I have a blog...
...og kanskje er det på tide å oppdatere litt igjen?
Velkomsten i regnbyen (eller var det regnbygene?) er det i alle fall ikkje noko å seie på. Ingen annnan stad i verda har eg fått servert nysteikte bollar med kvitt perlesukker frå Sverige. Er det rart eg ville til Bergen? :)
Elles har eg blitt student igjen. Prøver å lære litt meir om administrasjon og organisasjonsvitskap. Politikk og slikt. Samfunnsfag, om du vil. Greitt nok og tidvis ganske interessant.
Besøk har det også blitt litt av den første månaden. Både Tante Siri, onkel John, John-Olav, Samuel, mamma, pappa og Kay Amund har overnatta her. Veldig fint med gjesterom på loftet og ein mjuk og god tøysofa på stua. Ta gjerne kontakt om du skal innom Bergen og treng litt bed'n'breakfast!
Sjølv om curling er verre for lyskane enn du kanskje hadde trudd, er det fantastisk gøy! Garantert noko eg skal prøve fleire gongar det komande året. Snakkar vi Pyeongchang 2018?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar