26 august 2006

Mi første misjonsreise

Fredag kveld var eg og Kjetil i Brattvågen, der vi besøkte koret Petrus og ungdomsklubben Kroa. Ein fin kveld, med tid til både leik, mat og litt seriøs prat.

Veldig greitt å ha med seg sjefen på tur, fann eg ut. Spesielt når dei treng frivillige til underhaldande leikar som "ete-eple-frå-ei-panne-med-vatn-leiken" og liknande. Kjetil blei med andre ord ikkje døypt på nytt, sjølv om det kanskje kan sjå slik ut på bildet. Eg meldte sjølvsagt sjefen som frivillig, ein jobb han klarte veldig bra, uten å nå heilt opp i sterk konkurranse med dei lokale heltane.

Etter litt songar og underhaldning viste vi ein informasjonsfilm om Ung Misjon, før eg heldt ei andakt med utgangspunkt i Ben-Hur, som eg tilfeldigvis snubla over på TCM natt til fredag. Veldig bra film, bør sjåast!

Etter møtedelen fekk vi servert nydeleg pizza og fekk prata litt med ein del av dei kjekke ungdommane i Brattvågen. Ei triveleg avslutning på ein fin og variert fredagskveld.

Like fin var ikkje bulken i bilen min som på mystisk vis oppstod i løpet av kvelden. Etter merka å døme kan det sjå ut som ein moped har vore borti døra og framskjermen... :/

Kjetil gir alt for å få has på eplet.


Finaledeltakarane tar ei kort pustepause.


Heia Godøy!

Ingen kommentarer: