28 mars 2007

Been there, done that

Mai 1991 - Waikiki Beach, Honolulu, Hawaii (USA)

Mars 2002 - Santa Monica Beach, Los Angeles, USA

Mars 2007 - Bondi Beach, Sydney, Australia

Då må vel Copacabana i Rio de Janeiro vere neste for meg? Om vi skal følgje det matematiske mønsteret frå dei tre andre "superstrendene", er det om lag 27,65 månader til eg skal til Rio. Altså i midten av juli 2010. Då skal eg etter planen til Sør-Afrika og fotball-VM, kan bli spennande å sjå kva eg ender opp med...

Men uansett - i dag var vi på Bondi Beach. Ei nydeleg strand med store bølgjer, mykje folk og vanvittig fin sand. Har du ikkje vore der? Ta turen til Bondi Beach i dag, nesten like bra som Sandvika på Alnes var i 1994! :)


Eine halvparten av Bondi Beach.


Andre halvparten av Bondi Beach.

3 kommentarer:

Anonym sa...

ja, d e nokken so he d du.men sola skin her i leitebakk me, so lenge d vare. ein veit aldri. d e bra sykja e over. mvh fru h

Anonym sa...

Det har vore sol på Alnes også, berre so du veit det. Dokke har vel "litt" høgare temperatur, ekje bra at det er for varmt heller :-) Ser ut til at alle har det bra, og godt er det. Hels alle sammen.
Hilsen tante Jofrid

Anonym sa...

Mr Show off!!!!!:(

Hilsen han so helde fortet