28 juni 2007

Oppturar og nedturar

Den siste veka har vore ei veldig variert veke. Stort sett har det vore veldig bra, som for eksempel då vi feira Godøy-besta sin 75-årsdag på fredag. Full bedehuskjellar med familie og slekt er alltid veldig kjekt, spesielt når det er koldtbord med mykje god mat. Og forsyne meg klarte eg å snike til meg eit bilde med sjølvaste jubilanten og greier!

I tillegg har det vore mange andre oppturar - som jonsokfeiring, grilling, Svisj-UNO, Pride & Prejudice, smoothie og ostekake. Og så er eg endeleg knallgod i Pro Evolution Soccer igjen!

Likevel var alt anna ganske så uviktig då beskjeden kom sist torsdag om at Jetmund var død, berre 31 år gammal. Og i gravferda onsdag var det grusomt å sjå "tante" Erna og "onkel" Lallen ta farvel med yngstesonen sin. Men forhåpentlegvis får dei møte han att ein dag. Det er det vi kan trøyste oss med når nokon som er nær og kjær går vekk, at livet her på jorda er berre oppvarminga. Om vi tar imot Jesus - enten vi føler at vi klarer å tru eller ikkje - så har han opna opp vegen til eit evig liv heime hjå Gud.

Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.
(Joh 11:25-26)

Så kan vi likevel glede oss over alle dei gode tinga her i livet, sjølv om vi skulle få oss ein trøkk i trynet innimellom. Og så kan du hugse på kor viktig det er å planlegge som om du skulle leve her på jorda for alltid - samtidig som du lever kvar dag som om det skulle vere din siste. Berre Gud veit korleis morgondagen blir...men forhåpentligvis blir det ein fin dag :)

12 juni 2007

Livet er herleg!

Å vere leirsjef på minileir med 45 ungar frå 6-10 år var slitsomt, men utruleg gøy. Og så fekk eg både ta på meg ein parykk med mange fargar og ete pølse med brød!

For ikkje å nemne at eg endeleg fekk svele på ferga! Ti poeng til MRF!

Tysdag åt eg og mamma middag på Lyspunktet, beste kafeen i Ålesund. Tacoen der er berre heilt fantastisk, tusen takk til mudern som spanderte på meg - sjølv om eg jobbar på samme kontoret og plagar henne opptil fleire dagar i veka...

For å trimme vekk all den gode maten, tok eg meg ein tretimars spasertur på Godøya. I pøsregn. Så no verkar det det i heile skrotten, men på ein herleg måte :)

08 juni 2007

Heia Sykkylven!

Om nokon skulle vere i tvil: Det er i Sykkylven det skjer for tida!

Torsdag var eg, Anne, Kjetil og AG på Orreneset, der vi hadde teamsamling med mellom anna brannøving. Eg fekk endeleg prøve meg med ein ekte brannslange, noko eg sjølvsagt klarte til 20 i stil!

Tysdag var det avslutning for barne- og ungdomsnemnda til Sunnmøre Indremisjon. Vi såg litt på Sykkylven bedehus, der det skal vere krinsårsmøte 15.-17. juni.


Og så grilla vi utanfor. Elling og Lakris viste seg som ekte mannfolk og tok seg av grillinga på ein ekte eingongsgrill - sponsored by underteikna. Eg stilte med grill, dei grilla. Grei deal!


Jeanette og Gunhild dekka på bordet og såg ut til å kose seg ute i den varme og herlege sunnmørssola. Det løner seg å involvere seg i misjonsarbeid :)


Kjetil var - som vanleg - referent på BUN-møtet. Og ein ekte referent i 2007 har med seg datamaskina, enten han er inne eller ute!

Laurdag og søndag skal eg forresten på minileir. På Orreneset, sjølvsagt. Og forhåpentlegvis klarer eg snart å kome meg med "Rauma" i opningstida til kafeen ombord, møkkaferja "Ivar Aasen" er berre rett og slett meiningslaus. Gje meg ei svele!

04 juni 2007

Dagens tips: bibelskule

Usikker på kva du skal gjere til neste år? Kva med bibelskule? Mange flotte skular der ute som kan lære deg utrulig mykje nyttig, både om det å vere ein kristen og å bli betre kjend med Bibelen. Og så får du venner frå heile landet - ja, kanskje til og med frå andre land.

Mange gode skular som sagt, men ein som sjølvsagt er mykje betre enn alle andre - Bibelskolen Bildøy Bergen!

Anbefalast av ein ekte slask, som forresten er femårsjubilant til hausten. Tjohei! :)