11 januar 2007

Endeleg vinter!

Då har endeleg vinteren kome til Norge. Og Sunnmøre. Og Orreneset. Og Strandafjellet.

Neste helg er det Treff Et Tre på Orreneset. Leir for ungdommar frå 10. klasse og oppover, for dei som likar å stå på ski/snowboard eller berre slappe av ei vinterhelg på fjellet. Det har sett svart ut ganske lenge, men endeleg har det kvitna og no ser det ut til å bli veeeldig gode skiforhold.

30 cm i botnen og 60 cm på toppen, melder strandafjellet.no i dag. Minusgrader både her og der og 2 av 6 heiser opne er enorme framskritt frå altfor varmt og altfor grønt/brunt for seinast ei veke sidan.

Lyst å bli med? Send ein e-post til Sunnmøre Indremisjon, ring 70 11 55 70 eller ta kontakt med meg - så fiksar vi den biffen. Så skal det bli ei kanonhelg med ski, søsing og mykje sosialisering på Orreneset 19.-21. januar 2007!

2 kommentarer:

GUNHILD sa...

ehhem, altså, greit nok at du ikkje går på skule lenger, men vil du ha me dej nokken ta oss som gjer d, så bør du nok arrangere ein leir i helga å ikkje frå onsdag 17 til fredag 19 :P for d e nemli de du reklamera for her nils-ove:P
hehe,pirke,pirke,pirke:P

Nils-Ove Støbakk sa...

hæ? stende no 19.-21. vel? hehe :P