31 januar 2007

Vaffelparty!

Det er ikkje farleg å jobbe i misjonen. Spesielt ikkje når eg får vere med på Godøy Ving og få nysteikte vafler rett etter andakta!

Sidan barnekoret ikkje hadde øving tysdag, var det ikkje så mange som kom på Ving. Men dei fire jentene som var der, var i alle fall råflinke på vaffelsteiking. Og dei klarte seg bra også når vaflene skulle stappast inn i munnen og skyljast ned med varm kakao.

Takk for meg, eg kjem gjerne tilbake neste gong det er vafler på menyen! :)

22 januar 2007

Crazy Sven

All PR er god PR, meinte tydelegvis Sven Harald Nyvoll.

Laurdag ettermiddag bestemte han seg i alle fall for å tryne så hardt på Strandafjellet at han måtte til legekontoret på Stranda og sy tre sting.

- Ei traumatisk oppleving for meg, påstår 17-åringen frå Godøya. Før han innrømmer at han eigentleg er litt glad for den ferske idrettsskaden.

- Reknar med at eg kjem til å få eit skikkelig macho arr, gliser unge Nyvoll.

- Det var derfor eg gjorde det, då eg hoppa utføre bigjumpen og saltoen med skru gjekk gale. Men det er sånt som skjer.

Ifølgje både Sven Harald og fleire anonyme vitne var det å skade seg sjølv med sine eigne slalåmski ein ganske god prestasjon.

- Nesten litt vanskeleg, faktisk, seier han sjølv - og avsluttar med å bringe vidare gode ord frå legen:

- Men det blei eit førsteklasses kutt. Stålkantar lagar visst veldig fine kutt, sa legen til meg.

Ruben Austnes har sendt inn eit dramatisk MMS-foto som viser kuttet til Sven Harald rett etter det klønete fallet. Av omsyn til sarte lesarar vil vi ikkje leggje ut dette opent på bloggen, men dei som er spesielt interesserte kan klikke på denne hyperlekkja og sjå på det lekre og smekre kuttet.

I'm alive!

Då har eg vore på Strandafjellet for første gong i år. Og eg overlevde, trass i ein stadig eldre og tyngre kropp og svært lite skikøyring siste åra.

Sjølv om eg ikkje datt ein einaste gong, gir eg all ære til nye ski, ny hjelm og nye skibriller. Ser eg ikkje tøff ut, vel?

Nokre vil kanskje meine at Åsmund ser kulare ut, der han er høgt i svevet og grabbar snøfjøla si, men pytt sann - slikt hadde eg også klart om eg berre hadde gidda. Og hadde vore ti år yngre. Og litt flinkare. Og litt modigare. Og ikkje så redd for å flyge på trynet og øydelegge dei fine, nye skia mine, dei kule, nye brillene mine og den flotte, nye hjelmen min...

Det gjekk ikkje fullt like bra då Ruben skulle ta ein 360. Som blei ein 180. Utan særlig fin landing. Eg haddde klart det mykje betre om eg berre hadde gidda. Og hadde vore ti år yngre. Og så vidare.

No skal eg kvile skiutstyret fram til eg skal på Winter Games (leir for 5.-7. klasse) 9.-11. februar. Deretter blir det mykje skikøyring i mars, med kortur til Bjorli første helga, Ten-Treff på Orreneset andre helga og dagstur med SST-K laurdag 17. mars. Og så kan eg reise på påskeferie til Australia og New Zealand på krykker :)

PS! Fleire bilde frå Treff Et Tre kjem på Ung Misjon i løpet av ein dag eller to!

18 januar 2007

Wehey!

Eg må seie at eg fekk morgonvatnet (drikk ikkje kaffi) i halsen då eg i dag såg toppsaka til Øy-Blikk på nett. Giske kommune har nemleg kjøpt ein akebakke på Valderøya til den nette sum av 450.000 kroner!

- Endeleg eit tilbod for oss unge akebakkerar, jublar MSN-debattant Trond Brynestad.

- Dette har vi venta lenge på. Hipp hipp hipp!

Ogå eksilvalderøyingen Eskil Rønning er udelt positiv.

- God investering. Karlbakken er ein veldig bra bakke. Og tomta var råååbillig, seier boligspekulanten i Bergen.

Sven Harald Nyvoll er meir skeptisk til storinvesteringa.

- Karlbakken? Kva er det? Og 450.000 for ein akebakke? Det er jo nesten ikkje snø eingong!

Siste ord i denne saka kjem frå Trine Ulla, med bustadadresse både på Godøya og Valderøya.

- Eg tør ikkje å uttale meg...men å bruke 450.000 kroner på ein akebakke når her er så evig mykje viktigare ting å gjere i kommuna, er meiningslaust! Liksom...kan dei bruke 450.000 på leikehytte til meg?

Redaksjonen i supernils.blogspot.com vil ikkje uttale seg om det meiningslause tomtekjøpet, men oppfordrar i staden folk til å bli med på skileiren Treff Et Tre på Orreneset/Strandafjellet i helga. Garantert billigare enn skibakken på Valderøya!

14 januar 2007

For ein herleg dag!

Og Jesus steig fram, tala til dei og sa:

Eg har fått all makt i himmelen og på jorda!

Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk.

Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!

(Matt 28:18-20)

12 januar 2007

It's a boy!

I 20.45-tida fredag kveld kom ein smårund krabat på 51 cm og 4060 gram sprettande ut av tanta mi. Dermed har eg fått nok eit søskenbarn - i ein alder av 25 år og 10 månader.

Sjukt å tenkje på at eg vil bli 41 i konfirmasjonen til pjokken...og at pappa vil vere nesten 72!

Gutta boys

Tante Siri er på sjukehuset og prøver å skvise ut mitt tjuefemte (og mest sannsynleg siste) søskenbarn. Dermed gjer eg det eg kan aller best - inviterer gutta boys på besøk til pizza og Playstation!

Aleksander var her også sist fredag, men då var han yngst med sine 15 1/2 år. I dag er han eldst, men ser ut til å trivast også saman med småbrørne Daniel (9) og John Olav (6) og nok eit søskenbarn - Lennart (9). Og så meg da, med mine tjuefem år og snart ti månader.

Å ha to eksamplar av Playstation 2 i huset kan vere veldig greitt, har eg funne ut. For mens vi fire eldste likar fotballspel best, vil John Olav helst spele bilspel. I dag har alle fått viljen sin og ser ut til å vere blide og fornøgde. Så satsar vi på at det kjem melding frå sjukehuset om ein ny innbyggjar på Alnes i løpet av kvelden - eller i alle fall i løpet av laurdagen :)

11 januar 2007

Robert er stooor

Mange har kritisert katten min, Olga, og meiner ho er litt vel rund i kantane. Tjukk, om du vil. Men både eg og Olga vart veldig glade då vi las artikkelen om den tyske monsterkanina Robert - som veg heile 10,5 kilo! HAN er tjukk, han!

Robert og vennane hans skal no bli brukte til å mette befolkninga i Nord-Korea. Ikkje akkurat kosedyr, med andre ord. Men så er dei kanskje også litt for store til å kose med?

PS! Sidan Olga er berre to og eit halvt år gammal, har redaksjonen vedteke at det ikkje vil bli publisert bilde av ho på nettet med det aller første.

Endeleg vinter!

Då har endeleg vinteren kome til Norge. Og Sunnmøre. Og Orreneset. Og Strandafjellet.

Neste helg er det Treff Et Tre på Orreneset. Leir for ungdommar frå 10. klasse og oppover, for dei som likar å stå på ski/snowboard eller berre slappe av ei vinterhelg på fjellet. Det har sett svart ut ganske lenge, men endeleg har det kvitna og no ser det ut til å bli veeeldig gode skiforhold.

30 cm i botnen og 60 cm på toppen, melder strandafjellet.no i dag. Minusgrader både her og der og 2 av 6 heiser opne er enorme framskritt frå altfor varmt og altfor grønt/brunt for seinast ei veke sidan.

Lyst å bli med? Send ein e-post til Sunnmøre Indremisjon, ring 70 11 55 70 eller ta kontakt med meg - så fiksar vi den biffen. Så skal det bli ei kanonhelg med ski, søsing og mykje sosialisering på Orreneset 19.-21. januar 2007!

07 januar 2007

S-ane stal sigeren

Sven Harald og Severin gjekk heilt til topps då det fredag kveld vart arrangert Pro Evolution Soccer 6-turnering i Casa Leitebakk. Fotball på Playstation i leiligheita mi, i tilfelle nokon skulle vere i tvil...

Ti lag á to personar melde seg på i den prestisjefulle meisterskapen, som starta etter TV2-sporten. Etter nokre timar med puljespel var det klart at Woot (Sven/Severin) møtte Dnjepropetrovsk (Jonas/Trond) i eine semifinalen, mens Notorious Austnes (Kikkan/Ruben) skulle opp mot Dream Team (Sara/Haakon).

Det vart straffekonkurranse i begge kampane, til stor glede for publikum. Totalt var om lag åtte publikummarar innom, i tillegg til dei 20 spelarane (21 etter neste avsnitt). Grunna den enorme interessa måtte gjesterommet ryddast og storskjerm riggast opp for å avlaste TV-en på stua.

Dnjepr og Austnes-brørne var svakast psykisk, dermed måtte dei nøye seg med bronsefinale. Der Mimmi steppa inn for ein Bergen-reiseklar Kikkan og demonstrerte styrke ved å banke dei pinglete Chelsea-patriotane Jonas og Trond 2-0.

Finalen, som gjekk i tretida, vart ekstremt spennande. Sven Harald og Severin fekk heile tre spelarar utvist i løpet av kampen, men vann likevel 2-0 og kunne heve Twist-posen høgt over dei store hovuda sine. Noko Sara tok med eit stort smil, både ho og Haakon var veldig glade for å tape og innrømte glatt at dei hadde tapt fortent. Eller kanskje ikkje...

Andrea Dyb, som spelte Pro med partner for første gong, var i alle fall veldig fornøgd med kvelden. Sjølv om det blei sisteplass i pulje B for ho og makker Mathias Kringstad.

- Vi viste gode takter, fortel Andrea med eit smil.

- Neste gong knuser Team Svingen all motstand!

Arrangørane (underteikna og Geir Ove) takkar alle deltakande lag og håper at alle blir litt dårlegare til neste gong. Så kan vi kanskje bruke litt meir plass på å skrive om våre eigne resultat, som ikkje er verdt så mange millimeter akkurat no.