19 november 2007

Leir og fotball

I helga var eg på leir på Orreneset. Slitsamt, men gøy. For fleire detaljar, sjå bloggen til Cecilie, som debuterte som profesjonell leirleiar!

Den komande helga skal eg både halde andakt og spele sjølv under KRIK Fotballcup i Ålesund. Kondisen er like elendig som alltid, heldigvis fekk eg opp sjølvtilliten med storspel på Orreneset i helga - og så har eg fleire folk på laget som kan springe for meg...

Uansett - fotball er gøy, og til minne om Trond Kirkvaag oppfordrar eg alle til å sjå ein av mange herlege KLM-sketsjar - "Fotball for mygglag":

12 november 2007

Dansende papegøyer og talefeil

Kom over ei dansande papegøye her ein dag. Sjå og nyt!

Helga mi endte opp med mykje fotball (fotball i hallen, Premier League på TV, cupfinale på TV), film på storskjerm både her og der (lenge leve Mannsverk-kinoen og Gjøen-kinoen!) og litt farsdagfeiring før det heile vart runda av med brettspel og bibelgruppe. Ei maskulin og variert helg med andre ord, slettes ikkje verst!

Og så har eg funne ut at eg har hatt ein talefeil heile livet - som ingen har sagt frå om før no...der alle andre godøyingar seier "va" og "vakje", seier eg "vå" og "våkje". Som i "det våkje min feil", "det vå et sjukt bra mål" osv. Og det er til og med folk som har lagt merke til det, men aldri sagt noko til meg - før eg vart konfrontert med det og begynte å spørre folk kva dei seier. Sånn er livet...men eg har i alle fall rett, alle andre har feil :P

09 november 2007

Frihelg!

For første gong på lenge har eg fri i helga. Ikkje jobb, ikkje ungdomskveld på Godøya, ingen møte å spele piano på. I utgangspunktet veldig bra - men kva gjer folk vanlegvis i helgane? Kva gjer folk på fredagar og laurdagar?

For min del starta helga med fotball på hallen. Dum som eg er. Utrent, med dårlegare kondis enn nokon gong, møtte eg opp på Godøy A-lag si første innetrening for vinteren. Starta som keeper, vart sliten allereie før eg hadde bevegd meg ein meter og vart etter kvart dum nok til å spele ute også. Scora heldigvis eit par mål i starten, etter kvart enda eg opp som stilleståande og ekstremt ineffektiv spiss. Til alle som var på lag med meg: Unnskyld!

I skrivande stund ser eg på Idol. Har ikkje sett ei einaste episode i haust, så veit fint lite. Seinare på kvelden vurderer eg å stikke på fredagstreff på bedehuset - om eg får tak i bil. Min Mitsubishi med sommardekk er neppe lurt i kveld, med kvite vegar og minus i lufta...

Men kva skal eg finne på laurdagskvelden? Eg er veldig open for gode forslag, ta gjerne kontakt om du veit om noko eg burde få med meg. Eller går det an å berre sløve? På ein laurdag? Det blir spennande å sjå kva som skjer :)

05 november 2007

Oops...

Eg skal ikkje nemne namn, men partneren min under Pro-turneringa på Godøy-bedehuset var ikkje heilt glad etter at vi tapte finalen 3-2 laurdag.

"Ørjan" lurte heile forsvaret til "vigringane", runda keeper og skulle berre rette seg opp før han plasserte ballen i mål. Plutseleg var ballen på tribunetaket og kampen var over...omtrent som med Pondus (klikk på bildet for større versjon).

Med andre ord vart det andreplass på oss i turneringa, men eg kan likevel seie at eg er best på Godøya i Pro Evolution Soccer 6. Så får vi heller ta vigringane neste gong.

Elles i helga har eg vore på fredagskafé på Ellingsøya, basar på Gamlem, ungdomskveld på Godøya og storsamling på Godøya. Full fart, mykje moro, mykje kjekke folk. No blir det litt rolegare den komande veka - til helga skal eg til og med ha fri! (Kva er det for noko???)

16.-18. november er det forresten Ten-Treff på Orreneset. For deg som går i 8.-10. klasse. Stikk innom Ung Misjon sine leir-sider for meir informasjon og meld deg gjerne på! :)

01 november 2007

Sjuke japanarar...

Eg har sagt det før, eg seier det igjen - heia Japan!