30 november 2006

Ungdommen imponerar stadig

Det var ein gong to damer som reiste land og strand med kvar sin gitar. Fjonge på håret og med over- og understemme song dei seg inn i hjarta til både den eine og den andre.

Før i tida kunne folk berre følgje med på kva dei gjorde gjennom å lese halvårlege reportasjar i misjonsblad og andre tabloidmediar. Skulle du vere sikker på å treffe på dei, måtte du ta den lange turen til Alnes fyr eller ein konsert med Godøy barnekor.

No, derimot, er alt så mykje enklare. Marit og Irene har hatt heimeside ei god stund allereie, no har dei også fått seg blogg!

Tida og metodane endrar seg stadig, men evangeliet er heldigvis det same frå dag til dag. Og kanskje får vi snart sjå Marit og Irene med elgitar og direkteoverførte møte på nettet?

28 november 2006

Brudern og Borat

Søndag var det stor ståhei og hæla i taket i Støbakk-familien. Då kom nemleg lillebror Stig-Johnny igjen frå eksil i Australia, der han har vore sidan slutten av februar. No er han ferdig med det første av tre datanørdår ved Deakin University, ein ganske liten skule med berre 32.000 studentar.

Dei siste dagane har i stor grad vore prega av sosialisering med "brudern", no har eg endeleg fått ein sparringpartner i Pro Evolution Soccer 5 igjen.

I tillegg til kaker i hopetal og mykje god mat elles, har vi også fått tid til å sjå Hoodwinked på TV og Borat's Cultural Learnings Of America For Make Benefit Glorious Nation Of Kazakhstan på kino.

To herlige filmar som absolutt kan anbefalast på det varmaste! Spesialt Borat er noko av det sjukaste eg har sett, har aldri før opplevd å storflire 90 prosent av tida i ein kinosal.

Elles var eg på Åheim fredag og hadde det heilt konge saman med ungdommane der (lærte dei å spele Svisj-Uno), før helga blei komplett med ein sjefsungdomskveld på Godøya laurdagskvelden.

Livet er herlig! :)

Hersens spam

PRESSEMELDING:


Frå i dag, tysdag 28. november 2006, er det litt vanskelegare å kommentere på supernils.blogspot.com. På grunn av ein lang, uønska og irriterande kommentar med mykje reklame og slikt, har vi no skrudd på "Word verification". Det vil seie at alle som vil kommentere eit innlegg må taste inn eit vanskeleg ord som står på skjermen.


Redaksjonen i supernils.blogspot.com uttaler i ein kommentar at "spam er eit utyske som vi godt kunne klart oss utan. Men forhåpentlegvis skal vi klare å unngå slike lumske reklameåtak i framtida".

22 november 2006

Mobil schmobil

Måtte berre sjekke at det faktisk gjekk an å sende e-post frå mobilen.. Og det går faktisk!

Tøft! Faktisk :)

Voldsomme greier

Skal sei…no går det visst an å oppdatere bloggen gjennom å sende e-post og greier. Det vil seie at eg ikkje treng å logge inn for å skrive noko lurt, men berre sende ein e-post enten frå datamaskina mi eller mobiltelefonen! Den teknologien, den teknologien…

Det går visst ikkje an å sende bilde via e-post, men eg skal vel overleve likevel. Uansett greitt å vite at dersom eg skulle kjede meg skikkeleg i tunnelkø ein dag, kan eg fyre av gårde ei sint melding eller to. Konge! :D

21 november 2006

Kor, korps og kval

*kremt*

*finne fram den djupe fortellarstemma*

"Dette er hva som har hendt siden siste episode av Livet med Nils-Ove. Han har fortsatt en katt ved navn Olga, har fortsatt ikke dame og har så vidt begynt å jogge. Resten skal han få fortelle selv..."

Wehey! I'm back from the lost world of non-blogging. Har berre hatt så voldsomt mykje å gjere at eg knapt nok har hatt tid til å puste. Men OK, nok om det.

Først var eg på besøk med Dakruko, Dalsfjorden Kristelege Ungdomskor. Det blei ein kjempeartig fredagskveld der eg fekk høyre god song og vere med på mange kjekke leikar. Å reise til Dalsfjorden og håpe på å lære frå seg noko der er heilt umuleg, spesielt dirigent Runhild kan absolutt alt som er verdt å kunne. Men no har eg i alle fall lært mykje nytt som eg forhåpentlegvis kan klare å hugse til seinare...

Så har eg vore på barneveke i Langevågen. Heile seks kor var innom i løpet av dei fire dagane eg og AG var der. Fredag kom Godøy barnekor på besøk, søndag fekk eg møte igjen ein del av dei nye vennane mine frå Lepsøya/Løfsøya. Veldig kjekt, sjølv om eg eigentleg har funne ut at å forkynne til ungar ikkje heilt er min ting. Men greitt å ha prøvd litt forskjellig, i alle fall :)

Innimellom alt anna har eg jobba ein del for Sunnmørsposten i det siste. Laurdag hadde eg ein langdag der eg var innom julemesse, høgtlesing på biblioteket, korpscup og eit handikapjulebord.

Og så må vi for all ikkje gløyme kvalen, som i løpet av helga stranda på Godøya og ganske snart blei ein publikumsattraksjon.

No er det forresten berre litt over ein månad til Førjulsturneringa i Godøyhallen!

09 november 2006

Løfsøykjæringa

Då eg var liten, fekk vi beskjed om at vi ikkje måtte gå ned til løa nedom huset vårt. Der budde nemlig "Løfsøykjæringa", som kunne kome og ta oss...

Historia har sitt opphav i ei gammal tante som for mange, mange år sidan kledde seg ut og skremde far min og ein kamerat då dei gjekk ned i løa. Og etter det har generasjon på generasjon i Støbakk-slekta frykta denne skumle dama frå Løfsøya - eller Lepsøya, om du vil.

Tysdag var eg på Løfsøya for første gong i mitt liv. Der møtte eg heldigvis berre blide og kjekke folk, spesielt Sølvi og Anbjørg - dei to kjekke damene som har ansvaret for både barneforeininga og dei to tysdagsklubbane på Løfsøya. Eg fekk vere saman med alle tre gruppene, som har kvar sine tidspunkt på tysdagar. Først dei minste, så dei frå 5. til 7. klasse før ungdomsskuleelevane tok over.

Full fart, mykje moro og ein ferjetur med litt vel store bølgjer for min del. Men eg overlevde både ferja og Løfsøya - og kan ein gong for alle konstatere at "kjæringane" på Løfsøya ikkje er skumle i det heile tatt! :)


Eg hadde som vanleg med meg Eye-Toy...


...som også den tyske presten på øya fekk prøve...


...men på Løfsøya har dei forstått det - kurong er tingen! :D