31 oktober 2009

Apekattar og andre rare dyr

I tilfelle nokon skulle lure - vi har overlevd dei første dagane i Sør-Amerika!

Onsdag kveld vart vi henta av Tais og kjærasten Renato på flyplassen i São Paulo, etter vel 90 minutt i bilen var vi framme i Sorocaba. Frå onsdag til fredag overnatta vi i huset til Otsubo-familien, veldig koslege folk med nydeleg mat, piano og Pro Evolution Soccer. Eg vann i alle fall den siste av dei fire kampane mine, tydelegvis litt for mykje FIFA i det siste...

Torsdagen åt vi frukost og stakk til dyrehagen i Sorocaba. Der fekk eg leike paparazzi med mange fantastiske dyr som modellar. Min personlege favoritt ser du til høgre, ein brasiliansk nudistapekatt av den småfilosofiske sorten.

Seinare same dagen fekk vi besøke ein isfabrikk. Familien til svogeren til Renato har nemleg sin eigen fabrikk, der vi fekk gratis smaksprøver og ein fantastisk god mjølkeis - rett frå maskina!

For fleire bilde derifrå, sjå Kay Amund sin blogg.

Brasilianarane er ekstremt stolte av grillmaten sin, derfor måtte vi sjølvsagt teste ut ein BBQ-restaurant utpå kvelden. For rundt 70 kroner per person fekk vi ete så mykje vi ville, kelneren kom kvart andre minutt med noko nytt på grillspydet sitt. Spesielt kyllinghjarta var fantastisk gode, som du ser så koste eg meg som aldri før!

Etter grillfestivalen roa vi ned med "Wanted" på DVD før vi gjekk til sengs og stod opp til ein ny dag. Fredagen starta med ein varm tirettars lunsj signert mora til Tais, før vi sette oss på bussen til Curitiba. Bussane i Brasil er mykje betre enn dei norske, men vi var dessverre litt uheldige og fekk ein sjåfør som ikkje kunne å gire...etter mykje rykk og napp kom vi likevel fram til Curitiba, der Mateus henta oss på busstasjonen.

Mateus var romkamerat med Kay Amund på Hald, søndag skal han gifte seg og vi skal få vere med på moroa. Meir om det kjem kanskje seinare - om begge to klarer å seie "ja" - eller "sim", som er eitt av dei få orda eg har lært meg på portugisisk.

No bur vi på den teologiske høgskulen i Curitiba, her skal vi vere til måndag. Sengene er gode, dusjen er varm og dopapiret mjukt - kan det verte betre?

Ciao!

27 oktober 2009

Sør-Amerika 2009

Då er eg på Gardermoen, første stoppestaden på den fantastiske "Gutta boys på nye eventyr"-ekspedisjonen! Eg, Kay Amund og Lidvar skal dei neste tre vekene vimse omkring i Brasil og Peru, forhåpentligvis skal eg få oppdatert bloggen litt undervegs så mamma og alle andre nysgjerrige veit kvar vi er og kva vi gjer på.

Eg kan i alle fall starte med å legge ut ei grovskisse av turplanen vår.

SOROCABA: Onsdag 28. oktober - avreise Gardermoen, via Paris til São Paulo. Der blir vi henta av Tais, som Kay Amund gjekk på Hald attmed. Så reiser vi til Sorocaba, der vi skal vere eit par dagar.

CURITIBA: Fredag 30. oktober set vi oss på bussen frå Sorocaba til Curitiba. Der skal vi vere til måndag, på programmet står mellom anna bryllaup!

SÃO PAULO: Måndag 2. november flyg vi frå Curitiba til São Paulo, dermed får vi ein ettermiddag til å sjå oss litt om i millionbyen ute ved kysten.

LIMA: Tysdag 3. november flyg vi over grensa til Peru, der vi skal plage Stine i nokre dagar. Ho jobbar i hovudstaden Lima, ein ganske liten by med sju-åtte millionar innbyggjarar.

IQUITOS: Fredag 6. november flyg vi nordaust til Iquitos, midt inne i Amazonas-jungelen. Der skal vi mellom anna på overnattingstur i jungelen! Dette blir nok dei varmaste dagane på turen vår, med tropevarme og malariatablettar på menyen.

CUSCO: Måndag 9. november skiftar vi ut shorts og t-skjorte med langbukse og jakke. Då skal vi opp i høgda, til den tidlegare inkahovudstaden Cusco. Forhåpentlegvis skal vi unngå høgdesjuke, sjølv om byen ligg rundt 3.300 meter over havet...

MACHU PICCHU: Onsdag 11. november skal vi etter planen besøke turistmål numero uno i Peru. Den gamle inkabyen Machu Picchu er verdskjend og gler seg til å få besøk av tre sunnmøringar!

LIMA: Torsdag 12. november reiser vi tilbake til Lima, der vi nok ein gong skal plage Stine i nokre dagar før vi reiser heim til Norge.

NORWAY: Måndag 16. november er vi kanskje tilbake på Gardermoen. Om ikkje vi skulle få malaria, høgdesjuke, svineinfluensa eller finne på å gifte oss ute i jungelen.

Følg med for fleire oppdateringar - SUPERNILS er ute på tur!

Pit-Stop, potetball og pannekaker

Den siste veka har vore hektisk for min del. Fredag-søndag var det Pit Stop på Valderøy bedehus, der eg var både filmteamkoordinator, Sambåndet-journalist og litt korpianist.

Heldigvis fekk eg ei flott opplading torsdag, då Godøy-besta inviterte meg til potetballmiddag. God gammaldags sunnmørskost som eg nok aldri blir lei av! Sjølvsagt med skumma kulturmjølk som tilbehør.

Så fekk eg nok ein koseleg middagsinvitasjon måndag, då Alnes-besta ringte og spurte om eg ville ha pannekaker til middag. Dermed vart det både fruktsuppe, pannekaker og jordbær til dessert.

Eg og Samuel slurpa i oss suppe for harde livet og gumla pannekaker til den store gullmedaljen. Tusen takk til både besta og besta for god mat og for å vere verdas beste bestemødre!

Og så var det Pit Stop mellom måltida, ja. Bilde frå helga finn du på ungmisjon.no, i tillegg har eg laga ei lita nettsak på Sambåndet si nettutgåve, så kjem det fire sider med reportasjestoff i neste papirutgåve.

Det vart ei flott helg med solid forkynning, variert og treffande lovsong, kjekke aktivitetar og mykje meir. I tillegg fekk eg spele eit par songar med Godøy Ungdomskor og vere gjestepianist for Herøy Gospelkor, eit ganske ferskt og veldig spennande kor frå Herøy.

Min "jobb" i helga var å skaffe tekst på storskjermen og organisere filming av talane. Eg hadde med meg ein flott gjeng med ungdommar som stod på frå tidleg til seint, resultatet vert etter kvart to bibeltimar og tre møte som heile verda kan få med seg på nettet. Tusen takk til alle som var med på Pit Stop 2009, både misjonstilsette, frivillige og deltakarar. Eg gler meg allereie til neste haust!

05 oktober 2009

Heile øya i aktivitet

Søndag avslutta Godøy 2/Vigra 2 sesongen med å vinne andre omgang av bortekampen mot Brattvåg 2. Dermed kunne eg oppsummere statistikken for sesongen, det kan faktisk vere ganske artig med Excel!

Severin kom heim frå sjøen og debuterte mot Brattvåg 2, dermed var totalt 52 mann i aksjon for B-laget i 2009! 12 frå Vigra og 40 frå Godøy. Nokon betre på Sunnmøre? Eller Norge, for den del?

Totalt har 49 mann frå 16 til 43 år deltatt i ein eller fleire seniorkampar for Godøy IL denne sesongen. Av A-spelarane var det berre åtte som ikkje var med i ein eller fleire B-kampar. Skadde spelarar, kortsamlarar med karantene og "benkeslitarar" fekk matchtrening på andrelaget, i tillegg var vi ganske så mange som fekk vere med og spele fotball "på skikkelig" igjen etter ein god del år med pause. Og eg fekk sjefe litt på sidelinja også.

Så blir det spennande å sjå kva som skjer til neste år. Utover hausten minka talet på spelarar frå veke til veke, sjølv om vi rekrutterte stadig nye B-debutantar. I dei to siste kampane hadde vi berre tolv mann disponibelt, det vart for tungt når kondisen ikkje akkurat er på toppnivå. Kai Henrik er tilfeldig utvald til å illustrere akkurat det poenget.

Får vi med nok folk til å ha eige Godøy 2-lag neste år? Blir det samarbeid med Vigra også i 2010? Kan det bli eit samarbeid med Giske, som har hatt store problem med å stille lag i år? Det får du kanskje vite etter kvart, foreløpig kan du i alle fall lese litt statistikk-oppsummering på Godøy-forumet. Om du vil :)

PS! Berre tre-fire av måla eg slapp inn mot Ellingsøy var min feil. Dei åtte-ni andre var eg sjanselaus på...

01 oktober 2009

Opposite Way



Fantastisk song frå Leeland! Tør du å gå den motsette vegen, å gjere noko heilt anna enn det alle forventar frå deg? Eller gjer du dei same tinga som du har gjort i alle år, utan å heilt vite kvifor?

"When everyone is setting the pace
It’s okay to run the opposite way"
For min egen del så prøvar eg å ta ned tempoet nokre hakk denne hausten. Om eg klarer det, er ei anna sak, men eg vil i alle fall prøve. Jobbe litt mindre, stresse litt mindre, ha meir tid til både meg sjølv, andre folk og Gud.

Mange lurer på om eg er gal, som har kvitta meg med ei flott leilegheit og sagt nei til fleire jobbar. Men eg trur at det er det rette for meg akkurat no. Og det følast godt å gå mot straumen og ikkje berre gjere det som alle forventar at eg skal gjere.

Og så er det godt å vite at Jesus gjekk den motsette vegen, men på ein heilt annan måte. Han kunne gått vekk, han kunne unngått det han hadde i vente. Men han ofra seg for meg og deg og han overvann døden. For oss.
"Yeah, through the cross He conquered the grave
So you could run the opposite way"
Kva veg går du på?