bilde av meg sjølv som profilbilde på bloggen: http://www.stoebakk.com/nos/cv/idol.pdf

5 kommentarer:

Unknown sa...

Får nesten inntrykk av at du i ordets rette forstand spiste deg gjennom store deler av Sunnmøre ;D

Nils-Ove Støbakk sa...

Forresten veldig bra chips også på Ulstein bedehus! Men kafeen på fergå vå dessverre stengt for kvelden, so blei ikkje svele på mej... :/

Anonym sa...

Bra Nils-Ove...men du kje ungkar i ein alder av 26.....

Nils-Ove Støbakk sa...

Mobba du mej fordi ej e ugift, so det heite no for tia, Jostein? Ej ekje singel, ej e fri på markedet :P

Anonym sa...

Nei ej mobbakje dej...men vil berre at du ikkje skal fortvile..ej sjøl var 28 når ej va gift....men ej gifta mej kjapt etter d første møtet..hehehe...men nyt tida no..du e ung...damene kjøme før du veit ordet av det...ja singel e det rette ordet...ungkar blir ein etter 50...