02 oktober 2010

Tremåls-Nils

Då er sesongoppsummeringa for sjuarlaget til Godøy ferdig. For min del ser det veldig bra ut i år, med heile TRE mål! Alle tre kom sjølvsagt på Godøy gras, først eitt mot Brattvåg, så to mot Skodje. Slikt gjer godt for sjølvtilliten til ein avdanka og stilleståande spiss/back.

Heile oppsummeringa, med fullstendig toppscorarliste og mykje anna snadder, finn du på denne sida på godoyil.no!

Men no er fotballsesongen 2010 ferdig, etter to år som spelande oppmann kjenner eg at det er på tide å legge opp igjen. Neste år blir eg 30, då får eg nøye meg med litt trening innimellom. Organisert fotball blir fort litt for mykje stress for ein som allereie har altfor mange oppgåver, både på fritida og i jobbsamanheng...

Eg har forresten eit vikariat i nyhetsredaksjonen til Sunnmørsposten, fram til jul, om nokon skulle lure på kva eg jobbar med for tida. Så får vi sjå kva som skjer etter nyttår. Kanskje ein snartur til Ukraina? Tannlegebesøk i Polen? Ski-VM i Oslo? Eller noko heilt anna? Spennande å sjå :)

Ingen kommentarer: