09 november 2007

Frihelg!

For første gong på lenge har eg fri i helga. Ikkje jobb, ikkje ungdomskveld på Godøya, ingen møte å spele piano på. I utgangspunktet veldig bra - men kva gjer folk vanlegvis i helgane? Kva gjer folk på fredagar og laurdagar?

For min del starta helga med fotball på hallen. Dum som eg er. Utrent, med dårlegare kondis enn nokon gong, møtte eg opp på Godøy A-lag si første innetrening for vinteren. Starta som keeper, vart sliten allereie før eg hadde bevegd meg ein meter og vart etter kvart dum nok til å spele ute også. Scora heldigvis eit par mål i starten, etter kvart enda eg opp som stilleståande og ekstremt ineffektiv spiss. Til alle som var på lag med meg: Unnskyld!

I skrivande stund ser eg på Idol. Har ikkje sett ei einaste episode i haust, så veit fint lite. Seinare på kvelden vurderer eg å stikke på fredagstreff på bedehuset - om eg får tak i bil. Min Mitsubishi med sommardekk er neppe lurt i kveld, med kvite vegar og minus i lufta...

Men kva skal eg finne på laurdagskvelden? Eg er veldig open for gode forslag, ta gjerne kontakt om du veit om noko eg burde få med meg. Eller går det an å berre sløve? På ein laurdag? Det blir spennande å sjå kva som skjer :)

Ingen kommentarer: