09 november 2009

Yellow Kid på jungeltur

Då er vi tilbake i Lima ein snartur for å kjøle oss ned etter nokre varme og klamme dagar i jungelen. Det vart ikkje alligatorar, men vi fekk i alle fall sjå både rosa delfinar, artige fuglar, indianarar, blåserør, apekattar og digre slangar!

Sjølv fekk eg tilnamnet "The Yellow Guy" i Iquitos, forklaringa ser du på det lekre bildet til høgre. Støvlane fekk eg låne, t-skjorta var medbrakt frå Norge. Litt reklame for Lyngdal Bibelcamp høyrer med, til og med langt inne i Amazonas-jungelen :)

No går reisa vidare til Cusco og Machu Picchu. Mellom jungelen og fjellturen har vi berre nokre få timar og ei kort natt i Lima, så det vert ikkje så mykje tekst denne gongen. Du får heller sjå sjølv litt av det vi har opplevd i Peru dei siste dagane:















6 kommentarer:

Per Oddvin Stornes sa...

Saiko slange da!
Flotte bilde!! Ser dokke he kosa dokke:D
Dokke e heldige som kan sei at dokke he bada i amazonas!!
God tur til Cuzco:)

theoddway sa...

får visse assosiasjonar til nysgjerrige nils av det bildet av "the yellow guy" ;)

Unknown sa...

Ååååå så kult Super-Nils!!! Heldige dokke e! Ta godt vare på ho Stine!

Sigbjørn sa...

Ser ut som dere har det kjekt der borte. Som "kommunikasjonskar" vet jeg ikke helt om du treffer målgruppen med "bibelcamp"-reklamen, menmen :) Ha en fortsatt fin tur og kos dere på MP. Hils Lidvar og pass på at han smører seg med solkrem og ikke står opp for tidlig om morgenen :)

Sigbjørn sa...

Forresten kunne jeg godt tenkt meg å være på andre siden av planeten selv også i dag. Å være på Ullevaal i går og se dere dumme oransje sunnmøringer juble er noe jeg kunne vært foruten :(

Nils-Ove Støbakk sa...

Per: Dessverre berre han Kay so bada, oss andre pingla ut og tok bilde ta na Kay i stan...hehe...han so e stuntmannen vaar :)

Oddveig: Meina du ej ser ut som en apekatt?

Marte: Stine klare sej stort sett veldig bra. So e nok helst ho som maa passe paa oss...hehe :)

Sigbjoern: Morsomt med AaFK-seier, men du overleve nok. Sjoel om sikkert ganske mange sunnmoeringa kjoeme til aa ver temmelig kjepphoege i tida framover... :P