USA, here I come!
Då er det snart tid for avreise! 4.-24. juni fyk eg faktisk til USA, for å vimse litt omkring på vestkysten og ørkenstatane.
Via Oslo og München flyg vi til Los Angeles, der vi (Nils-Ove, Stig, Jeanette, Martin, Kristine) skal leige eit hus vel ei vekes tid. Detaljane får vi ta etter kvart, men for min del er i alle fall ein tur innom West Angeles Church of God in Christ obligatorisk. Åtte år sidan sist, men gode minne frå søsne gospelbestemødre på første rad forsvinn aldri. Kanskje klarer eg også å få tak i nokre sunnmørske Hollywood-fruer som eg kan intervjue?Etter kvart kjem Jonas snikande frå Brasil, så leiger heile gjengen ein feit bil og rånar inn i ørkenen. Med litt flaks skal vi finne fram til Las Vegas, byen med billige hotell og pengeslukande casino. Forhåpentlegvis er det meir å finne på der enn gambling, eting og å gifte seg.
Frå Vegas går bilturen sørover mot Phoenix i Arizona. På vegen stikk vi kanskje innom Hoover Dam og Grand Canyon, men det er i alle fall i området rundt Phoenix at vi skal ende opp til slutt. Her skal nemleg Eirik og Coral seie ja til kvarandre og eg skal ta bilde av at dei kliner.
Vermeldingane er forresten ikkje spesielt positive. Heldigvis er det ganske kjølig i LA, med 22-28 grader i vente framover. Men i Las Vegas varierer dei daglege makstemperaturane frå 27 til 40 for tida, og i Phoenix skal det visst vere 34-40 grader den komande veka...
Wish me good luck!