29 mars 2007

Sightseeing i Sydney

I dag har vi vimsa omkring i Sydney by. Dagen starta med båttur frå Darling Harbour til operahuset, før vi etter kvart rota oss opp i Sydney Tower, høgste bygninga i byen.

Innimellom blei det shopping, noko spesielt Margrethe såg ut til å like godt. Ho er forresten heilt frisk, pappa har fått igjen matlysta og mamma er i toppform. Fredag er det meldt strålande sol, så då satsar vi på ein tur til Manly Beach :)

Trykk her for å sjå mange bilde frå dagen i det flotte Picasa-galleriet eg har laga.

(Tusen takk til Kai Henrik for gode idear frå Herlige Godøy-bloggen sitt bildegalleri!)

28 mars 2007

Been there, done that

Mai 1991 - Waikiki Beach, Honolulu, Hawaii (USA)

Mars 2002 - Santa Monica Beach, Los Angeles, USA

Mars 2007 - Bondi Beach, Sydney, Australia

Då må vel Copacabana i Rio de Janeiro vere neste for meg? Om vi skal følgje det matematiske mønsteret frå dei tre andre "superstrendene", er det om lag 27,65 månader til eg skal til Rio. Altså i midten av juli 2010. Då skal eg etter planen til Sør-Afrika og fotball-VM, kan bli spennande å sjå kva eg ender opp med...

Men uansett - i dag var vi på Bondi Beach. Ei nydeleg strand med store bølgjer, mykje folk og vanvittig fin sand. Har du ikkje vore der? Ta turen til Bondi Beach i dag, nesten like bra som Sandvika på Alnes var i 1994! :)


Eine halvparten av Bondi Beach.


Andre halvparten av Bondi Beach.

27 mars 2007

Sydney by night

Då pappa bestilte hotellrom, spurte han fint om å få noko langt nede. Det fekk vi ikkje, så no bur vi i 21. etasje (av 23) på Waldorf Apartment Hotel i Sydney.

Utsikta er i alle fall upåklageleg. Elles har vi eige kjøkken med barløysing, sofagruppe med tv, ei lita spisestue, to soverom og to bad. Og svømmebasseng på taket!

Det første vi gjorde etter å ha sjekka inn på rommet, var å rusle ein liten tur i nabolaget for å handle mat, toalettsaker og slikt. Bagasjen vår bestemte seg tydelegvis for å vere igjen ei stund ekstra i Singapore, forhåpentlegvis får vi alt i løpet av morgondagen. Elles kan det bli kjedeleg på Bondi Beach - å sole seg i joggedress er neppe noko Margrethe hadde i tankane før ho reiste...


Margrethe med Kill Bill-joggedressen sin.


Pappa sjekker vermeldinga, mamma sender sms.

(Betre bilde av utsikta skal kome etterkvart, men speilreflekskameraet
er for tungt til å brukast rett etter ein lang flytur.)

26 mars 2007

Paris, Changi og Chupa Chups

Eg og Paris er gode venner. Du veit, Paris Hilton. Eg har i alle fall budd på Hilton-hotellet attmed Heathrow-flyplassen i London, det må vel vere godt nok?

Reisa til Australia ser ut til å vare ei stund. Eigentleg skulle vi ha vore framme søndag kveld (norsk tid, måndag morgon australsk tid), men no sit vi i Singapore og tar livet med ro på eit klokkeslett som tilsvarer norsk måndag ettermiddag.

Margrethe fekk nemleg spysjuka då vi skulle reise frå Norge, noko som gjorde at vi måtte utsetje flyet frå London ei natt - og overnatte på Hilton Heathrow, sjukehuset som var nærast flyplassen. Margrethe kan forresten skryte av å ha blitt undersøkt på eit ekte engelsk sjukehus - Hillingdon Hospital. Er ikkje det noko å skryte av, så veit ikkje eg...?

Etter ein lang flytur til Singapore måtte vi ta ei ny pause. Foreløpig har vi stått over to fly til Sydney, vi fann nemleg ut at det ikkje var særleg lurt å ha med ein halvvegs dehydrert person på lange flyturar. So no ventar vi på flyplasshotellet i Singapore til Margrethe er frisk nok til å reise vidare. Om ikkje det blir pappa vi må vente på...

No ser det nemleg ut til at han også har fått "sjukå". Forhåpentlegvis vil ei god natts søvn gjere susen for begge pasientane våre, men enn så lenge får vi ta livet med ro på Changi Airport i Singapore. Kåra til verdas beste flyplass, noko som ikkje er vanskeleg å forstå: Gratis internett, flott utandørs svømmebasseng og nydelege orkidear overalt.

Kort oppsummert: Vi er på veg til Australia og reknar med å kome fram dit ein eller gong i løpet av dei næraste dagane. Eg og mamma er friske som to fiskar, dei to andre er ikkje heilt i hundre. Og 7-Eleven på flyplassen har blå Chupa Chups-klubber med colasmak!

24 mars 2007

Turist i Tigerstaden

Det er synd på folka i Oslo. Dei har nemleg ikkje bil. Iallfall ikkje dei folka som eg kjenner i Tigerstaden. Dermed blir transporten forsørga av trikk, T-bane eller - litt for ofte - nokre rare ting som vert kalla "føter". Kanskje hadde vi slikt på Sunnmøre i gamle dager? Sjuke greier...

I løpet av fredag 23. mars 2007 klarte eg - trass i mangel på bil - å oppleve ganske mykje i denne vesle byen innst i den aude og ville Oslofjorden. Eg og vert Jan Harald (midten øvste bildet) stakk innom halv-ellingsøyaren Christian Bjørke, fekk gratis vafler i lokala til Vårt Land og åt kebab før vi traff på min tidlegare høgskulelektor Terje Skjerdal.

Inne i lokala til FotoVideo traff vi på tidlegare Gimlekollen-medstudent, no P4-journalist,Ole Kristian Tjernæs, som saman med Christian jubla vilt over gratis kaffi i fotobutikken. Bra at dei fattige Oslo-fotgjengarane i alle fall får noko å varme seg på der dei må gå omkring ute i kulda!

Kino saman med øyabanden treng vi ikkje å skrive så veldig mykje om ifølgje Stian, men "300" er ein film som alle sverdkrigelskande og fornuftige folk bør få med seg!

Så var det duka for dagens høgdepunkt: Henting av pakke (ekstra batteri til videokamera) i postpakkeautomaten på Oslo S! TV2-fotograf Magnus Nøkland var jublande glad over å få vere med på den store hendinga. Slike avanserte postbokser hadde vi ikkje i gamle dager!

Heilt til slutt: Dagens andre kebab (rullekebab, heilt ok men ikkje så mykje meir) før eg nok ein gong fekk prøve å gå til fots. Føtene mine klarte utruleg nok å gå heilt frå Oslo S til Grünerløkka, men kondisen min fortel meg at no skal det bli godt med eit døgn i lufta.

Sydney, here I come! :D

23 mars 2007

Dei små forskjellane...


Først damevarianten...


Så ekte mannfolkprat!

(Trykk på bilda for å sjå dei i fullt format)

Første stopp: Oslo

Då er eg på veg ut i den store verda. Det vil seie til Australia og New Zealand, på tre vekers påskeferie/familieferie. Lillebror Stig-Johnny i Melbourne skal ikkje få vere i fred lenger, no skal eg, søstern, mudern og fadern ned og herje "down under"!

Laurdag ettermiddag går reisa frå Oslo til London, så vidare frå London via Bangkok til Sydney. Ifølgje Storm/VG er det ganske OK temperatur i Sydney akkurat no, heldigvis har eg eit godt shortsutvalg i kofferten...

Men no først er eg altså i Oslo. Stikkord: treffe kjentfolk, ete kebab og ta livet med ro. Heilt grei by, men allereie etter 12 timar her kjenner eg at eg lengtar tilbake til Herlige Godøy :)

21 mars 2007

Party party

På tjueseksårsbursdagen min sette eg ny personleg rekord i bursdagsselskap. 14 timar med feiring må vel vere noko for historiebøkene?

Først stakk eg ut på Alnes-skulen og henta fire av dei yngste søskenbarna mine. Dei tre eldste på Alnes-sida klarte også å kome seg opp til meg, dermed blei det pizzafest og Istid for oss barna.

Etter kvart kom resten av Alnes-slekta også innom, frå Samuel (2 mnd) til besten (79 år). Og då begynte matvarene å strøyme på. Til slutt hadde eg seks kaker, is, potetgull og haugevis med bollar, skillingsbollar og pizzabollar på kjøkkenet mitt!

Etter at alnesingane var ferdige for dagen, gjorde Støbakk-slekta sitt inntog i Casa Leitebakk. Men eg såg tidleg at dei ikkje kom til å klare å ete opp all maten, dermed måtte SMS-tommelen i aksjon. Og dermed dukka det opp alle slags rare folk for å ete mat og spele Playstation utover natta:

Handballjenter, fotballgutar, ein fotballtrenar, ein bussjåfør og tre valderøyingar. For eksempel.

Status etter totalt 42 gjestar i løpet av tysdag ettermidag, tysdag kveld og natt (delvis) til onsdag: Eg har "berre" 1 1/2 kake og nokre bolleposar igjen. Tusen takk til alle som stakk innom og hjalp meg å bli kvitt mat og drikke!

Og - ikkje minst - tusen, tusen takk til mamma, Alnes-besta, Godøy-besta, tante Mona og tante Siri for nyyydeleg mat i store mengder. Som popstjernene seier: "I love you all!" :)

Klatre-Olga

Endeleg skal eg vise dei mange tusen lesarane mine korleis Olga - katten min - ser ut. Tysdag kveld vart ho nemleg utelåst på altanen min ved eit uhell. For å opplyse oss om at ho var der ute, hoppa Olga like godt opp på døra - og hang der i nærmare eitt minutt!

Om ikkje ho kan spele piano, er det i alle fall noko katten min kan: Just hanging around...

20 mars 2007

20. mars!

20. mars 1828: Henrik Ibsen kjem til verda.

20. mars 1866: Rikard Nordraak ("Ja, vi elsker") takkar for seg...

20. mars 1916: Albert Einstein publiserer relativitetsteorien.

20. mars 1935: Johan Nygaardsvold vert statsministar i Norge.

20. mars 1956: Minken Fosheim vert fødd, på same dag som Tunisia blir sjølvstendig!

20. mars 1961: Trevor Morley kjem til verda.

20. mars 1977: Garantert litt kortare til beins enn no, men Tor Hogne Aarøy dukkar i alle fall opp på det som då heitte Åse Sentralsykehus (no Ålesund Sykehus).

- 2003: Irak-krigen tek til...

- 2005: Bjørn Einar Romøren set ny verdsrekord i skiflyging med 239 m i Planica, Slovenia!

- 2007: Nils-Ove Støbakk er 26 år og startar leitinga etter dei første grå håra oppe på hovudet ein plass. Han føler seg med eitt veldig gammal og mimrar tilbake til då han vart 18 for åtte år sidan og fekk sin første mobiltelefon. Han ser seg omkring i leiligheita og forstår at mykje ryddearbeid må til før han kan fylle opp ungkarsboligen med slektningar i alle aldrar. Heldigvis står det både brus, pizza, sjokoladekake, eplekake og mykje anna godt på menyen, så han tar fatt på arbeidet sånn halvveis motivert og gler seg til han om ei veke kan sprade omkring i Australia i sol og varme.

19 mars 2007

Nostalgisk

Barne-TV var mykje, mykje betre før. Ikkje minst introen!

16 mars 2007

Sunn som ei kanin

Torsdag var det bibelgruppe heime i kåken min. Vanlegvis er det potetgull og brus eller liknande på bordet når eg har folk på besøk, men denne gongen var vi skremmande sunne. For første gong i mitt liv laga eg nemleg pastasalat!

Pastarør (penne), kinakål, bogskinke, gul paprika (mykje betre enn raud), agurk og cherrytomatar kombinert med fersk loff og iskaldt vatn er ein fantastisk kombinasjon. Og til dessert - grøne druer. Tenk hadde mamma sett meg no...

Eg klarer neppe å halde meg sunn meir enn maks ein dag om gongen, så eg blir neppe like gammal som Hryhoriy Nestor. Men det er ikkje så farleg. 2097 blir sikkert eit dårleg år likevel, ikkje noko for meg.

Elles er eg litt datanørd for tida. Ny Ung Misjon-side er straks ute, i tillegg jobbar eg med heimesider for Valderøy IUF og ImF-UNG. Og 20. april startar eg med radiosending kvar fredag. Men først skal eg på Strandafjellet med SST-K laurdag, ungdomskveld på Alnes seinare samme dagen og barnedåp søndag. God helg! :)

12 mars 2007

Bloggesisten

Eg blei tatt av Karen Margrethe, og sender derfor ballen vidare...

"Regler:
Hver spiller starter med å skrive seks rare ting om seg selv. Bloggere som blir "tatt" må skrive seks ting om seg selv i sin egen blogg, i tillegg til å angi reglene for spillet. Til slutt velger spilleren seks nye bloggere som "har den", og lister navnene deres. Etter det er gjort, skriver han eller hun en kommentar på bloggene til hver av dem, for å la dem vite at de har blitt "tatt", og at de må lese bloggen til den som tok dem for mer informasjon."

1. Eg likar ikkje kakao.
2. Eg har vore hekta på "Dallas".
3. Eg har jobba både på McDonald's og Burger King.
4. Eg var oppe før klokka 09 både laurdag og søndag!
5. For ei veke sidan sat eg på kontoret til 05 om natta.
6. Eg blir irritert når eg har lånt bort bilen og må stille setet bak igjen for å klare å komme meg inn.

Ballen går vidare til Kjetil, Kay Amund, Marit, Silje, Stine og Sturla!

08 mars 2007

Den som ventar...

Mens vi ventar på at The Simpsons Movie skal kome på kino, får vi nøye oss med denne herlege innspelinga av Simpsons-introen. Med ekte folk og greier. Fantastisk! :)

06 mars 2007

Drøymedama mi

Nemi er kanskje ikkje alltid like morosam, men ho har i alle fall forstått litt om døgnrytme og slikt :)

(Klikk på bildet for å sjå det i fullversjon)

Ski, ski og atter ski

I helga var eg på Bjorli saman med ein god gjeng frå Godøy Ungdomskor. Vi fekk perfekte forhold med sol nesten halve tida, oppholdsver og nesten ikkje kø i det heile tatt.

Og sjølv om eg blei fråkøyrd av jentene i skogen, merka eg at eg er i ferd med å bli komfortabel med slalåm igjen etter altfor mange mislykka år som fersking på telemarkski...

Her på bloggen prioriterer eg sjølvsagt bilde av meg sjølv, men fortvil ikkje! Om du vil sjå korleis vi hadde det på Bjorli, ligg det haugevis med bilde på ukveld.net. Ikkje for å skryte, men det er sjølvsagt eg (og Arild) som har tatt alle dei fantastisk flotte bilda av alle dei fantastiske flotte ungdommane frå den fantastisk flotte Godøya!

Allereie komande helg skal eg opp i skibakken igjen, no er det Ten-Treff på Orreneset som står på programmet. Strandafjellet laurdag, Fjellsetra søndag. Kan det bli betre?

PS! Reknar sjølvsagt med at akkurat DU blir med på leir i helga!

Eller i alle fall blir med når eg skal på fjellet med SST-K laurdag 17. mars!