27 mars 2007

Sydney by night

Då pappa bestilte hotellrom, spurte han fint om å få noko langt nede. Det fekk vi ikkje, så no bur vi i 21. etasje (av 23) på Waldorf Apartment Hotel i Sydney.

Utsikta er i alle fall upåklageleg. Elles har vi eige kjøkken med barløysing, sofagruppe med tv, ei lita spisestue, to soverom og to bad. Og svømmebasseng på taket!

Det første vi gjorde etter å ha sjekka inn på rommet, var å rusle ein liten tur i nabolaget for å handle mat, toalettsaker og slikt. Bagasjen vår bestemte seg tydelegvis for å vere igjen ei stund ekstra i Singapore, forhåpentlegvis får vi alt i løpet av morgondagen. Elles kan det bli kjedeleg på Bondi Beach - å sole seg i joggedress er neppe noko Margrethe hadde i tankane før ho reiste...


Margrethe med Kill Bill-joggedressen sin.


Pappa sjekker vermeldinga, mamma sender sms.

(Betre bilde av utsikta skal kome etterkvart, men speilreflekskameraet
er for tungt til å brukast rett etter ein lang flytur.)

1 kommentar:

Marit sa...

So hærli! Ikkje me spysjuka asso, men me Australia..kjenne d rokka i reisefoten!! Flaks for oss at d e nyydeli ver her, sann bortsett fra at ej må sitte inne å skrive bachelor oppgåve..hels fammen masse:)