29 mars 2007

Sightseeing i Sydney

I dag har vi vimsa omkring i Sydney by. Dagen starta med båttur frå Darling Harbour til operahuset, før vi etter kvart rota oss opp i Sydney Tower, høgste bygninga i byen.

Innimellom blei det shopping, noko spesielt Margrethe såg ut til å like godt. Ho er forresten heilt frisk, pappa har fått igjen matlysta og mamma er i toppform. Fredag er det meldt strålande sol, så då satsar vi på ein tur til Manly Beach :)

Trykk her for å sjå mange bilde frå dagen i det flotte Picasa-galleriet eg har laga.

(Tusen takk til Kai Henrik for gode idear frå Herlige Godøy-bloggen sitt bildegalleri!)

2 kommentarer:

Kai H sa...

NILS! På patrulje i går kveld so tru ej kanskje ej observerte en halvnaken mannsperson med cola i eine handa, potetgull i andre og en fjernkontroll eller nokke i kjeften.. Skal sjekke nærmere i kveld!;)

Kai H sa...

hehe.. absolutt ikkje lite å gjer på jobb! men ej va rimelig effektiv når ej fekk satt igang da vettu;)