05 november 2007

Oops...

Eg skal ikkje nemne namn, men partneren min under Pro-turneringa på Godøy-bedehuset var ikkje heilt glad etter at vi tapte finalen 3-2 laurdag.

"Ørjan" lurte heile forsvaret til "vigringane", runda keeper og skulle berre rette seg opp før han plasserte ballen i mål. Plutseleg var ballen på tribunetaket og kampen var over...omtrent som med Pondus (klikk på bildet for større versjon).

Med andre ord vart det andreplass på oss i turneringa, men eg kan likevel seie at eg er best på Godøya i Pro Evolution Soccer 6. Så får vi heller ta vigringane neste gong.

Elles i helga har eg vore på fredagskafé på Ellingsøya, basar på Gamlem, ungdomskveld på Godøya og storsamling på Godøya. Full fart, mykje moro, mykje kjekke folk. No blir det litt rolegare den komande veka - til helga skal eg til og med ha fri! (Kva er det for noko???)

16.-18. november er det forresten Ten-Treff på Orreneset. For deg som går i 8.-10. klasse. Stikk innom Ung Misjon sine leir-sider for meir informasjon og meld deg gjerne på! :)

1 kommentar:

Kay Amund sa...

Den pondus stripa minne mej om, nattcup på Stranda (eller ka d heitte)
Huska en på South Park Cows som fekk gult kort for d samme:P
hehe

Ej veit d ikkje va du, men ville ikkje nevne navn på nett:P