Herleg haust!
Tida flyg når du har det kjekt - og det har eg tydelegvis denne hausten :)
Livet er bra i Bergen, sjølv om det har vorte ganske mykje mindre studering enn det som opprinneleg var planen. Plutseleg fekk eg tilbod om eit vikariat i Dagen, heldigvis er det berre eksamen som er obligatorisk - så dermed jobbar eg for fullt for tida. Greitt å opplyse lesarane med litt karikaturar, Farmen-sladder og slikt.
Men sjølv om det er fint i vestlandshovudstaden, var det greitt å kome heim ei helg i oktober. Sjølvsagt var det strålande ver og blå himmel på Godøya, greitt at Ragnhild fekk sjå kor fantastisk fint det alltid er på Sunnmøre...
Familieselskap, sosialisering, god mat og litt sløving i tillegg. Akkurat slik ei helg "heime hjå ho mor" skal vere! Og ganske straks er det Førjulsturneringa og andre kjekke juleaktivitetar også. Eg blir i alle fall heime på Godøya i jula - så får vi sjå kor i landet nyttår 2012/2013 vert feira :)

Den vakre kvardagspaparazzien min har sjølvsagt dokumentert dagane på Jæren på flott vis. Klikk deg vidare og sjå kor fint vi hadde det :)
Elles spelar eg fotball på Bildøy kvar onsdag, går i Salem i helgane, ser litt på TV, fyrer i peisen - og har nesten gløymt at eg kjøpte meg sykkel tidlegare i haust. Bil er kjekt å ha...
...ja, og så har eg visst byrja å drikke kaffi! Eller i alle fall latte - sjølv om det er litt tøysekaffi. Eg skal ikkje skryte på meg at eg er ein kaffinytar så langt, men eg klarer i alle fall å helle det i meg. Effekten er nesten like bra som Cola - så eg er nesten våken litt innimellom ;)
1 kommentar:
Dritsfine bilder av Norsk natur
Legg inn en kommentar