24 mars 2007

Turist i Tigerstaden

Det er synd på folka i Oslo. Dei har nemleg ikkje bil. Iallfall ikkje dei folka som eg kjenner i Tigerstaden. Dermed blir transporten forsørga av trikk, T-bane eller - litt for ofte - nokre rare ting som vert kalla "føter". Kanskje hadde vi slikt på Sunnmøre i gamle dager? Sjuke greier...

I løpet av fredag 23. mars 2007 klarte eg - trass i mangel på bil - å oppleve ganske mykje i denne vesle byen innst i den aude og ville Oslofjorden. Eg og vert Jan Harald (midten øvste bildet) stakk innom halv-ellingsøyaren Christian Bjørke, fekk gratis vafler i lokala til Vårt Land og åt kebab før vi traff på min tidlegare høgskulelektor Terje Skjerdal.

Inne i lokala til FotoVideo traff vi på tidlegare Gimlekollen-medstudent, no P4-journalist,Ole Kristian Tjernæs, som saman med Christian jubla vilt over gratis kaffi i fotobutikken. Bra at dei fattige Oslo-fotgjengarane i alle fall får noko å varme seg på der dei må gå omkring ute i kulda!

Kino saman med øyabanden treng vi ikkje å skrive så veldig mykje om ifølgje Stian, men "300" er ein film som alle sverdkrigelskande og fornuftige folk bør få med seg!

Så var det duka for dagens høgdepunkt: Henting av pakke (ekstra batteri til videokamera) i postpakkeautomaten på Oslo S! TV2-fotograf Magnus Nøkland var jublande glad over å få vere med på den store hendinga. Slike avanserte postbokser hadde vi ikkje i gamle dager!

Heilt til slutt: Dagens andre kebab (rullekebab, heilt ok men ikkje så mykje meir) før eg nok ein gong fekk prøve å gå til fots. Føtene mine klarte utruleg nok å gå heilt frå Oslo S til Grünerløkka, men kondisen min fortel meg at no skal det bli godt med eit døgn i lufta.

Sydney, here I come! :D

4 kommentarer:

Anonym sa...

okey nilsemann.oppfør dej skikkelig der nede so du ikkje bli sendt heim i posten.hehe. skal ikkje ha innslag om galne gøyinger i dagsrevyen og sumpen.skal følge med fra min residens her i øvre leitebakk.pass på dokke der nede og hels stig johnny.

Unknown sa...

Jepp, ha en fin tur couz - og ta det heilt me ro, ingenting he tatt fyr i leiligheta di enda. He forresten bjøndt å blogge igjen - på norsk - so om du vil sjå korsn det gjenge her oppe mens du e vekk e det berre a ta dej en tur innom engang i blandt :P geirovealnes.blogspot.com heh

Kai H sa...

Kjør hardt,
kjør stil,
reklamèr for Gøyna vår
og kjør gjerne leiebil!

koz

Anonym sa...

Hei Nil Ove det var veldigveldig hyggelig å få besøk av deg her i Oslo, koz deg der nede då :)
-Magnus-