29 april 2008

Full fart

For første gong sidan 13. februar er det ikkje møteveke på Godøya denne veka. IUF-møteaksjonen 2008 vart avslutta med jubel og song og kaker og kjeks søndag 27. april. Rart, men samtidig stort å ha fått opplevd så mykje dei siste månadane. Gud er god!

Men det er nok å finne på likevel. Torsdag sluttar eg som tenåringsarbeidar, men fram til då er det full fart. Onsdag kveld er det nemleg duka for vårens store happening, natt til 1. mai-gospel på Blindheim bedehus!

Tysdag (i dag) har eg sendt pressemelding til Sunnmørsposten og laga til litt småtjafs som skal rulle på storskjermen. Seinare i dag skal eg kopiere opp notar (vi skal vere lovsongsteam, godt samkøyrde etter to mnd med "øving"...), flytte Respons sitt anlegg heilt frå Emblem til Blindheim og ete middag saman med IUF-styret, lovsongsteamet og Tor Ingvald.

Onsdag skal Sunnmørskirka sitt anlegg flyttast frå Ålesund bedehus til Blindheim og diverse ting ordnast, før sjølve gospelnighten startar 20.00. Godøy Ungdomskor, Respons, Nytt Lys og småkonsertar i kjellaren. Konge! :)

Torsdag er eg arbeidsledig på papiret, men skal ikkje berre sløve likevel. Ungdomskoret skal synge på samtalegudsteneste og eg skal sørgje for at lyden blir sann passe åkei. Og - ikkje minst - så skal eg i bursdagsselskap til Kay Amund, som straks er 26 år!

Fredag skal eg berre lage litt radio (Ung Time, kvar fredag 15-16 på radiosentrum.no og FM101.0) og sjå Brattvåg-Godøy i Brattvågen. Og så blir det ungdomskveld på Godøy bedehus laurdag kveld.

Ha ei flott veke, snakkast både her og der! :)

24 april 2008

Superkjendis



Av ein eller annan grunn liker eg veldig godt denne reklamefilmen for Ungdomscampen...

Sjølv skal eg jobbe i heile sommar, men eg vil på det aller varmaste anbefale ein tur til Lyngdal! :)

19 april 2008

Hochwertiges tischtennistisch

Torsdag kom endeleg det nye bordtennisbordet til bedehuset, og fredag kveld tok vi ein aldri så liten dugnad og fekk montert det. Eg, Ørjan og Bård mekka i nokre timar og enda utruleg nok opp med eit flott bord som var aldeles herleg å spele på!

Hittil har det vore litt færre folk på møta denne veka enn det vi etter kvart har blitt vande med. Men det blir spennande å sjå kva som skjer i helga, eg er i alle fall klar for KRIK, ungdomskveld (med bordtennisspeling, så klart!) og søndagsmøte. Så får tida vise om det vert møte også neste veke :)

Bilda frå den fantastiske bordtennisbord-mekkinga finn du her:
- for deg som har Facebook
- for deg som ikkje har Facebook

07 april 2008

Grattis!

Då har det skjedd, det som i alle fall ikkje eg skulle tru at nokon skulle kunne tru...den "pittelille" lillesøstra mi har fått lappen!

Gratulerer så mykje, Margrethe. Køyr forsiktig...

Elles så er det IKKJE møteveke på Godøya denne veka. Vi tar "time-out" ei veke, så startar vi på igjen onsdag 17. april :)

02 april 2008

Igjen og igjen og igjen og igjen...

Som Rudi Myntevik syng det så bra: "Igjen og igjen og igjen og igjen kan vi synge: Du er trofast, du er god!"

I dag, onsdag 2. april 2008, startar vi på den åttande møteveka på rad på Godøya! Nye har tatt imot Jesus kvar veke og endå fleire har vorte fornya og tatt nye steg med Sjefen sjøl.

Denne veka er det møte onsdag-søndag, meir informasjon og bilde frå laurdag finn du sjølvsagt på heimesida til Godøy og Alnes IUF :)

Måndag kveld var vi rundt på øya med flygeblad etter korøvinga, eg var så heldig å få sjølvaste Tore Hole Oksnes med meg som løpegutt. Valderøyingen i koret gjorde ein veldig god jobb. Bra, Tore!

Laurdag tok eg forresten mitt livs første "dragning", då eg bøtta inn mål under møteveke-KRIK i Godøyhallen. Spennande å sjå om eg klarer å halde på formtoppen heilt til Førjulsturneringa i desember...