27 august 2008

King of the road

I dag har eg vore ute på ekspedisjon med min kjære Peugeot-scooter. Antrekket er sjølvsagt så korrekt som det kan bli, med grå/svart hjelm og splitter nye Okey-solbriller.

Først av alt: Til alle mopedistar og scooter-sjåførar som eg har sust forbi i Godøy-tunnelen og tenkt stygge tankar om...UNNSKYLD! Om lag 957 bilar passerte meg i fjella i dag, sjølv om scooteren klarte heile 47,5 km/t på flata og nesten 54 km/t i nedoverbakke, før turtallsperra kicka inn. Oppover varierte det mellom 20 og 30 på speedometeret...

Då er det langt kjekkare i byen, her herjar vi på to hjul og svingar elegant forbi køer, bussar og andre hinder på vegen!

Første stopp på turen var Spíli, ein nydeleg landsby i fjellet, kjend for sine store mengder krystallklart drikkevatn. På 1500-talet bygde venetianerane ein imponerande brønn oppom torget, med 19 løvehovud på rekke og rad som med stor kraft spyler kildevatn ned i ei avlang renne.

Vatnet var kaldt og godt og såg ut til å vere populært både som drikkevatn og handvask. Kan absolutt anbefalast om du skal til Kreta ein eller annan gong!

Hovudmålet for dagens reise var Agía Galíni, ein herleg og roleg hamneby på sørkysten. Byen består av ei koseleg hamn, ei brukbar sandstrand og mange hus som er trykt saman i ei skråning.

Det skal visstnok vere eit livleg natteliv i Agía Galíni, men heldigvis var det stilt og behageleg på ettermiddagen. I ei idyllisk gågate åt eg grilla sverdfisk, før eg roa heilt ned med ei Billy Graham-bok, fruktsalat og fersk appelsinjus nede ved hamna.

Etter kvart snudde eg scooteren mot Rethymnon igjen, men stoppa i Spíli for å drikke litt vatn på vegen. Etter ein kjapp dusj vert dagen i skrivande stund avslutta på internettkafeen/sportspuben. Burger, Cola, Smp.no og Champions League-kvalifisering. Kan det bli betre?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt at du kosar deg, håper du ikkje tek for mange farlege forbikøyringar :)Her regnar det i kveld, så nyt finevèret og varmen. Klem fra mamma

GUNHILD sa...

åååå,spili å agaia galini! sååå fine bya begge to!
vil tilbake til kreta!
håpe du kosa de masse, de e dej vel unt!
sjå opp for grisejakt langs fjellovergangane:P

theoddway sa...

når kjem reisehandboka ut sa du? ;)