26 mars 2007

Paris, Changi og Chupa Chups

Eg og Paris er gode venner. Du veit, Paris Hilton. Eg har i alle fall budd på Hilton-hotellet attmed Heathrow-flyplassen i London, det må vel vere godt nok?

Reisa til Australia ser ut til å vare ei stund. Eigentleg skulle vi ha vore framme søndag kveld (norsk tid, måndag morgon australsk tid), men no sit vi i Singapore og tar livet med ro på eit klokkeslett som tilsvarer norsk måndag ettermiddag.

Margrethe fekk nemleg spysjuka då vi skulle reise frå Norge, noko som gjorde at vi måtte utsetje flyet frå London ei natt - og overnatte på Hilton Heathrow, sjukehuset som var nærast flyplassen. Margrethe kan forresten skryte av å ha blitt undersøkt på eit ekte engelsk sjukehus - Hillingdon Hospital. Er ikkje det noko å skryte av, så veit ikkje eg...?

Etter ein lang flytur til Singapore måtte vi ta ei ny pause. Foreløpig har vi stått over to fly til Sydney, vi fann nemleg ut at det ikkje var særleg lurt å ha med ein halvvegs dehydrert person på lange flyturar. So no ventar vi på flyplasshotellet i Singapore til Margrethe er frisk nok til å reise vidare. Om ikkje det blir pappa vi må vente på...

No ser det nemleg ut til at han også har fått "sjukå". Forhåpentlegvis vil ei god natts søvn gjere susen for begge pasientane våre, men enn så lenge får vi ta livet med ro på Changi Airport i Singapore. Kåra til verdas beste flyplass, noko som ikkje er vanskeleg å forstå: Gratis internett, flott utandørs svømmebasseng og nydelege orkidear overalt.

Kort oppsummert: Vi er på veg til Australia og reknar med å kome fram dit ein eller gong i løpet av dei næraste dagane. Eg og mamma er friske som to fiskar, dei to andre er ikkje heilt i hundre. Og 7-Eleven på flyplassen har blå Chupa Chups-klubber med colasmak!

3 kommentarer:

Anonym sa...

uffa då, det va triste greier. håper det gårfort over. hels dei so mykje. mvh fru h

Anonym sa...

Vi følger dere i blogg og i bønn
God reise, og hold deg frisk
Nils Ove
Hilsen Irene

Anonym sa...

Hei! Håper dei sjuke blir fort friske og at dokke to friske ikkje blir sjuke! Og god tur videre :-) Klemmer til alle sammen frå tante Jofrid