29 august 2008

JADDA!

Godøy-Valder 4-3!!!

Ekstremt spennande å følgje med på SMS og smp.no. Frå 1-0 til 1-3, for så å snu det heile og ro i land sigeren tre minutt på overtid.

Ah...deilig!

På bildet ser du midtstoppar Dagfinn Godø, som må finne fram knyttneven for å få vekk ein innpåsliten beundrar. Det skal ikkje vere lett å vere Godøy-spelar med FEM sigrar på rad...og neste år blir det kvalifisering til NM-cupen :D

Ifølge anonyme kjelder var denne personen, kjend som "Stø-Kai", ikkje utpå bana. Takk skal du ha!

I dag har eg forresten klart både "Vanskelig" og "Supervanskelig" Sudoku i VG frå søndag. Og hatt stor suksess mot datamaskina i sjakkspelet "Chess Titans".

Yeah!

28 august 2008

Dagen i dag...

- Kjøpte sandalar

- Sløva på stranda

- Jogga i ca tre minutt

- Testa badevatnet

- Såg på solnedgangen

- Sudoku

- Turkish Delight

:)

27 august 2008

King of the road

I dag har eg vore ute på ekspedisjon med min kjære Peugeot-scooter. Antrekket er sjølvsagt så korrekt som det kan bli, med grå/svart hjelm og splitter nye Okey-solbriller.

Først av alt: Til alle mopedistar og scooter-sjåførar som eg har sust forbi i Godøy-tunnelen og tenkt stygge tankar om...UNNSKYLD! Om lag 957 bilar passerte meg i fjella i dag, sjølv om scooteren klarte heile 47,5 km/t på flata og nesten 54 km/t i nedoverbakke, før turtallsperra kicka inn. Oppover varierte det mellom 20 og 30 på speedometeret...

Då er det langt kjekkare i byen, her herjar vi på to hjul og svingar elegant forbi køer, bussar og andre hinder på vegen!

Første stopp på turen var Spíli, ein nydeleg landsby i fjellet, kjend for sine store mengder krystallklart drikkevatn. På 1500-talet bygde venetianerane ein imponerande brønn oppom torget, med 19 løvehovud på rekke og rad som med stor kraft spyler kildevatn ned i ei avlang renne.

Vatnet var kaldt og godt og såg ut til å vere populært både som drikkevatn og handvask. Kan absolutt anbefalast om du skal til Kreta ein eller annan gong!

Hovudmålet for dagens reise var Agía Galíni, ein herleg og roleg hamneby på sørkysten. Byen består av ei koseleg hamn, ei brukbar sandstrand og mange hus som er trykt saman i ei skråning.

Det skal visstnok vere eit livleg natteliv i Agía Galíni, men heldigvis var det stilt og behageleg på ettermiddagen. I ei idyllisk gågate åt eg grilla sverdfisk, før eg roa heilt ned med ei Billy Graham-bok, fruktsalat og fersk appelsinjus nede ved hamna.

Etter kvart snudde eg scooteren mot Rethymnon igjen, men stoppa i Spíli for å drikke litt vatn på vegen. Etter ein kjapp dusj vert dagen i skrivande stund avslutta på internettkafeen/sportspuben. Burger, Cola, Smp.no og Champions League-kvalifisering. Kan det bli betre?

26 august 2008

Kali méra, Kreta!

Kva gjer du når du har jobba altfor mykje heile sommaren, har berre ei veke ferie igjen og ingen andre kan bli med på sydentur? Reiser til Kreta åleine, så klart!

Laurdag klokka 13:58. Eg er inne på nettet, finn ein OK restplass frå Apollo og bestiller.

Søndag klokka 19:38. Flyet lettar frå Vigra, fire og ein halv time seinare er eg framme på flyplassen i Heraklion. Utpå natta ein gong er eg framme på rommet mitt, om lag sju kilometer aust for Rethymnon.

Så langt har eg mellom anna leigd scooter (som eg skal ha heile veka), ete gyros, kika litt på stranda, lest ei knallgod Max Lucado-bok, sløva på altanen min og funne ein sportsbar slik at eg veit kvar eg skal vere under Chelsea-Tottenham på laurdag.

Heldigvis fekk eg leilighet og ikkje hotellrom, dermed har eg både kjøleskap og kokeplate og kan lage skikkeleg frukost. Takka vere Lidl, Spar og den lokale småbutikken har eg både oppvaskmiddel, eingongsbestikk, egg, pølser, bønner, skinke, ost og alt anna som ein ferierande slask kan tenkje seg når han vaknar ein eller anna gong utpå dagen.

Dei neste dagane skal eg kanskje bade litt, kanskje utforske området på scooter, kanskje dykke?

Spennande å sjå, vi får ta ein dag om gongen og håpe at Godøy klarer å knuse Valder på fredag - sjølv om ikkje eg er der...

12 juni 2008

Utfordring!

Lite å skrive på bloggen for tida, men eg hiv meg på denne utfordringa frå Line, så får du i alle fall litt nytt frå meg:

Kvar spelar svarar på spørsmåla om seg sjølv.
I slutten av innlegget gjev du det videre til 6 andre personar og fører opp namna deira.
Så legg du beskjed hos dei om at dei er tagga og ber dei lese din blogg.
La personen som tagga deg vite det når du har lagt inn svar.


1: Kva gjorde du for 10 år sidan?
Gjekk i demonstrasjonstog for å unngå nedlegging av Giske vgs.

2: Nevn 5 ting du har/hadde på "gjere-lista" di i dag?
- stå opp
- møte oppp på Sunnmørsposten før 0845
- våkne
- styremøte i Godøy og Alnes IUF, med pizza og vatn som møtemat og Pro etterpå (vann mot Ørjan)
- ballbingefotball på Alnes

3: Snack du liker?
Jepp :)

4: Ting du vil gjere som milliardær?
Forsto ikkje spørsmålet...pengar? Kva er det?

5: Stader du har budd?
Godøya, Hamilton (NZ), Jørstadmoen, Bildøy, Bergen, Kristiansand, Godøya.

Så gir eg utfordringa vidare til:
Ruben, Kay Amund, Stine, Stine, Kjetil og Geir Ove!

04 juni 2008

Ei lita oppsummering

Då er eg tilbake i Norge og har til og med starta som sommarvikar i Sunnmørsposten. På Godøya er det sol og varme 24 timar i døgnet, dette ser ut til å bli ein fantastisk sommar!

Etter Israel-turen var eg i Oslo nokre dagar. Eg budde hos Geir Ove og fekk teste ut den splitter nye sovesofaen hans. Tusen takk for mat, drikke og overnatting! I tillegg besøkte eg Kay Amund og Stine og stakk på landskamp attmed Terje, som eg budde attmed i Kristiansand. I tillegg rakk eg å knuse Bjørn Tore i eit Buzz-liknande spel på Nintendo Wii :)

Men Israel, ja. Etter Eilat og dykking gjekk turen opp til Jerusalem, der vi vandra i gamlebyen og tok livet med ro. Og avslutta turen med eit skikkeleg søndagsmøte i King of Kings, ei pinsemenighet i Jerusalem. Utruleg herleg å lovsynge saman med kristne brør og søstre i "Den evige stad", byen der Jesus vart uskyldig dømd og døydde for syndene mine og dine. Og sto opp igjen og ga oss eit evig liv!

Bilde frå Israel-turen er endeleg ute på nett, klikk på linkane under for å sjå og lære:

Roadtrip 2008 #1
Roadtrip 2008 #2

PS! Berre eit lite reisetips til alle gutar som har tenkt seg til Israel. Pass deg for dei søte jentene, plutseleg har dei eit digert maskingevær på ryggen...

23 mai 2008

Dykkerlappen neste?

Fredag 23. mai 2008 fekk eg endeleg gjort noko eg har drøymt om i mange, mange år: Dykking!

I 25 minutt var eg og Magnus under vatn, i eit inngjerda område attmed fleire andre dykkerar og åtte delfinar. Greitt nok, vi hadde kvar vår instruktør attmed oss heile tida, men vi har uansett dykka. Ned til seks meter. Utan å drukne. Og for min del ga det i alle fall meirsmak.

Så om nokon les dette og har lyst å ta seg vatn over hovudet: Skal vi ta dykkerlappen i sommar? Eg er i alle fall klar! :)

22 mai 2008

I'm alive!

Til alle bekymra lesarar av den fantastisk bloggen min - eg er i live! :)

Har berre ikkje så mykje tid til nettsurfing her nede i Israel, men har i alle fall hatt ein herleg tur så langt. Vi kom til Tel Aviv på måndag og overnatta der til tysdag. Så køyrde vi innom Netanya (bildet), Cæsarea (gammal ruinby) og Nasaret på veg til Tiberias, der vi budde frå tysdag til torsdag.

Onsdagen starta med svømmebassengbading og pittelitt soling, før vi køyrde rundt Genesaretsjøen og hang på Golanhøgdene. Torsdag gjekk turen gjennom Vestbredden til Dødehavet. Der var vi først oppe på Massada, ei fantastisk fjellborg. Etterpå bada vi - heilt sjukt å berre flyte omkring! Ikkje så kjekt å få supersalt salt i munnen, men det gjekk bra...

Og no sit eg altså på takterassen i Eilat. På det som heiter ungdomsherberge her, men er minst like bra som norske hotell. Litt over klokka 23 på kvelden, i shorts og t-skjorte. Vi var akkurat borte i sentrum og kjøpte oss smoothie, som dei sel overalt her i Israel. Sunt, godt og herleg forfriskande!

Planen vidare er sløving i Eilat fredag, så stikk vi oppover til Jerusalem til helga. Og muligens innom Dødehavet igjen, sidan kameraet var batteritomt første gongen vi var der...

Mange fleire bilde kjem etterkvart, men truleg ikkje før eg er i gamlelandet igjen. Ha det fint så lenge, folkens. Eller som dei seier det her i nabolaget: Shalom!

18 mai 2008

Sirkus, kamp, bilrebus og 17. mai

Då er ei hektisk, men utruleg kjekk veke over. Tre store høgdepunkt som må nemnast:

- Tysdag 13. mai var eg på Ciruks Agora saman med Daniel, Lennart, John Olav og Mette. Eigentleg skulle dette vere første gongen det var sirkus på Godøya, men i siste liten ombestemte sirkuset seg og satte opp teltet på Giske i staden. Men vi fekk uansett nokre artige timar med klovnar, akrobatikk, hestar, elefantar og Jonas Alnes Gustafson som dagens helt!

- Fredag 16. mai var det først fotballkamp på Valdervoll. Etterpå var det som vanleg bilrebus på Godøya, med meg som rebussjef. 28 bilar med om lag 140 deltakarar stilte opp og vi fekk ein flott kveld med Lisa Nyvoll som årets vinnar. Les meir om bilrebusen (og møta som skal vere til helga!) på ukveld.net.

- Laurdag 17. mai var det 17. mai. Med andre ord tog, god mat, kjekke folk, leikar og program i hallen og så sløving på kvelden heilt til slutt. Klikk her for bilde frå den store dagen, med meg i bunad og det heile...

No er det søndag, og eg gjer meg klar til å reise. Først til Oslo, så går ferda vidare til Tel Aviv på mandag. Flybillettar og leigebil er i orden, så får vi forhåpentlegvis overnatting også i løpet av den vekeslange turen til Israel. Vermeldingane ser veldig lovande ut, så det spørs om eg ikkje må kjøpe meg solbriller og solkrem der nede i Midtøsten! :D

PS! Måndag 26. til torsdag 29. blir eg i Oslo. Om nokon har gode forslag til kva eg skal finne på der, ta gjerne kontakt.

08 mai 2008

SMS frå Gud

Torsdag 8. mai gjorde eg noko eg veldig sjeldan gjer; eg stod opp tidlig og stakk på fjellet ein tur. Det blei berre Sløk denne gongen, men tungt nok likevel for ein trøtt og slapp kropp.

Heldigvis fekk eg eit bibelvers på SMS midt i ein av dei brattaste bakkane:

"Ingen er hellig som Herren. For det er ingen uten deg, det er ingen klippe som vår Gud." (1. Sam 2:2)

Sjølv om Godøyfjellet kan vere slitsamt for ein slask som meg, er det ingenting for Gud. Det er ingenting samanlikna med Gud. Han er så uendeleg mykje større enn alle fjell vi kan forestille oss. Og saman med han, kan vi overvinne sjølv dei største "fjella" i liva våre.

Gratulerer med frigjeringsdagen, i dag er det nøyaktig 63 år sidan krigen enda i Norge. Men korleis er det med deg - er du frigjort?

Klikk her for fleire bilde frå fjellturen.

05 mai 2008

On top of the world!

Søndag 4. mai var eg endeleg på Godøyfjellet for første gong i år. Og for ein dag!

Rundt 100 menneske var samla på "Storehønnjet" for å avduke den nye sikteskiva, som viser retning og avstand til andre øyar og fjelltoppar i området. Og vi fekk fantastisk ver, fantastisk utsikt, rett og slett ein fantastisk fjelltur!

Århundrets tips: Godøyfjellet!

Bilda finn du her.

01 mai 2008

Sommarferie!

Og då er eg visst ferdig som tenåringsarbeidar i Ung Misjon...

Den siste arbeisdagen blei feira på herleg vis, med arbeid frå 10 til 02. Natt til 1. mai-gospel vart ein suksess, med mykje folk og god stemning. Og eg var så heldig at eg fekk spele flygel og greier! Tusen takk til alle som hjalp til med praktiske ting, med song og musikk eller berre med å møte opp med ditt gode humør :)

Eg har forresten gløymt å nemne på bloggen at eg skal til Israel 19.-26. mai. Roadtrip saman med Lidvar og Magnus, det skal bli saker! Men først skal eg prøve å ta livet litt med ro her heime i eit par veker og planlegge bilrebus til 16. mai. I år skal ingen klare alle rebusane...hehe...

PS! Tusen takk til Oddveig Karin Holmen, som ofra copyrighten og ga meg lov til å bruke flygel-bildet på bloggen min.

29 april 2008

Full fart

For første gong sidan 13. februar er det ikkje møteveke på Godøya denne veka. IUF-møteaksjonen 2008 vart avslutta med jubel og song og kaker og kjeks søndag 27. april. Rart, men samtidig stort å ha fått opplevd så mykje dei siste månadane. Gud er god!

Men det er nok å finne på likevel. Torsdag sluttar eg som tenåringsarbeidar, men fram til då er det full fart. Onsdag kveld er det nemleg duka for vårens store happening, natt til 1. mai-gospel på Blindheim bedehus!

Tysdag (i dag) har eg sendt pressemelding til Sunnmørsposten og laga til litt småtjafs som skal rulle på storskjermen. Seinare i dag skal eg kopiere opp notar (vi skal vere lovsongsteam, godt samkøyrde etter to mnd med "øving"...), flytte Respons sitt anlegg heilt frå Emblem til Blindheim og ete middag saman med IUF-styret, lovsongsteamet og Tor Ingvald.

Onsdag skal Sunnmørskirka sitt anlegg flyttast frå Ålesund bedehus til Blindheim og diverse ting ordnast, før sjølve gospelnighten startar 20.00. Godøy Ungdomskor, Respons, Nytt Lys og småkonsertar i kjellaren. Konge! :)

Torsdag er eg arbeidsledig på papiret, men skal ikkje berre sløve likevel. Ungdomskoret skal synge på samtalegudsteneste og eg skal sørgje for at lyden blir sann passe åkei. Og - ikkje minst - så skal eg i bursdagsselskap til Kay Amund, som straks er 26 år!

Fredag skal eg berre lage litt radio (Ung Time, kvar fredag 15-16 på radiosentrum.no og FM101.0) og sjå Brattvåg-Godøy i Brattvågen. Og så blir det ungdomskveld på Godøy bedehus laurdag kveld.

Ha ei flott veke, snakkast både her og der! :)

24 april 2008

Superkjendis



Av ein eller annan grunn liker eg veldig godt denne reklamefilmen for Ungdomscampen...

Sjølv skal eg jobbe i heile sommar, men eg vil på det aller varmaste anbefale ein tur til Lyngdal! :)

19 april 2008

Hochwertiges tischtennistisch

Torsdag kom endeleg det nye bordtennisbordet til bedehuset, og fredag kveld tok vi ein aldri så liten dugnad og fekk montert det. Eg, Ørjan og Bård mekka i nokre timar og enda utruleg nok opp med eit flott bord som var aldeles herleg å spele på!

Hittil har det vore litt færre folk på møta denne veka enn det vi etter kvart har blitt vande med. Men det blir spennande å sjå kva som skjer i helga, eg er i alle fall klar for KRIK, ungdomskveld (med bordtennisspeling, så klart!) og søndagsmøte. Så får tida vise om det vert møte også neste veke :)

Bilda frå den fantastiske bordtennisbord-mekkinga finn du her:
- for deg som har Facebook
- for deg som ikkje har Facebook

07 april 2008

Grattis!

Då har det skjedd, det som i alle fall ikkje eg skulle tru at nokon skulle kunne tru...den "pittelille" lillesøstra mi har fått lappen!

Gratulerer så mykje, Margrethe. Køyr forsiktig...

Elles så er det IKKJE møteveke på Godøya denne veka. Vi tar "time-out" ei veke, så startar vi på igjen onsdag 17. april :)

02 april 2008

Igjen og igjen og igjen og igjen...

Som Rudi Myntevik syng det så bra: "Igjen og igjen og igjen og igjen kan vi synge: Du er trofast, du er god!"

I dag, onsdag 2. april 2008, startar vi på den åttande møteveka på rad på Godøya! Nye har tatt imot Jesus kvar veke og endå fleire har vorte fornya og tatt nye steg med Sjefen sjøl.

Denne veka er det møte onsdag-søndag, meir informasjon og bilde frå laurdag finn du sjølvsagt på heimesida til Godøy og Alnes IUF :)

Måndag kveld var vi rundt på øya med flygeblad etter korøvinga, eg var så heldig å få sjølvaste Tore Hole Oksnes med meg som løpegutt. Valderøyingen i koret gjorde ein veldig god jobb. Bra, Tore!

Laurdag tok eg forresten mitt livs første "dragning", då eg bøtta inn mål under møteveke-KRIK i Godøyhallen. Spennande å sjå om eg klarer å halde på formtoppen heilt til Førjulsturneringa i desember...

21 mars 2008

Kake og greier!

Torsdag 20. mars 2008. Skjærtorsdag. Brann fekk bot av UEFA. Alexander Dale Oen sette nordisk rekord på 200 meter bryst. Ashley Cole sa endeleg unnskyld etter å ha grisetakla Alan Hutton.

Og Nils-Ove Støbakk vart eitt år eldre...

Dagen starta med familieselskap "nedi Støbakk", med gryterett, kalkun og etter kvart ei nydeleg marsipankake. Så var det møte på Godøy-bedehuset (møteveke #6) før det vart ny bursdagsfestival i øvre Leitebakk. Den nye rekorden i talet på personar inne i leiligheita mi samstundes er no 38!

Sidan sist blogg-oppdatering har eg mellom anna vore på påskeleir på Brusdalsheimen og sett Godøy slå Rollon 1-0. Elles er det ikkje så mykje å seie anna enn at du er hjarteleg velkomen til møte på Godøy bedehus - for meir informasjon, sjå ukveld.net :)

Velsigna god påske!

05 mars 2008

No stress



Vi menneske vil veldig ofte klare oss på eigahand. Dessverre er det nokre ting som er fullstendig umulig for oss, som å fortene eit evig liv. Den einaste måten vi kan klare det på, er å innrømme at for oss er det umulig. Og stole heilt og fullt på Han som var villig til å gi seg sjølv for oss...

Du kan kjempe så mykje du vil, men det går ikkje. Du er ikkje sterk nok. Ikkje i deg sjølv. Ikkje før du gir opp, og innser at du treng hjelp. Då er ingenting umulig.

Dei siste tre vekene har eg fått sett og opplevd stadig nye ting med Jesus. I kveld startar vi på den fjerde møteveka på Godøya, i utgangspunktet hadde vi planlagt berre ei. Men Jesus har overraska oss, gong på gong. Og vi har fått sjå at når du er på lag med den sterkaste, då er ingenting umulig!

Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile. (Matteus 11:28)

29 februar 2008

Snart helg :)

Og FOR ei helg det skal bli!

No skal eg straks inn på kontoret og lage litt radio. Kvar fredag 15-16 er det Ung Time på Radio Sentrum, med feit musikk, eit par nyttige tips innimellom og informasjon om kva som skjer i helga. Skru på FM101.0 eller klikk deg inn på webradioen på radiosentrum.no.

Seinare i dag er det møte på Godøya (19.30), med frie vitnesbyrd og greier! Etter kvart går turen til kyrkjekjellaren på Valderøya, der eg skal ha andakt på Tollfritt.

Laurdag skal eg faktisk jobbe litt først, klokka 11 er det nemleg duka for semifinale i Salomokonkurransen, ein bibelkonkurranse for barn og ungdommar. Vigra Yngres A og Godøy Ving C har begge sjansen til å kome til finalen i Bergen, semifinalen skal avviklast på Ålesund bedehus i regi av meg og sjefen min.

Rett etter det, skal eg opp i Godøyhallen, der det er møteveke-KRIK frå klokka 15. Og seinare på kvelden er det ungdomskveld på Godøy bedehus, klokka 21 skal det skje!

Søndag veit eg foreløpig "berre" om kveldsmøte på Godøya 19.30, men det er ikkje berre berre, det!

Ha ei flott helg, oppfør deg fint og gjer gjerne noko som eg har tenkt å gjere :)

28 februar 2008

Ei lita oppdatering...

Småhektisk for tida, men kanskje på tide å orientere litt om kva eg har gjort på i det siste?

I helga måtte eg "stikke av" frå IUF-møteveka på Godøya, heldigvis fekk eg vere med på ein flott leir - Winter Games! 55 ungar og ein bønsj med leiarar hadde ei herleg helg på Orreneset, der Karl Arne Austnes var talar og eg var leirsjef.

Laurdag var vi i skibakken, søndag var det akekonkurranse, snømannnbygging og andre artige uteaktivitetar. Bilde av meg i mi "lekre" skijakke og mykje meir finn du på ungmisjon.no :)

Søndag kveld var eg på kino, måndag hadde vi avskjedsmiddag med alle tre besteforeldra på besøk og stakk på flyplassen for å sende lillebror av gårde til Australia igjen.

Stig-Johnny har eitt år igjen før han er ferdig utdanna superseriøs programmerar med ein lang tittel som eg aldri kjem til å klare å huske utenat.

Måndag-torsdag har han vore i London, i løpet av fredagen er han etter planen framme i Melbourne igjen.

Og måndag er sommarferien hans endeleg over, etter å ha hatt fri sidan midten av november...så kjem han heim igjen i november/desember, heldigvis har vi både MSN og Skype slik at det går an å ha ein viss kontakt sjølv om han bur så langt heimefrå som det går an å kome utan å forlate planeten Tellus...

Fyren du ser på bildet til høgre er forresten ikkje postmannen, men sjølvaste Bård Erik Nyvoll!

Tysdag var eg og Bård (og sju-åtte andre) ute med møtevekeflygeblad for andre tysdag på rad. Både på dørene til folk og i postkassene til dei vi ikkje rakk å besøke...så dermed bør alle vite at det er IUF-møteveke #3 på Godøya akkurat no!

For meir informasjon, sjå ukveld.net. Snakkast på møte :)

18 februar 2008

Faktisk endå betre!

Eg er så fornøgd med teksten eg skreiv på ukveld.net at eg limer inn akkurat det samme her også:

Sjølv om vi har hatt fem herlege møte, med både frelse og fornying, følte vi det vart feil å seie stopp no. Dermed vert det IUF-møteveke også den komande veka!

Onsdag startar vi opp igjen og håper at akkurat DU vil ta turen innom bedehuset. Ver frimodig, inviter med deg folk og kom på møte. Og ikkje gløym å be for det som skal skje, både når du er for deg sjølv og gjerne også på bønnemøta. Samling i bedehuskjellaren kvar dag, både klokka eitt og ein halvtime før møtestart.

For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. (Rom 1:16)

PS! Nei, eg går ikkje med den same T-skjorta heile tida. Og eg vaska den lekre Pit Stop-skjorta mi etter Bjorli-turen, slik at ho var nyvaska på isbildet. Så får tida vise om eg har på meg den same T-skjorta også neste laurdag...

11 februar 2008

Betre og betre?

Helga på Bjorli var heilt fantastisk på alle måtar, om nokon skulle lure! Og no har eg hatt taco/planleggingsmøte med heile talargjengen til IUF-møteveka på Godøya, so no gler eg meg skikkeleg til vi startar opp på onsdag. Sjå ukveld.net for meir informasjon, ta deg ein tur eller fem og få med deg folk! :)

Mange herlege bilde frå Bjorli finn du her:

Bjorli 2008 på ukveld.net

Bjorli 2008 #1 på Facebook
Bjorli 2008 #2 på Facebook
Bjorli 2008 #3 på Facebook

07 februar 2008

Bjorli, here I come!

I helga skal eg på skiweekend med Godøy Ungdomskor til Bjorli!

Kvar vinter fyller søsne kormedlemmer opp ein buss, søsar seg over fylkesgrensa til Oppland og søsar heile helga på Bjorliheimen og i skibakkane til Bjorli Skisenter. Til høgre ser du eit nydeleg bilde av meg på Bjorli-turen 2007...

Og som ikkje det skulle vere nok - neste veke er det IUF-møteveke på Godøya! Tor Ingvald Lauvrak, Edvard Thormodsæter med fleire kjem på besøk. Meir informasjon og rullande reklamebanner finn du sjølvsagt på ukveld.net :)

01 februar 2008

Snart 1. mai!

Torsdag var eg på planleggingsmøte for natt-til-første-mai-gospel 2008. Møtet var heime hos Gunhild, som er både leiar i barne- og ungdomsnemnda til Ung Misjon og Blindheim bedehus-entusiast.

Tusen takk til Gunhild, her avbilda 30. april i fjor, for nydeleg eplepai. I tillegg tok frøken Thorsen den lange vegen til butikken for å handle Cola, sjølv om ho hadde Pepsi Max i kjellaren. Slikt likar vi, brus framfor skvip tydar på god vurderingsevne!

Eg skal visst ha ansvaret for lovsongen på natt-til-første-mai også i år, noko som tydar på at vi kjempeseriøse godøyingane klarte oss ganske brukbart i fjor. Wehey!

Fleire bilde frå fjorårets natt-til-første-mai-gospel finn du sjølvsagt i Ung Misjon sitt bildegalleri. Så blir det spennande å sjå kven som dukkar opp på årets arrangement :)

Nokre gode forslag til kva eg skal finne på i helga, forresten?

31 januar 2008

Har du det bra?



Kva er standardsvaret når nokon spør deg korleis du har det? Mest sannsynlig seier du nesten alltid "Joda, det går bra" eller noko liknande - uansett om du har det heilt fantastisk, midt på treet eller føler deg elendig. Kvifor er det så vanskeleg å vere ærleg og seie det du eigentleg har lyst å seie?

Som Sanctus Real syng i "I'm not alright":

I'm not alright
I'm broken inside, broken inside
And all I go through
It leads me to you, it leads me to you


Nokre gongar må vi berre innrømme at livet kan vere dritt innimellom. Heldigvis har vi ein frelsar som aldri sviktar, som alltid er der for oss og som vi kan prate med akkurat når vi vil - om akkurat det vi vil. Og han blir aldri lei. Han blir aldri trøytt. Han vil berre trøyste. Gong på gong.

Salige er de som sørger, for de skal trøstes. (Matteus 5:4)

30 januar 2008

Cofféy Anderson - All Ye



På bibelgruppe tysdag kveld kom vi over denne fantastisk herlege songen på GodTube.com. Cofféy Anderson har eg faktisk aldri høyrt om før, men etter berre eit par klikk er i alle fall eg hekta!

Du finn haugevis med videoar av og med Cofféy på både GodTube og YouTube. Og kvifor ikkje stikke innom MySpace-sida hans også når du først er i gang?

Når vi først er inne på på fornuftige nettips: Sjekk ut denne videosnutten også. Det er kanskje ikkje nødvendigvis akkurat slik det kjem til å bli, men kanskje? Uansett er det viktig å vere klar. Lykke til! :)

PS! Sjå gjerne dette dramastykket også. Absolutt å anbefale!

29 januar 2008

Åttiårsdag og slikt

Søndag var det stort selskap i bedehuskjellaren på Godøya. Då feira Johnny Paul "Besten" Alnes at han vart 80 år tidlegare i månaden. Mykje folk, god stemning og nydeleg mat. Akkurat slik det skal vere :)

Eg og Aleksander var først på "Treff et tre" på Orreneset, der vi mellom anna stod på ski på Strandafjellet laurdagen. Stiv og støl og trøtt som ei fjøl klarte eg likevel å køyre heim igjen natt til søndag, slik at vi kunne vere med på den store feiringa.

Søndag kveld var eg på søndagsfotball i Godøyhallen for tredje søndag på rad. Og forsyne meg scora ikkje eg fem-seks mål også denne gongen! 2008 ser ut til å bli eit godt fotballår, eg gler meg allereie til Førjulsturneringa i desember!

Heilt til slutt eit herleg bilde av Alnes-besta og Alnes-besten.

Eit skikkeleg blinkskudd, om eg må få seie det sjølv :)

24 januar 2008

Sølvsmeden

(Måtte berre stjele ei veldig bra forteljing frå Ingrid sin blog, etter tips frå Kay Amund.)

"Tre eldre damer pleide å treffes hver torsdag for å lese i Bibelen sammen. En torsdag var de kommet til Malaki i det gamle testamentet.

” Han skal sitte og smelte og rense sølvet” leste en av damene høyt fra Malaki 3,3

På vei hjem fra Bibeltreffet ble dette bibelverset sittende igjen hos en av damene.
”Hvorfor står det at Gud er som sølvsmed som sitter ned mens han arbeider med å rense oss?” grublet hun på.

Hun klarte ikke å slutte å gruble på dette, så da hun kom hjem fant hun fram til en sølvsmed i telefonkatalogen, ringte til ham og spurte om hun komme innom på studiebesøk en dag. Sølvsmeden ble en smule overrasket, men sa at hun var hjertelig velkommen til å stikke innom.

Som sagt, så gjort, noen dager senere gikk den lille damen ned til sølvsmeden.

”Si meg, kan du fortelle noe om hvordan du arbeider med sølvet?”

Det gjorde smeden gjerne, og han fortalte grundig hvordan hele prosessen gikk for seg.

”Men si meg”, sa hun da han hadde avsluttet beskrivelsen sin, ”stemmer det at du sitter ned mens renselsesprosessen foregår?”

”Å ja!” svarte smeden. ”Jeg må sitte med blikket festet på smelteovenen. Hvis prosessen fortsetter bare littegrann lenger enn nødvendig, blir sølvet skadet.”

Den lille damen ble helt varm i hjertet da hun hørte smedens ord. Tenk at Gud gjør det samme med oss! Han holder blikket festet på oss mens vi går igjennom en prøvelse, slik at vi ikke prøves mer enn vi klarer.

Hun takket for at hun hadde fått komme på besøk, og for at smeden hadde tatt seg tid til å fortelle så mye om arbeidet sitt for henne.

Men akkuart idet hun skulle til å forlate smia, ropte smeden etter henne.

”Forresten, det var noe jeg glemte å fortelle. Jeg vet at renselseprosessen er ferdig når jeg ser mitt eget speilbilde i sølvet.”

23 januar 2008

5-1!

"And they haven't just beat them - they've badgered them!"

VG: Tottenham tok helt av

Dagbladet: Spurs slaktet Arsenal-spøkelset

Nettavisen: Tottenham til cupfinalen

Vi feirar med ein retro-video: Cupfinalesangen frå 1980/81 med "Chas & Dave". Jada, det er berre ligacupen denne gongen, men vi knuste Arsenal 5-1! :D

18 januar 2008

Tilbake på lufta

I dag, fredag 18. januar 2008, er eg endeleg tilbake på lufta etter litt ufrivillig lang juleferie. Kvar fredag 15-16 er det Ung Time på Radio Sentrum sine frekvensar (101.0 i ålesundsområdet i alle fall) og på Radio Sentrum sin nettradio. Om du ikkje får med deg sendinga då, er det reprise natt til søndag 03-04!

I denne sendinga får du mellom anna nokre smakebitar frå to veldig bra plater. Steven Curtis Chapman - This Moment kom ut i november, er Chapman sin første CD på tre år og er rett og slett gitarbasert lovsang som er lett å synge med på. Gode tekstar og mange bibelhenvisningar, slikt likar vi.

Kirk Franklin - The Fight Of My Life er den mest utypiske Kirk Franklin-plata eg har sett til no, med omtrent alle musikksjangrar innblanda i Kirk sin contemporary gospel-stil. Spesielt spor 9, med Tobymac som gjestesongar, er vanvittig kul! Lovsangsrock-gospel-rap eller noko slikt? Absolutt verdt ein hundrelapp eller to!

Denne helga skal eg mellom anna spele piano på barnemøte på Godøya og vere tekniker på ein Bjarte Leithaug-konsert. Og om berre ei veke er det TREFF ET TRE på Orreneset/Strandafjellet. Skileir for deg som er 16+, med sjølvaste Thore Søvik frå SUM som talar. Bra leir, bra skiforhold, bra leir! Klikk deg inn på Ung Misjon dått enno og meld deg på :)

13 januar 2008

Grattis!

Då har det utrulege skjedd - den pittelille lillesøstra mi, attpåklatten vår, Tekken-entusiasten og Spar-butikkdama (som faktisk nesten ikkje lenger er fjortis) har blitt 18 år!

Grattis med dagen, Margrethe. Og lykke til med køyretimane framover...*gulp*

Eg skal ikkje ta med pinlege historier om bæsjing i badekaret og slikt, men heller oppsummere litt av dei store tinga som har hendt 13. januar opp gjennom åra:

- 1777: Elisa Bonaparte, Napoleon si søster, vert fødd.
- 1930: Den første Mikke Mus-stripa kjem på trykk.
- 1957: Firmaet Wham-O produserar den første frisbeen.
- 1977: Skodespelaren Orlando Bloom vert fødd.
- 1990: Margrethe Støbakk vert fødd på Ålesund sjukehus.
- 2008: Nils-Ove Støbakk skal på søndagsfotball i Godøyhallen.