29 august 2008

JADDA!

Godøy-Valder 4-3!!!

Ekstremt spennande å følgje med på SMS og smp.no. Frå 1-0 til 1-3, for så å snu det heile og ro i land sigeren tre minutt på overtid.

Ah...deilig!

På bildet ser du midtstoppar Dagfinn Godø, som må finne fram knyttneven for å få vekk ein innpåsliten beundrar. Det skal ikkje vere lett å vere Godøy-spelar med FEM sigrar på rad...og neste år blir det kvalifisering til NM-cupen :D

Ifølge anonyme kjelder var denne personen, kjend som "Stø-Kai", ikkje utpå bana. Takk skal du ha!

I dag har eg forresten klart både "Vanskelig" og "Supervanskelig" Sudoku i VG frå søndag. Og hatt stor suksess mot datamaskina i sjakkspelet "Chess Titans".

Yeah!

28 august 2008

Dagen i dag...

- Kjøpte sandalar

- Sløva på stranda

- Jogga i ca tre minutt

- Testa badevatnet

- Såg på solnedgangen

- Sudoku

- Turkish Delight

:)

27 august 2008

King of the road

I dag har eg vore ute på ekspedisjon med min kjære Peugeot-scooter. Antrekket er sjølvsagt så korrekt som det kan bli, med grå/svart hjelm og splitter nye Okey-solbriller.

Først av alt: Til alle mopedistar og scooter-sjåførar som eg har sust forbi i Godøy-tunnelen og tenkt stygge tankar om...UNNSKYLD! Om lag 957 bilar passerte meg i fjella i dag, sjølv om scooteren klarte heile 47,5 km/t på flata og nesten 54 km/t i nedoverbakke, før turtallsperra kicka inn. Oppover varierte det mellom 20 og 30 på speedometeret...

Då er det langt kjekkare i byen, her herjar vi på to hjul og svingar elegant forbi køer, bussar og andre hinder på vegen!

Første stopp på turen var Spíli, ein nydeleg landsby i fjellet, kjend for sine store mengder krystallklart drikkevatn. På 1500-talet bygde venetianerane ein imponerande brønn oppom torget, med 19 løvehovud på rekke og rad som med stor kraft spyler kildevatn ned i ei avlang renne.

Vatnet var kaldt og godt og såg ut til å vere populært både som drikkevatn og handvask. Kan absolutt anbefalast om du skal til Kreta ein eller annan gong!

Hovudmålet for dagens reise var Agía Galíni, ein herleg og roleg hamneby på sørkysten. Byen består av ei koseleg hamn, ei brukbar sandstrand og mange hus som er trykt saman i ei skråning.

Det skal visstnok vere eit livleg natteliv i Agía Galíni, men heldigvis var det stilt og behageleg på ettermiddagen. I ei idyllisk gågate åt eg grilla sverdfisk, før eg roa heilt ned med ei Billy Graham-bok, fruktsalat og fersk appelsinjus nede ved hamna.

Etter kvart snudde eg scooteren mot Rethymnon igjen, men stoppa i Spíli for å drikke litt vatn på vegen. Etter ein kjapp dusj vert dagen i skrivande stund avslutta på internettkafeen/sportspuben. Burger, Cola, Smp.no og Champions League-kvalifisering. Kan det bli betre?

26 august 2008

Kali méra, Kreta!

Kva gjer du når du har jobba altfor mykje heile sommaren, har berre ei veke ferie igjen og ingen andre kan bli med på sydentur? Reiser til Kreta åleine, så klart!

Laurdag klokka 13:58. Eg er inne på nettet, finn ein OK restplass frå Apollo og bestiller.

Søndag klokka 19:38. Flyet lettar frå Vigra, fire og ein halv time seinare er eg framme på flyplassen i Heraklion. Utpå natta ein gong er eg framme på rommet mitt, om lag sju kilometer aust for Rethymnon.

Så langt har eg mellom anna leigd scooter (som eg skal ha heile veka), ete gyros, kika litt på stranda, lest ei knallgod Max Lucado-bok, sløva på altanen min og funne ein sportsbar slik at eg veit kvar eg skal vere under Chelsea-Tottenham på laurdag.

Heldigvis fekk eg leilighet og ikkje hotellrom, dermed har eg både kjøleskap og kokeplate og kan lage skikkeleg frukost. Takka vere Lidl, Spar og den lokale småbutikken har eg både oppvaskmiddel, eingongsbestikk, egg, pølser, bønner, skinke, ost og alt anna som ein ferierande slask kan tenkje seg når han vaknar ein eller anna gong utpå dagen.

Dei neste dagane skal eg kanskje bade litt, kanskje utforske området på scooter, kanskje dykke?

Spennande å sjå, vi får ta ein dag om gongen og håpe at Godøy klarer å knuse Valder på fredag - sjølv om ikkje eg er der...