18 mai 2007

Bunad for alle penga!

17. mai er så vi så gla' i. I alle fall 17. mai på herlige Godøya med sol og mange kjekke folk. Og ikkje minst ein veldig kjekk Nils-Ove i sin sunnmørsbunad anno 2006. I toget slo eg meg saman med Anders, som 17. mai-debuterte med sin bunad. Ekte øyakarar med bjørketre i bakgrunnen, kan det bli betre?

Daniel hadde også pynta seg på nasjonaldagen. Og kva passar vel betre til norske flagg og dressjakke enn drakta til Tottenham for sesongen 2006-2007? Danny har stilen inne, ingen tvil om det!

16. mai var det forresten bilrebus med heile 28 lag. Og alle overlevde i år også, sjølv om nokre (valderøyingar) klaga på at rebusane mine var for vanskelege. På ukveld.net kan du lese litt meir om kven som vann og ikkje. Det var i alle fall kjekt, og også veldig bra at mange kom på ungdomskvelden før rebusen også! :)

Men tilbake til 17. mai. Av ein eller annan grunn var eg visst festtalar på folkefesten i Godøyhallen, og då måtte eg sjølvsagt ta bilde av meg sjølv på talerstolen med alle folka i bakgrunnen. Det var litt mørkt i hallen, så folka i bakgrunnen viser ikkje så veldig godt - men dei er der. Og dei oppførte seg fint, eg overlevde utan altfor mange varige men.

Mykje kan seiast om 17. mai, men eg oppsummerer dagen med følgjande visdomsord: Bunad er flott. Spesielt på jenter. Men også på oss karane. Gler meg allereie til neste år :)

2 kommentarer:

Marit sa...

Yes! Du he forstått d Nils, bunad på gutta e nice:) Hørte dokke hadde et like strålende ver heime so her i Bergen! Her va d go stemning:) Keep up the good work Nils!!

Nils-Ove Støbakk sa...

Alltid sol og sommer på Godøya. Bergen e oppskrytt, kom dej heim igjen til Gullkysten ;)