27 august 2006

Sjefsgospel frå Estland

Først av alt - Nils-Ove Støbakk er ingen stor gospelentusiast. Men konserten på Godøy bedehus med Tallinn Gospel Choir laurdag kveld var rett og slett sjefs!

Får du nokon gong sjansen til å høre på dette koret frå Estland, ikkje nøl. Gode tekstar, gode songarar, gode musikarar og god stemning leverast i ein unik kombinasjon.

Tok forresten med meg kameraet og tok nokre bilde som ligg ute på ukveld.net, om nokon skulle lure på korleis eit gospelkor frå Estland ser ut. Bilda er dessverre uten lyd...

Mat for mannfolk

Kva gjer tre søskenbarn frå Godøya når dei bestemmer seg for å lage felles middag ein laurdagskveld?

Slenger saman litt biff, fløtegratinerte poteter og bearnaisesaus, så klart!

Ein grei måte å døyve litt av smerten etter at Tottenham spelte tidenes verste kamp og tapte 2-0 heime mot Everton sine ti menn. Etter kvart skulle dagen ta seg ytterlegare opp med ein forrykande konsert med Tallinn Gospel Choir. Meir kjem om ikkje så altfor lenge, inntil då får blogglesarane mine nyte synet av kjekke karar og god mat :)



Geir Ove gliser fornøgd over synet av god mat, mens
Daniel prøver å finne trøyst i Cola og bearnaisesaus.


PS! Til dei som måtte meine at dette ikkje har noko som helst med jobben min å gjere: Uten mat og drikk(j)e duger helten ikkje...

26 august 2006

Mi første misjonsreise

Fredag kveld var eg og Kjetil i Brattvågen, der vi besøkte koret Petrus og ungdomsklubben Kroa. Ein fin kveld, med tid til både leik, mat og litt seriøs prat.

Veldig greitt å ha med seg sjefen på tur, fann eg ut. Spesielt når dei treng frivillige til underhaldande leikar som "ete-eple-frå-ei-panne-med-vatn-leiken" og liknande. Kjetil blei med andre ord ikkje døypt på nytt, sjølv om det kanskje kan sjå slik ut på bildet. Eg meldte sjølvsagt sjefen som frivillig, ein jobb han klarte veldig bra, uten å nå heilt opp i sterk konkurranse med dei lokale heltane.

Etter litt songar og underhaldning viste vi ein informasjonsfilm om Ung Misjon, før eg heldt ei andakt med utgangspunkt i Ben-Hur, som eg tilfeldigvis snubla over på TCM natt til fredag. Veldig bra film, bør sjåast!

Etter møtedelen fekk vi servert nydeleg pizza og fekk prata litt med ein del av dei kjekke ungdommane i Brattvågen. Ei triveleg avslutning på ein fin og variert fredagskveld.

Like fin var ikkje bulken i bilen min som på mystisk vis oppstod i løpet av kvelden. Etter merka å døme kan det sjå ut som ein moped har vore borti døra og framskjermen... :/

Kjetil gir alt for å få has på eplet.


Finaledeltakarane tar ei kort pustepause.


Heia Godøy!

24 august 2006

Gøy med matte

Då er det utprøvd, og testpanelet kan konstatere at Pro Evolution Soccer med dansematte er ganske så gøy!

Ein god del vanskelegare enn med vanlege kontrollar, men mykje meir underhaldande. Og det går faktisk an å score mål også, om du skulle vere veldig heldig!

Her er Arild og Stine i full aksjon på dei to nyinnkjøpte misjonsmattene. Som ein kan sjå på bilda, vann Arild 1-0 med Tottenham over Liverpool etter ei kjempescoring av Berbatov.



Stine tok etter kvart i bruk kvinneleg list for å sabotere, noko som fort kan bli eit avgjerande triks i "matte-fotball"...

23 august 2006

Playstation og slikt


Ung Misjon har fått sponsormidlar for å kjøpe Playstation til å ha på leirane. Tysdag var eg på Spaceworld og fekk til slutt denne pakken: PS2, EyeToy3 (med kamera), Buzz The BIG Quiz, to dansematter (unnskyld..."bevegelsesmatter" på misjonsspråket) og eit spel til mattene.

I tillegg har eg høyrt rykte om at det skal gå an å spele Pro Evolution Soccer med dan...eh..mattene! :D

Eg har allereie testa Eye Toy og blei fullstendig utslitt etter 45 minutt med hopping, veiving med hendene og risting på hovudet. Slitsomt? Veldig. Gøy? Definitivt!

PS! Nei, vi skal sjølvsagt ikkje spele Playstation heile tida på leir. På dagtid skal vi ut i naturen, padle i kano, spele fotball, stå på ski og slikt. Men på kveldstid kan kanskje litt action og svetting attmed storskjermen vere eit alternativ for dei som ikkje er så glade i bordtennis og biljard?

16 august 2006

Massiv medieomtale


Berre få timar etter lanseringa blei denne fantastiske bloggen omtalt på legendariske slappa.no, ein samleblogg for tre NLM-entusiastar som trur at Oslo er den beste staden å bu.

Tusen takk til Norea Radio Oslo-redaktør David Andresen for ein fin og saklig artikkel og fornuftig bruk av den utsendte pressemeldinga!

PS! Idol-bildet mitt er frå ein under cover-reportasje i skulesamanheng, les gjerne og lær meir om korleis vi kjendisar har det.

15 august 2006

Leir, anyone?


Tysdag kveld hadde barne- og ungdomsnemda møte i Skaregata. Etterpå fekk alle utdelt kvar si liste for å ringe rundt etter potensielle leirleiarar.

Enkelte tok oppgåva meir seriøst enn andre, underteikna var ekstremt effektiv og godsnakka slik at både den eine og den andre fekk lyst å vere med på leir (sjå bilde).

Kan DU tenkje deg å vere leirleiar? Eller vil du kanskje vere deltakar på leir?

På Ung Misjon si leirside finn du all informasjonen du treng. Kom på leir, det er ikkje farleg i det heile tatt!

RING! NO! ELLERS...

Min første blogg

Då er eg i gang med min aller første arbeidsdag som tenåringsarbeidar i Ung Misjon. Eg har fått klar beskjed frå Kjetil (sjefen) om at det aller, aller viktigaste er å få opp ein blogg så kjapt som muleg.

Om det nokon gong vil kome noko fornuftig på denne bloggen er eg sterkt i tvil om, men eg skal prøve så godt eg kan å vere pittelitt seriøs. Ein sjeldan gong i blant. Og så skal eg prøve å skrive nynorsk. Ikkje fordi eg er ein nynorskfanatiker, men fordi Bibelen min er på nynorsk. Så då blir det greiast viss eg skulle få eit ord eller to å dele.

Nyttig informasjon elles? Nils-Ove, 25 år, frå Godøya, har jobba som sportsjournalist i Sunnmørsposten siste året. Tidlegare har eg gått på Bibelskolen Bildøy Bergen, jobba i Radio Gnisten og studert ved Mediehøgskolen Gimlekollen. Bur i leiligheit saman med katten Olga (bilde kjem seinare), ein Playstation 2 og eit Yamaha elpiano.

Gler meg til å ta fatt på nyejobben, satsar på å ikkje få sparken heilt med ein gong :)