20 mars 2012

Hurra for meg!

Så var det visst 20. mars igjen. Tida går berre fortare og fortare, er det virkeleg eit heilt år sidan eg feira 30-årsdagen min på Myrtun med pizza, Amiga 500 og Fifa98?

Det har i alle fall vore eit innhaldsrikt år. Sidan 20. mars 2011 har eg mellom anna vore på Skjærgårds, i Lyngdal, i Danmark, i Sverige, på UL og på harryhandel til Sverige igjen. Eg har både starta og slutta på Høgskulen i Volda, heldigvis fekk eg med meg ein kjekk klassetur til Voss og mange andre gode minne før eg fann ut at det vart for hektisk med både pendling, jobbing og litt for lange dagar generelt.

I løpet av det siste året har eg også fjerna blindtarmen, flytta til Valderøya, hengt opp den flotte postkassa som eg kjøpte på Clas Ohlson hausten 2005, jobba for elleve ulike oppdragsgivarar, vore i Molde eit par gongar - og til og med fått meg ein fantastisk kjærast! I Bergen. Upraktisk, men veldig kjekt. Gratulerer til både meg, SAS og Norwegian!

Norge har visst endeleg fått over fem millionar innbyggjarar no. Kanskje. Ingen har visst hundre prosent kontroll. Eg er i alle fall berre meg. Men det er i grunn veldig greitt. Eg har det bra - sjølv om eg er 31 år :)

2 kommentarer:

Ole Jørgen sa...

Gratulerer med dagen! Høyrtes kjekt ut det meste her, og virkar som du har hatt eit aktivt år... Satsar på at eg ikkje kjem opp i elleve ulike arbeidsgjevarar gjennom heile "karrieren". Er vel på 4-5 no...

Nils-Ove Støbakk sa...

Full fart og god stemning! Må vel kanskje vurdere å roe ned tempoet litt etter kvart, så blir det spennande å sjå korleis framtida blir :)