14 februar 2007

Heia Hødd!

No har eg endeleg forstått kvifor Sture Fladmark ville til Ulsteinvik. Då eg skulle heim frå Remøya tysdag kveld, svippa eg innom Vik sentrum for å finne noko snacks. Og kva fann eg? Aladdin Refak Ghazi, ei pizza-/kebabsjappe med rullekebab og greier!

Sausen var kanskje ikkje den beste eg har smakt, men elles var babben veldig god. Og det var herleg å sjå at dei faktisk baka ferske brød/lefser mens eg stod og venta. Det er slik rullekebab skal vere, kvifor kan ingen i Giske kommune eller Ålesund forstå det? Eg vil til Ulsteinvik!

Når vi først er inne på mat...dei to siste dagane har eg besøkt fleire gamletanter og -onklar på Hareid. Måndag til tysdag fekk eg overnatte med Aslaug og Einar (bildet), tysdag var eg også innom Ivar og Myrthel ein tur og svippa innom Lilly. Har ikkje hatt så mykje med Alnesbesta sine søskjen å gjere tidlegare, men veldig koseleg å bli litt betre kjende med dei no. Og mat, ja - er det nokon som kan å diske opp, er det gamletantene mine. Ikkje umulig at eg gjekk opp fem kg per måltid...

Og berre for å gjere denne matspalta komplett - måndag kveld var det pølser som stod på menyen då eg var på MUSK-klubben på Møre Ungdomsskule Herøy. Vanlegvis brukar det visst å vere 10-15 elevar der, denne kvelden var det berre ei jente som var attmed meg og dei to lærarane. Men vi hadde det veldig kjekt :)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, du Nils, du Nils, du e ni ikkje so væst du, tenk du he funne ut at Hødd og Vik e sbra...å d e bra.

Marit sa...

Kunne ikkje sjå at du skreiv nokke om Hødd Nils...litt skuffa!! Som den medpatrioten ej e me pappa:)

Nils-Ove Støbakk sa...

Ikkje nokke om Hødd? No vise du berre at du ikkje he peiling, kjære Marit...

Ej la no inn link til et bilde ta treneren og greier! Og ga folk i alle fall EN god grunn til å flytte til Ulsteinvik og heie på Hødd! hehe ;)

Marit sa...

Jammen du veit at d ekje alle so veit at han e treneren t hødd...ej visste d selvfølgeli;)

Anonym sa...

Ja, du bli no gødt kjende rondtomkring, Nils, høyre dei sei at dei lika dej gødt.....då e ej snare å sei at øss e slektinga.
Gødt jobba Nils, pris din far i himmelen for han vil gjeva deg styrke kvar dag. Gle mej te helga...du nevnte onsdag, ja, då rekke ej møte før kampinj... Hanj Jonas ska vere her, og de bli kjekt