07 januar 2007

S-ane stal sigeren

Sven Harald og Severin gjekk heilt til topps då det fredag kveld vart arrangert Pro Evolution Soccer 6-turnering i Casa Leitebakk. Fotball på Playstation i leiligheita mi, i tilfelle nokon skulle vere i tvil...

Ti lag á to personar melde seg på i den prestisjefulle meisterskapen, som starta etter TV2-sporten. Etter nokre timar med puljespel var det klart at Woot (Sven/Severin) møtte Dnjepropetrovsk (Jonas/Trond) i eine semifinalen, mens Notorious Austnes (Kikkan/Ruben) skulle opp mot Dream Team (Sara/Haakon).

Det vart straffekonkurranse i begge kampane, til stor glede for publikum. Totalt var om lag åtte publikummarar innom, i tillegg til dei 20 spelarane (21 etter neste avsnitt). Grunna den enorme interessa måtte gjesterommet ryddast og storskjerm riggast opp for å avlaste TV-en på stua.

Dnjepr og Austnes-brørne var svakast psykisk, dermed måtte dei nøye seg med bronsefinale. Der Mimmi steppa inn for ein Bergen-reiseklar Kikkan og demonstrerte styrke ved å banke dei pinglete Chelsea-patriotane Jonas og Trond 2-0.

Finalen, som gjekk i tretida, vart ekstremt spennande. Sven Harald og Severin fekk heile tre spelarar utvist i løpet av kampen, men vann likevel 2-0 og kunne heve Twist-posen høgt over dei store hovuda sine. Noko Sara tok med eit stort smil, både ho og Haakon var veldig glade for å tape og innrømte glatt at dei hadde tapt fortent. Eller kanskje ikkje...

Andrea Dyb, som spelte Pro med partner for første gong, var i alle fall veldig fornøgd med kvelden. Sjølv om det blei sisteplass i pulje B for ho og makker Mathias Kringstad.

- Vi viste gode takter, fortel Andrea med eit smil.

- Neste gong knuser Team Svingen all motstand!

Arrangørane (underteikna og Geir Ove) takkar alle deltakande lag og håper at alle blir litt dårlegare til neste gong. Så kan vi kanskje bruke litt meir plass på å skrive om våre eigne resultat, som ikkje er verdt så mange millimeter akkurat no.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg må innrømme at eg vart mildt sagt sjokkert, vonbroten, litt på gråten og beint fram småskuffa då det falt meg for øret (ok, Jan Harald skreiv det på msn) at det skulle lysast ut mantal... Off - at det skulle arrangerast proevo-turnering på Gøyna.

Dvs. eg vart vel ikkje all of the above fordi det skulle arrangerast turnering, men snarare lei meg fordi eg ikkje 1) vart invitert og/eller 2) visste om det før, slik eg kunne grine meg til ein plass. Men etter kort refleksjon slo det meg (ganske knallhardt om eg tør innrømme det) at eg faktisk har bikka tredve, og at eg difor ikkje (lenger?) er sjølvsagt når invitasjonar til konsollturneringar sendast ut.

Jaja - gratulerer så mykje til vinnarane i alle felle! Og så får eg heller prøve å snike meg med neste gong... Kan bruke falsk leg eller noko...

Nils-Ove Støbakk sa...

Mine djupaste orsakingar, capt'n!

Må berre leggje meg langflat (i den grad eg klarer å framstå som så veldig flat i den fysiske tilstanden eg er i no, spesielt rundt midtpartiet) og beklage at du ikkje fekk invitasjon. Til mitt forsvar blei det berre sendt ut melding til nokre veldig få, med instruks om å sende vidare. Og eg hadde open invitasjon på MSN i eit heilt døgn før turneringa starta, fleire tok kontakt over dette fenomenale kortmeldingsprogrammet og melde seg på.

Til neste gong (våren/sommmaren) skal du få beskjed i god tid. I den grad det går an å gi beskjed i god tid, det spørs kor lang tid i førevegen vi bestemmer oss for å fyre opp turnering...men det blir i alle fall ikkje turnering dei første månadane, sidan underteikna ser det som viktig at det ikkje går inflasjon i slike store happenings, eller samankomstar, om du vil.

Kvardags-Pro er flott og er noko eg vil oppfordre til på det sterkaste, men i min amatøraktige og idealistiske natur kan eg ikkje gå god for å arrangere turnering meir enn eit par gongar i året. Elles blir det for seriøst...

Tren hardt, spel mykje og ha det gøy. Så skal du kanskje få kome neste gong - om du ikkje er altfor god, slik at ingen tør å spele mot deg? Kanskje det var den eigentlege grunnen til "boikotten" no? Kanskje, kanskje, kanskje ikkje...kven veit?

:)

Nils-Ove Støbakk sa...

PS! Verken falsk legg eller andre falske kroppsdelar er naudsynt for å sleppe inn. Men det kan vere lurt å ta med seg ein stol, sidan ei normal ungkarsleiligheit blir ganske full under ei turnering. Falske stolar er ikkje velkomne.

Marit og Irene sin blogg sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Hei
Har du sett Det fine bildet av deg i bloggen vår?
Takk for god datahjelp.
HIlsen Marit og Irene