21 mars 2007

Party party

På tjueseksårsbursdagen min sette eg ny personleg rekord i bursdagsselskap. 14 timar med feiring må vel vere noko for historiebøkene?

Først stakk eg ut på Alnes-skulen og henta fire av dei yngste søskenbarna mine. Dei tre eldste på Alnes-sida klarte også å kome seg opp til meg, dermed blei det pizzafest og Istid for oss barna.

Etter kvart kom resten av Alnes-slekta også innom, frå Samuel (2 mnd) til besten (79 år). Og då begynte matvarene å strøyme på. Til slutt hadde eg seks kaker, is, potetgull og haugevis med bollar, skillingsbollar og pizzabollar på kjøkkenet mitt!

Etter at alnesingane var ferdige for dagen, gjorde Støbakk-slekta sitt inntog i Casa Leitebakk. Men eg såg tidleg at dei ikkje kom til å klare å ete opp all maten, dermed måtte SMS-tommelen i aksjon. Og dermed dukka det opp alle slags rare folk for å ete mat og spele Playstation utover natta:

Handballjenter, fotballgutar, ein fotballtrenar, ein bussjåfør og tre valderøyingar. For eksempel.

Status etter totalt 42 gjestar i løpet av tysdag ettermidag, tysdag kveld og natt (delvis) til onsdag: Eg har "berre" 1 1/2 kake og nokre bolleposar igjen. Tusen takk til alle som stakk innom og hjalp meg å bli kvitt mat og drikke!

Og - ikkje minst - tusen, tusen takk til mamma, Alnes-besta, Godøy-besta, tante Mona og tante Siri for nyyydeleg mat i store mengder. Som popstjernene seier: "I love you all!" :)

2 kommentarer:

Kai H sa...

E der meir igjen!?
Ej ete LETT 1 1/2 kake da.. Ej klør forresten i fingrane ette å MOSE dej skikkelig i pro, håpe ikkje du he trent for mykje!
Klar i kveld?;)

Nils-Ove Støbakk sa...

Sorry, må pakke og sanne andre tulleting i kveld. Forlæte øya i mårgå kveld, so no he du forspilt sjansane dine :P