05 november 2009

Hola!

Då er vi på plass i Peru, landet der inkaane og Francisco Pizarro har herja før oss. No er det señorita Stine som er sjefen her i landet. Vi var til og med så heldige at ho kom og henta oss på flyplassen, før vi fekk vere med henne på jobb. Stine har praksis på eit senter der fattige barn får leksehjelp, litt mat og kan vere med på ulike aktivitetar. Dei to siste dagane har vi vore med som assistentar/klovnar og tøysa med ungane så godt vi kan.

Sidan vi kan fint lite spansk, er kommunikasjonen innimellom eit hinder. Men som Kay Amund viser her, kan du klare ganske så mykje ved hjelp av eit aktivt kroppsspråk. I tillegg utvidar ordforrådet seg litt og litt (poco y poco) dag for dag, så kanskje kan eg ein vakker dag klare å lære meg dette herlege språket? Akkurat no føler eg i alle fall at tysk B-språk på vidaregåande var ein fullstendig skivebom!

Lidvar prøvar i alle fall så godt han kan. Som du ser på bildet klarte han å hyre inn heile tre privatlærarar til å gå gjennom ei mattebok på spansk. Tala er i alle fall dei same i både Norge og Peru, sjølv om prisane på mat og drikke er ganske så ulike. Knappe tre kroner for ei flaske Cola er ikkje spesielt bra for tennene, men då vert det i alle fall meir å bruke på tannlegen når eg kjem heim...

Bryllupet i Brasil gjekk forresten veldig bra. Både Mateus og Anamaria sa klart og tydeleg "Ja, med Guds hjelp" - og dermed er dei ikkje lenger to, men eitt. Bryllupet var veldig ulikt frå både tradisjonelle norske og brasilianske bryllup, visstnok. Men lovsong, solid forbøn for ekteparet og sjølvaste Velsignelsen (Oslo Gospel Choir-varianten) på portugisisk var absolutt med på å gjere dagen til eit flott minne!

Etter bryllupsfesten var vi på kveldsgudsteneste i ei kyrkje i Curitiba (takk til Leandro for glimrande tolking), før vi fekk besøke ein vaskekte norsk misjonær. Mona Dysjeland jobbar for NMS i Brasil og inviterte ein liten gjeng til kveldsmat. Etter eit par meir normale variantar av brasiliansk pizza, var det sjokoladepizza til dessert. Underteikna var veldig skeptisk først, men det var faktisk knallgodt. Så skal du til Brasil MÅ du prøve sjokoladepizza. Og grillmat. Og guaranabrus. Og kanskje også ei badestrand, sjølv om vi aldri kom så langt...

Om nokre dagar reiser vi inn i jungelen. Iquitos er neste reisemål for gutta boys, der skal vi kanskje sjå alligatorar, indianarar med blåserør og rosa delfinar!

Meir frå Peru kjem forhåpentlegvis etter kvart - om vi overlever trafikken og delfinane..

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei! Kjekt å følge med i litt av det dokke styrer med, ser ut som dokke har det kjempekjekt. Fortsatt god tur, hilsen ei som tar seg ein snartur til London! Farsdag på søndag,forresten!!Klem