05 oktober 2009

Heile øya i aktivitet

Søndag avslutta Godøy 2/Vigra 2 sesongen med å vinne andre omgang av bortekampen mot Brattvåg 2. Dermed kunne eg oppsummere statistikken for sesongen, det kan faktisk vere ganske artig med Excel!

Severin kom heim frå sjøen og debuterte mot Brattvåg 2, dermed var totalt 52 mann i aksjon for B-laget i 2009! 12 frå Vigra og 40 frå Godøy. Nokon betre på Sunnmøre? Eller Norge, for den del?

Totalt har 49 mann frå 16 til 43 år deltatt i ein eller fleire seniorkampar for Godøy IL denne sesongen. Av A-spelarane var det berre åtte som ikkje var med i ein eller fleire B-kampar. Skadde spelarar, kortsamlarar med karantene og "benkeslitarar" fekk matchtrening på andrelaget, i tillegg var vi ganske så mange som fekk vere med og spele fotball "på skikkelig" igjen etter ein god del år med pause. Og eg fekk sjefe litt på sidelinja også.

Så blir det spennande å sjå kva som skjer til neste år. Utover hausten minka talet på spelarar frå veke til veke, sjølv om vi rekrutterte stadig nye B-debutantar. I dei to siste kampane hadde vi berre tolv mann disponibelt, det vart for tungt når kondisen ikkje akkurat er på toppnivå. Kai Henrik er tilfeldig utvald til å illustrere akkurat det poenget.

Får vi med nok folk til å ha eige Godøy 2-lag neste år? Blir det samarbeid med Vigra også i 2010? Kan det bli eit samarbeid med Giske, som har hatt store problem med å stille lag i år? Det får du kanskje vite etter kvart, foreløpig kan du i alle fall lese litt statistikk-oppsummering på Godøy-forumet. Om du vil :)

PS! Berre tre-fire av måla eg slapp inn mot Ellingsøy var min feil. Dei åtte-ni andre var eg sjanselaus på...

Ingen kommentarer: