02 april 2008

Igjen og igjen og igjen og igjen...

Som Rudi Myntevik syng det så bra: "Igjen og igjen og igjen og igjen kan vi synge: Du er trofast, du er god!"

I dag, onsdag 2. april 2008, startar vi på den åttande møteveka på rad på Godøya! Nye har tatt imot Jesus kvar veke og endå fleire har vorte fornya og tatt nye steg med Sjefen sjøl.

Denne veka er det møte onsdag-søndag, meir informasjon og bilde frå laurdag finn du sjølvsagt på heimesida til Godøy og Alnes IUF :)

Måndag kveld var vi rundt på øya med flygeblad etter korøvinga, eg var så heldig å få sjølvaste Tore Hole Oksnes med meg som løpegutt. Valderøyingen i koret gjorde ein veldig god jobb. Bra, Tore!

Laurdag tok eg forresten mitt livs første "dragning", då eg bøtta inn mål under møteveke-KRIK i Godøyhallen. Spennande å sjå om eg klarer å halde på formtoppen heilt til Førjulsturneringa i desember...

2 kommentarer:

theoddway sa...

lykke til me å klare å holde formtoppen! ;) men viss du held formtoppen e det vel ikkje lenger en formtopp, men berre genrelt go form?!? :P

Ruben Elias Austnes sa...

E ikkje det postkassa vår som e avbilda:D Konge;)